– Orbán er ein korrupt diktator

Dei er heimlause, romfolk, innvandrarar, homofile, journalistar og demokratiforkjemparar. Og dei er peika ut som fiendane av Ungarns sterke mann. Den tidlegare borgarmeisteren i Budapest vurderer å forlate landet viss Orbán vinn valet søndag.

Reportasje

Han er rådlaus og heimlaus, men mot den ungarske statsministeren Viktor Orbán er den skrantande stemma framleis nådelaus.

– Viktor Orbán er ein forrædar. Eg skal stemme mot det korrupte regimet hans. Partiet hans er berre ein mafiagjeng, ropar nesten den eldre mannen Jászó, som av frykt for represaliar ikkje vil ha etternamnet sitt i avisa.

Dei djupe furene i ansiktet ber preg av eit langt liv på gata. Vårt Land møter han utanfor i ein gammal bygard i den mest mangfaldige bydelen av Budapest, nær Magdolna-kvarteret, i byens åttande distrikt.

Budapest, Ungarn. Ungarn går til valg. 2022.

Eit mangfaldig fiendebilete

På gata står dei heimlause og ventar på ei seng innanfor jernporten som vert opna kvart kvarter. Bak dørene får dei varme og omsorg frå den veldedige organisasjonen som er driven av den ungarske metodistleiaren Gábor Iványi.

Institusjonen, som òg er ein skule for elevar på vidaregåande, rommar langt meir. Her flokkar dei mest sårbare i det ungarske samfunnet seg. Rett ved skulen har organisasjonen bygd ein overnattingsstad for heimlause, eit lite sjukehus for dei som ikkje vert tekne hand om det offentlege helsevesenet, ein sovesal for ukrainske kvinner med born og ein matsal.

Her møter vi dei som i tale etter tale, og valkamp etter valkamp, har blitt peika ut som fiendane til Viktor Orbán. Han som har gjort ei politisk karriere på å mane til kamp mot Brussel, migrantar og islam – for å «beskytte det kristne Europa».

Her i hjartet av Budapest, stiller ein kristen organisasjon opp for dei som ikkje passar inn i Orbáns glansbilete av Ungarn.

---

Fakta: Parlamentsval i Ungarn

  • Søndag 3. april går Ungarn til val. Sist val vart halde i 2018.
  • Viktor Orbán og partiet Fidesz har styrt Ungarn med stort fleirtal sidan 2010.
  • Landet får sterk kritikk internasjonalt for det stadig meir autoritære styret til Orbán.

---

Budapest, Ungarn. Ungarn går til valg. 2022.

Forbod mot å vere heimlaus

Fleire enn migrantar, Brussel og islam har stått på fiendelista til det populistiske, nasjonalkonservative regjeringspartiet Fidesz dei siste åra. Også heimlause som Jászó har fått gjennomgå. I 2018 gjorde regimet til Viktor Orbán det faktisk forbode å vere heimlaus i Ungarn.

– Eg likar ikkje partiet som styrer no. Dei elskar pengane dei får frå EU, så eg vil stemme på forandring, seier sosialarbeidaren som møter oss. Ho er i slutten av trettiåra, og vil heller ikkje sei namnet sitt, av frykt for Orbán og partiet som styrer.

Putin behandlar Orbán som eit barn. Kven vil bli alliert med Orbán viss han vinn?

—  Gábor Demszky, tidlegare borgarmeister i Budapest

Ho møter oss i det som vert kalla «Den overbygde gata» og «Den oppvarma gata», der sjukehuset til Iványi-institusjonen er sett opp i det som tidlegare var ei open bakgate mellom bygningane, men som no er tetta med tak og vegger. Rundt oss er det fylt opp med senger, helsearbeidarar, medisinsk utstyr – og fattige ungararar som av ulike grunnar har hamna på skråplanet.

Budapest, Ungarn. Ungarn går til valg. 2022.

Den tidlegare borgarmeisteren

– Eg kjenner alle her, ikkje fordi eg var borgarmeister, men fordi dei ser meg her heile tida, fortel Gábor Demszky.

