Jens Stoltenberg om den raude tråden frå Utøya til Ukraina

– No er det i gong, høyrde Jens Stoltenberg i telefonen.

Flya flaug, panservognene rulla og soldatane marsjerte. Klokka var litt over 04.00 den 24. februar i fjor.

NATO-sjefen vakna av at stabssjefen ringde. På tråden sa den nære Nato-medarbeidaren Stian Jenssen at Vladimir Putin på russisk TV hadde erklært krig mot Ukraina.

– Eg kjende på sorg. Fordi det ville innebere tap av veldig mange menneskeliv, og fordi det var den absolutte og endelege slutten på den verda vi hadde håpa på og jobba hardt for å bevare, seier Jens Stoltenberg då Vårt Land møter han på 12-årsdagen for 22. juli.

Jens Stoltenberg

Frå Utøya til Kyiv

Vi følgjer han gjennom den alvorstunge dagen for å finne den raude tråden frå 22. juli til krigen i Ukraina.

Jens Stoltenberg er det næraste vi nordmenn kjem ein verdsleiar. I nyare norsk historie er det vanskeleg å tenkje seg ein viktigare figur enn Jens Stoltenberg. Han har blitt hylla sjølv av sine argaste politiske motstandarar. No er han ein av verdas mektigaste menneske, frå kontoret i Brussel.

Eg håpar at alle som er ansvarlege for den grufulle krigen og brotsverka i Ukraina, blir haldne ansvarlege i ein rettssal.

—  Jens Stoltenberg, generalsekretær i Nato

Men kva verdiar har prega han gjennom dei store krisene, frå Utøya til Kyiv?

Dagen før Putin erklærte krig mot nabolandet, hadde Stoltenberg avlyst ei reise til Haag. Russarane var berre timar unna å gå til åtak, sat klare i panservognene og transporterte blodposar fram til styrkane.

Blodposar – visste Stoltenberg – er ikkje noko ein skaffar seg for å øve. Han vurderte om han ville rekke å sove i det heile. Det var uansett ikkje vits å sitte oppe og vente på den forferdelege meldinga. Heilt fram til det siste hadde Stoltenberg og medarbeidarane jobba for å hindre krig.

Jens Stoltenberg

Tryggleikspolitisk frikvarter

– Eg hadde levd heile mitt vaksne liv i eit tryggleikspolitisk frikvarter. Den siste rest av håpet om eit tillitsfullt forhold til Russland forsvann, seier Stoltenberg.

For Stoltenberg var augneblinken klokka fire om natta 24. februar i fjor, veldig annleis enn den lange julifredagen i Oslo kring ti og eit halvt år tidlegare. Den gongen sat han på heimekontoret i statsministerbustaden og førebudde talen han skulle halde på Utøya dagen etter. Han ville snakke om den alvorlege økonomiske situasjonen i Europa, og den høge arbeidsløysa blant ungdommar i våre naboland.

Han var endå uvitande om at han eit døgn seinare skulle komme med sine mest berømte setningar: Vårt svar er meir demokrati, meir openheit og meir humanitet. Men aldri naivitet.

22. juli kom nærare enn Ukraina-krigen

22. juli trefte tettare på kroppen enn Ukraina-krigen, sjølv om Stoltenberg i tida som Nato-generalsekretær har besøkt landet mange gonger og hatt eit utal møter med landets president Volodymyr Zelenskyj.

– Det er likevel eit stykke frå Brussel til Kyiv, seier Stoltenberg og tenkjer tilbake til den varme dagen i Oslo 12 år tidlegare.

Den gongen var det eit åtak på han sjølv, på kontoret hans, på medarbeidarane, på partiet og ungdomspartiet han hadde brukt livet sitt på. Fleire av dei som stod han nær, såg han aldri att. Terroristen tok dei.

Stoltenberg hugsar korleis livvaktene frå PST ville ha han med ned i eit sikkert rom, der inne i statsministerbustaden. Han protesterte og sa at «nei, nei, nei, eg må jo vere her på kontoret mitt».

Han ville vere der, samle regjeringa og jobbe med krisehandteringa. PST-folka gav klar beskjed om at det ikkje vart aktuelt, fordi erfaring frå liknande åtak sa det ville komme fleire bølgjer. Då terroristen først prøvde å ta kontoret i Regjeringskvartalet, var det sannsynleg at bustaden var neste mål. Seinare skulle Stoltenberg og alle andre forstå kva som eigentleg var mål nummer to.

