VOSS: Skuledagen er over. På veg heim stikk 11-åringen innom mor som arbeider på Kulturhuset. Vårt Land møter dei ved Vangsvatnet.
Sjetteklassingen Sara Slettemark slengjer sekken frå seg på steinbordet. Ho er sikker i sak:
– Eg ønskjer å få velje kva skule eg vil gå på, akkurat slik søskenbarna mine kan.
– Kvar bur dei?
– I Bergen og i Ålesund.
– Kva skule vil du gå på?
– Den kristne friskulen som kjem her på Voss.
Borgarlege mot raudgrøne
Vårt Land har reist til Voss for å sjå nærare på Vestlands-kommunens årelange skulestrid som i haust pregar kommunevalkampen. Lesarinnlegga i lokalavisa Hordaland har høg temperatur.
Striden har rast på nasjonalt nivå i tiår: Skal Norge ha privatskular – eller friskular? Kva slags? Kor mange? Borgarlege regjeringar har vida ut. Raudgrøne har stramma inn, seinast i vår.
Eitt er sikkert: Danielsen ungdomsskole Voss skal få etablere seg i bygda.
Eitt er usikkert: Når kan elevane setje seg i klasseromma?
Men ei sak er ordføraren, opposisjonsleiaren og friskuleforkjemparen samde om: Skulestriden på Voss handlar om ideologi, heilt nede på lokalplanet i politikken.
Endeleg får lokalpolitikarane meir makt når det kjem privatskulesøknadar på bordet
— Hans-Erik Ringkjøb (Ap), ordførar Voss herad
Står mot kvarandre
– Det ligg i genane til Arbeidarpartiet å kjempa for fellesskapsskulen, der det er plass til alle, og på Voss har me ein god ungdomsskule, seier Arbeidarpartiets Hans-Erik Ringkjøb når Vårt Land møter han på ordførarkontoret.
– For oss i Høgre handlar dette om retten til å velje. Alle menneske er unike, men same løysing høver ikkje for alle. Friskulen er difor eit godt supplement, seier partiets ordførarkandidat på Voss, Iril Schau Johansen.
– Me ønskjer ein kristen friskule, ein skule som er tufta på det beste verdigrunnlaget. Ein friskule på Voss kan vere med å løfte av presset på den store, offentlege skulen. Skulane kan spele kvarandre betre og dra nytte av kvarandre, seier Kariann Slettemark.
Sidan 2017 har ho arbeidd for å få ein ungdomsskule til på Voss.
Har avvist søknaden, er blitt overprøvd
- To gonger har det kristne skuleselskapet Danielsen-skolene søkt om å etablere ein privatskule på Voss.
- To gonger har Voss heradsstyre sagt nei til skulen – (herad er det same som kommune).
- To gonger har Utdanningsdirektoratet overprøvd kommunen, og innvilga skulesøknaden. Ein godkjent søknad varer i tre år.
Oppstarten av Danielsen ungdomsskole Voss er utsett gong på gong fordi Danielsen-skolene ikkje finn høvelege undervisningslokale i bygda.
Medan friskuleforkjemparane har leita etter husrom på Voss som kan romme ein ungdomsskule med inntil 90 elevar fordelte på tre klassetrinn, har Støre-regjeringa endra lovverket.
Fekk ikkje veto, men «vesentleg vekt på»
I mai sa Stortinget ja til å stramme inn loven, som i fjor skifta namn frå friskuleloven til privatskuleloven.
Kampen om skuleslaget står om namn på loven og namn på skular. Det skal vere friskular og friskuleloven, seier dei borgarlege. Slett ikkje, seier dei raudgrøne partia. No heiter det privatskuleloven og den offisielle termen er privatskular.
1. august trødde den innskjerpa privatskuleloven i kraft. Kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) har eit tydeleg uttrykt mål: Færre elevar skal gå på ein privatskule.
Eigentleg vil Arbeidarpartiet at vertskommunar skal ha veto når det kjem ein privatskulesøknad, men Senterpartiet sa nei. Kompromisset blei denne setninga i den reviderte loven:
«Departementet skal leggje vesentleg vekt på fråsegna til vertskommunen.»
Dette tyder at dersom kommunen seier nei, skal det mykje til for Utdanningsdirektoratet – og ved klager Kunnskapsdepartementet – å likevel godkjenne søknaden om å få etablere ein privatskule i kommunen.
Kan bli ein tredje søknad
På Voss kan lovinnstramminga få konsekvensar. Finn ikkje Danielsen ungdomsskole Voss høvelege lokale, som blir godkjende for skulebruk slik at ein kan starte opp skulen innan hausten 2025, må Danielsen-skolene sende ny søknad.
Som skal bli behandla etter ny lov.
– Skjer det, og Voss heradsstyre på nytt seier nei, ja, då trur eg direktoratet vil følgje opp det lokale vedtaket, seier ordførar Hans-Erik Ringkjøb.
Smilande helsar han kunnskapsminister og partikollega Tonje Brenna:
– Endeleg får lokalpolitikarane meir makt når det kjem privatskulesøknadar på bordet. No får me vere med å bestemme.