Det er han som viser oss rundt i den vesle bygarden, mannen som styrte Budapest gjennom to tiår, frå det første valet etter kommunismens fall i 1990 til 2010. Saman med mellom andre Viktor Orbán kjempa han mot det kommunistiske diktaturet. Demszky er framleis folkekjær og populær blant folk i Budapest. Tida etter at han gjekk ut av politikken, har han vald å bruke på dei som fell utanfor.

– Eg prøver å hjelpe opposisjonen litt i valkampen, men eg er meir engasjert for dei som treng hjelp her, seier Gabór Demszky og slår ut hendene mot bygningane rundt seg.

Sjølv har han dei siste vekene reist til den ukrainske grensa fleire gonger for å hente med seg flyktningar i bilen tilbake til Budapest. Ute i bakgarden deltek han i innsamling av klede og andre ting flyktningane frå nabolandet treng.

Store søppelsekkar med klede står stabla opp langs veggen.

– Vi får inn meir enn vi klarar å handtere. Folk vil verkeleg hjelpe.

Budapest, Ungarn. Ungarn går til valg. 2022.

Minus 100 år

Demszky snakkar med alle han møter, og dei fleste vil snakke med han.

Plutseleg møter vi på ein mann med mørkare hudfarge som sit på trappa utanfor det vesle biblioteket.

– Eg er ein romfolksaktivist. Situasjonen for oss er minus 100 år, seier Attila Bangó, som med det meiner situasjonen for romfolk i Ungarn var betre på 1920-talet.

Bangó, som sjølv er rom, er kjend blant byens borgarar som «Indianaren». Det skuldast aktivismen der han stod på for å redde den eldste og største parken i Budapest, Városliget-parken, frå utbygging. Han og fleire andre sette opp ein leir, som dei nekta å forlate. Han budde i parken i fire år, eller «1272 dagar» som han sjølv talde. Orbán-regjeringa tvang likevel gjennom byggeprosjektet.

Etter krigen i Ukraina har Orbán plutseleg blitt veldig opptatt av fred. Mot flyktningar, homofile, asylsøkarar, heimlause og romfolk har retorikken vore mykje hardare. Dei har vore fiendane, som om han var i ein slags krig, med Putin er det visst berre fred som gjeld

—  András Kádár, leiar i Den ungarske Helsingforskomiteen

Orbán har fleire gonger – i TV-sende taler til folket – omtalt romfolk som «arbeidssky», og borna deira som «valdelege, uregjerlege og ikkje moglege å utdanne».

Vi går inn i biblioteket, der bibliotekaren viser seg å vere ein metodistisk prest. Fleire av bøkene lånar dei ut til dei heimlause og fattige som frekventerer bygarden.

– Eg skal faktisk vere med å telje stemmer. Det er ein sjanse for at opposisjonen vinn, men valkampen er forferdeleg, og Orbán-regjeringa snakkar om folk på ein måte som er heilt uverdig, seier Eva Orbán, med låg røyst inne i det vesle biblioteket.

Budapest, Ungarn. Ungarn går til valg. 2022.

På lag med Putin?

Sjølv om statsministeren med same etternamn som henne har brukt mykje taletid på å hamre laus mot utsette grupper i samfunnet for å skaffe seg oppslutnad, trur ho at Orbán-veljarane er forvirra før valet på søndag. Grunnen er krigen i nabolandet Ukraina.

– Er han på lag med EU eller Putin? Ingen veit.

Krigen har sett Putin-venen Viktor Orbán i ein skvis. Ungarn er medlem av både Nato og EU. Der Orbán har gjort det til sitt kjennemerke å bruke krigsretorikk mot utsette samfunnsgrupper i sitt eige land, som å snakke om «gatekampar» og «å kjempe på barrikadane», har han brukt langt mildare retorikk mot den russiske presidenten som har invadert nabolandet.

– Etter krigen i Ukraina har Orbán plutseleg blitt veldig opptatt av fred. Mot flyktningar, homofile, asylsøkarar, heimlause og romfolk har retorikken vore mykje hardare. Dei har vore fiendane, som om han var i ein slags krig, med Putin er det visst berre fred som gjeld.