Sundvollen 20110723.

Menneske som drep for å vinne

– Det er menneskeliv som står på spel. Den gongen i 2011 lærte eg at død, drap og vald diverre er ein del av vår verkelegheit. Det finst vonde krefter der ute, som har manglande respekt for menneskeliv. Det går ei linje frå 22. juli til krigen i Ukraina, der vi har sett overgrep, krigsbrotsverk, valdtekter og øydeleggingar.

Sjølv om det som skjedde på Utøya og i Ukraina handlar om forskjellige ting, meiner Stoltenberg begge delar grunnleggjande sett handlar om trua på å bruke vald for å nå politiske mål.

– Begge handlar om menneske som drep for å vinne. Det er forskjell på krig og terror, men for dei enkeltmenneska som blir drepne, valdtekne, mishandla, torturert så er dei juridiske rammene og definisjonane ikkje avgjerande. Det avgjerande er vondskapen dei opplever.

Denne julidagen 12 år seinare har Jens Stoltenberg nettopp vore i Oslo Domkirke på minnegudsteneste for terrorofra. Natos generalsekretær har inga offisiell rolle under merkedagen, men skal likevel bli med til Utøya og minnesamlinga etterpå – slik han har vore kvart år sidan 2011, på øya han har besøkt kvar sommar sidan 1974. Det han opplevde for 12 år sidan har merka han for alltid.

Jens Stoltenberg

Svart og kvitt, rett og gale

Stoltenberg er kjend som ein pragmatikar. Han trur på balanse, på kompromissets kraft og at det løner seg å forstå motparten. Men det finst grenser.

– Veldig ofte er ting nyansert, fullt av gråtonar og vanskeleg å sei kva som er rett og gale. Nokre gonger er det enkelt. Det var enkelt å sei 22. juli 2011, 24. februar 2022 og 9. april 1940. Nokre gonger er det svart på kvitt, vondt mot godt eller rett og gale. Då er det ikkje lenger tid for kompromiss.

Under dei to krevjande hendingane har Stoltenberg sett tydeleg at det finst ei grense for kompromisset og kor lenge du skal vise forståing.

– Nokre gonger blir det kamp. Du må sette opp ei absolutt grense og stå for det.

Håpar på rettsoppgjer etter Ukraina-krigen

I tida etter 22. juli vart rettsoppgjeret avgjerande for å gjenopprette ei forståing av rettferd, normalitet og orden. Stoltenberg trur på at det kan ha ein liknande effekt for tida etter Ukraina-krigen, når den ein gong kjem.

– Eg håpar intenst det blir eit ordentleg rettsoppgjer.

Han held fram korleis eit rettsoppgjer er meir komplisert etter ein krig mellom to land enn etter ei terrorhandling i eit land. Stoltenberg meiner det er desto viktigare at vi prøver. Det er derfor den internasjonale straffedomstolen har opna sak mot Putin og andre ansvarlege russiske leiarar.

Det er derfor Nato støttar ukrainarane i å samle dokumentasjon på krigsbrotsverk og overgrep.

– Så har det skjedd oftare enn mange trur at ein har fått rettsoppgjer etter opprivande konfliktar, seier Stoltenberg.

Vi såg det etter krigane på Balkan på 90-talet og etter folkemordet i Rwanda, til dømes.

– Trur du Vladimir Putin vil bli stilt for krigsforbrytardomstolen?

– Eg vil ikkje spekulere i sannsynet, men han er jo tiltalt.

– Håpar du det skjer?

– Eg håpar at alle som er ansvarlege for den grufulle krigen og brotsverka i Ukraina, blir haldne ansvarlege i ein rettssal.

Fellesskapstanken – frå AUF til Nato

Det er ikkje alle som ser ein like tydeleg raud tråd i Jens Stoltenbergs politiske engasjement frå idealistisk ungdomspolitikar i AUF, til statsminister og seinare generalsekretær i Nato. Sjølv insisterer han på at han er den same, og at kjernen i hans politiske engasjement også er intakt. Sjølv om kontoret no ligg i Brussel og ikkje på Stortinget eller i Regjeringskvartalet, meiner han rammene er like:

– Eg trur vi løyser oppgåver best i fellesskap. Det er kjernen i sosialdemokratiet. Det er at vi står sterkare saman enn åleine. Grunnleggjande sett er det også bodskapen i Nato. Heile ideen om at vi er tryggare viss vi står saman.