– Framleis skal det vere mogleg å få etablert privatskular, kvar skal desse liggje, om ikkje i Ap-styrte-kommunar?
– Dei partia som ønskjer privatskular må nok ta eit ansvar her, meiner Ringkjøb.
Tal frå Utdanningsdirektoratet viser at 38 private grunn- og vidaregåande skular har fått ja til å starte opp dei siste fem åra, sjølv om vertskommunen eller vertsfylket sa nei.
---
Kristne skular
- Vårt Land har kartlagt utviklinga av kristne skular frå 1997 og fram til stortingsvalet i 2021. Tala viser både grunnskular og vidaregåande skular. Alle som har fått positive svar, har ikkje starta opp:
- Bondevik-regjeringa 1997-2000: 11 skular
- Stoltenberg-regjeringa 2000-2001: 4 skular.
- Bondevik-regjeringa 2001-2005: 27 skular.
- Stoltenberg-regjeringa 2005-2013: 21 skular.
- Solberg-regjeringa 2013-2021: 49 skular.
---
Foreldre laga ressursgruppe
På Voss starta det i 2017, med eit informasjonsark. «Friskule Voss» lyder overskrifta. Alle husstandar fekk eitt i postkassa.
– Me var nokre foreldre som fann saman i ei ressursgruppe, me såg at ikkje alle fann seg til rette på ungdomsskulen. Difor sjekka me interessa for ein friskule, fortel Kariann Slettemark.
På rasteplassbordet ved Vangsvatnet blir arket henta fram frå arkivet. Familiar med 80 potensielle elevar svarte positivt på invitasjonen. Ressursgruppa kontakta Danielsen-skolene, som held sete i Bergen. Det kristne skuleselskapet driv åtte friskular i Vestland og Rogaland.
[ Barn blir svikta – får ikkje det dei treng av Nav ]
Fekk ikkje dispensasjon
I 2020 og 2023 gav Utdanningsdirektoratet Danielsen-skolene løyve til å drive ungdomsskule på Voss.
– Me hadde eit svært tenleg bygg på hand, ein nedlagt vidaregåande skule, fortel Slettemark.
Fordi han låg i eit industriområde, blei han driven på dispensasjon, fortel lokalavisa Hordaland. Men kommuneadministrasjonen ville ikkje gi ny dispensasjon.
– Ordførar Ringkjøb, når Voss ikkje vann fram med privatskuleloven, brukte de plan- og bygningsloven for å stoppe ungdomsskulen?
På ordførarkontoret blir det stille nokre sekund.
– Nei, lyder så svaret.
– Det kom aldri nokon dispensasjonssøknad til politisk behandling. Saka blei avgjort i administrasjonen.
Sa nei, nei, nei
I Voss herad har sektororgan, rådmannen og fleirtalet i heradsstyret sagt det same: Nei.
For: Dersom Danielsen ungdomsskole Voss blir ein røyndom, vil kommunen tape kring ni millionar kroner i statlege overføringar som kjem til skulebruk. 90 elevar utgjer om lag 16 prosent av samla tal ungdomsskuleelevar i heradet.
Utdanningsdirektoratet konkluderte i vinter med at Voss vil takle 90 elevar på ein privatskule: «Vi vurderer at de strukturmessige endringene kommunen må gjøre, ikke er så omfattende at det utgjør negative konsekvenser som tilsier at godkjenning ikke bør gis.»
FN-konvensjonen om økonomiske, sosiale og kulturelle rettar peikar spesifikt på retten til å velje alternative skular til den offentlege, grunna trusfridomen
— Kariann Slettemark, friskuleforkjempar
Trur på lovendring i 2025
Iril Schau Johansen er heilt samd. Høgre-kvinna som i haust utfordrar ordførarmakta på Voss, altså Ap og Sp, peikar på at nettotapet til kommunen blir langt lågare enn ni millionar kroner.
– Færre elevar ved Voss ungdomsskule tyder at ikkje berre at inntektene, men og kostnadane, blir flytta vekk derifrå.
Ho dreg fram konkrete innsparingar: Skulen treng ikkje leige brakker når det ikkje er nok klasserom, og kommunen må ikkje seie opp lærarar om det kjem ein skule til, for 34 av lærarane i kommunen kjem til å nå pensjonsalder i løpet av dei neste fem åra.
Schau Johansen er også sikker i ei anna sak:
– Når Høgre får regjeringsmakt igjen, i 2025, ja, så blir loven endra. Det vil bli enklare å etablere friskular.
[ Militæret kuppa makta i Niger. Norske soldatar har lært opp den nigerske hæren ]
Brukar FN-konvensjon
Kariann Slettemark pakkar vekk «friskulearkivet» på benken ved Vangsvatnet; plastmapper med dokument frå arbeidet med å få realisert friskulen. Ho stør seg på eit globalt dokument:
– FN-konvensjonen om økonomiske, sosiale og kulturelle rettar peikar spesifikt på retten til å velje alternative skular til den offentlege, grunna trusfridomen. Denne menneskeretten gjeld også på Voss.