Det er sterkt å tenke på at dei som var her ute 22. juli var på den tryggaste staden dei kunne tenke seg.

—  Jens Stoltenberg på Utøya

Stoltenberg blir engasjert av å snakke om felles løysingar på felles oppgåver, slik han som norsk statsminister vart engasjert av å snakke om trygg økonomisk styring og handlingsregelen. No er det likevel kampen mot dei autoritære kreftene i verda som engasjerer mest.

Verda treng fleire konfliktsky menneske

No leier han 31 medlemsland som rommar 1 milliard menneske og halvparten av verdas nasjonalprodukt. Eit heilt spesielt trekk ved hans personlegdom kjem særleg godt til nytte i jobben med å skape fred i Europa og halde Nato samla.

– Eg lærte mykje av Thorvald, far min, som var veldig tilhengar av å finne det eine kompromisset for å få til ei løysing – men også for å hindre krig og konflikt. Som statsminister og partileiar var det mange som skulda meg for å vere konfliktsky.

Jens Stoltenberg

Så konfliktsky var den yngre Stoltenberg at den eldre etter kvart byrja å ha fleire talepunkt klare om at verda eigentleg hadde for få konfliktsky menneske. Det store problemet i verda er at den har for mange menneske som søkjer konflikt, meinte Thorvald Stoltenberg. Derfor vart det så mykje krig og ufred.

Eg er generelt skeptisk til menneske som er skråsikre og og som er absolutt i sin tilnærming, fordi at dei blir lett ekstremistar.

—  Jens Stoltenberg, generalsekretær i Nato

– Det tok litt tid før eg forstod at det han eigentleg snakka om, var eit forsvar for sonen sin.

Jens Stoltenberg høyrde faren fleire gonger snakke på radio og TV om verdien av å vere konfliktsky.

– Kvifor seier eg dette? spør Stoltenberg oss, som etter å ha fortald om farens forsvar for konfliktsky menneske har gløymd kva spørsmål han svara på.

Spørsmålet var kven det har vore vanskelegast å handtere av Senterpartiet i regjering eller Recep Tayyip Erdogan som leiar av Nato-landet Tyrkia.

Vilnius, Litauen  20230712.

Ingen plan om å komme tilbake

Stoltenberg held fast på at eigenskapen å vere litt konfliktsky er like viktig enten du skal få ei trepartiregjering til å fungere saman, eller du skal få ein forsvarsallianse til å henge saman.

– Det handlar om å lytte til mange og forstå at fleire enn deg kan ha rett, og ikkje vere for sta. Likevel må du vite kva du vil. Eg er generelt skeptisk til menneske som er skråsikre og som er absolutt i sin tilnærming. Dei blir lett ekstremistar.

– Utelukkar du å komme tilbake til norsk politikk?

– Eg har ingen planar om det.

– Men du utelukkar det ikkje?

– Eg har verkeleg ingen planar om det. Eg er sosialdemokrat. Eg kjem nok til å gå på nokre lokallagsmøte.

Jens Stoltenberg

Ungdomsparadis som helvete på jord

På Utøya vert minnetalene haldne på 12. året.

Den grøne bakken, dei raud- og kvitmåla bygningane og idyllen midt i Tyrifjorden verkar langt unna vondskapen Stoltenberg må ta stilling til i Ukraina. I ein av pausane spør vi han kva minner som kjem til han, når han går rundt der ute. Sosialdemokraten, generalsekretæren og 64-åringen vert blank i augo.

– Det er jo så veldig blanda kjensler, for det er mitt ungdomsparadis som vart helvete på jord. Dei blanda kjenslene kjem alltid til å vere her.

Jens Stoltenberg

Sjølv om sorga ligg tung over øya, kan ein sjå glimt av glede i blikket også.

Stoltenberg vert minna om alle dei fantastiske opplevingane han hadde der ute. Alle folka han trefte. Fotballkampane, konsertane og dei tallause og intense diskusjonane. Det er samanveva med død og liding.

Kvar gong han kjem på båten ut til øya kjenner han at resten av verda forsvinn, og at avstanden til Ukraina og Brussel vert større. Slik har det vore sidan han besøkte Utøya for første gong i 1974.

– Det er sterkt å tenkje på at dei som var her ute 22. juli var på den tryggaste staden dei kunne tenkje seg.

---

Jens Stoltenberg

  • Tidlegare statsminister i Norge frå 2000 – 2001 og 2005 til 2013.
  • Generalsekretær i Nato
  • 64 år gammal

---