Det seier den kjende menneskerettsaktivisten András Kádár, som er ein av leiarane for Den ungarske Helsingforskomiteen. På kontoret sitt, ikkje langt unna den mangfaldige bygarden til Iványi-stiftinga, ser han pessimistisk ned i bordplata.

Og akkurat relasjonen til Putin treng ikkje vere så negativ for Orbán framfor valet, som mange i vestlege land trur. Faktisk kan det spele positivt for Orbán å bli rekna av veljarane som Putins næraste ven på innsida av EU. Han har nekta å gje militærhjelp til Ukraina, og ikkje opna for at andre Nato-land kan transportere våpen over den ungarsk-ukrainske grensa. På veljarmøte har Orbán uttalt at «svaret på spørsmålet om kva side Ungarn er på, er at Ungarn er på Ungarns side».

Budapest, Ungarn. Ungarn går til valg. 2022.

Parodisk folkeavstemming

– Ein del veljarar vil kanskje tenke at Orbáns venskap med Putin vil «spare» Ungarn frå russisk aggresjon, fortel Kádar.

Regjeringspartiet Fidesz har òg tatt initiativ til at det samstundes med parlamentsvalet skal gjennomførast ei folkeavstemming, over fire spørsmål knytt til LHBT-rettar. Spørsmåla er formulert på ein måte som gjer at veljarane nesten må stemme nei. Til dømes: «Støttar du uavgrensa eksponering av seksuelt eksplisitt medieinnhald til born, som kan påverke deira utvikling?»

– Ikkje eingong eg ville svart ja på det spørsmålet, seier Támas Dombos i LHBT-organisasjonen Hatter.

Eg er meir patriotisk enn dei som hyller regimet mot betaling. Det er skuffande å bli angripen av regjeringa når vi driv journalistikk, som eigentleg er i offentlegheitas teneste. Vi kjenner oss deprimert og pressa opp i eit hjørne

—  Tamas Bodoky, redaktør for den uavhengige nettavisa Atlatszo

På grunn av folkeavstemminga har han og hans folk vore fiende nummer ein for Orbán. Bak han på kontoret heng regnbogeflagget på veggen. I fjor innførte regjeringa ei ny lov som forbyr homofile å snakke om legninga si i skulane og på TV-program som er retta mot ungararar under 18 år.

– Vi har ingen sjanse til å vinne folkeavstemminga, men vi reiser landet rundt og oppmodar folk til å stemme blankt, slik at avstemminga blir erklært ugyldig, fortel Dombos.

Budapest, Ungarn. Ungarn går til valg. 2022.

Pressa opp i eit hjørne

Redaktøren og journalisten Tamas Bodoky møter oss på det mørke kontoret sitt ein sein kveld, der han er i ferd med å ta seg ein røyk i den kalde, men vårlege lufta.

Han driv nettstaden Atlatszo som driv undersøkande journalistikk, der dei fokuserer på å avsløre korrupsjonen til regjeringa.

Dei siste åra har nettstaden stått bak fleire store avsløringar, mellom anna i korleis EU-midlar vert brukt til å finansiere forretningsfolk som igjen støttar Orbáns valkamp. Fleire i Ungarn snakkar om eit slags russisk oligark-system i miniatyr.

– Eg er meir patriotisk enn dei som hyller regimet mot betaling. Det er skuffande å bli angripen av regjeringa når vi driv journalistikk, som eigentleg er i offentlegheitas teneste. Vi kjenner oss deprimert og pressa opp i eit hjørne, seier han.

Trass innsatsen, er det ingen av dei større mediehusa i Ungarn som skriv om avsløringane Bodoky og andre uavhengige journalistar gjer. Dei fleste er styrt av folk som er lojale til Orbán. Bodoky kallar dei ikkje journalistar, men «PR-rådgjevarar og propagandistar».

– Han nyttar media til å øydelegge offentlegheita. Dei hjernevaskar folket.

Budapest, Ungarn. Ungarn går til valg. 2022.

– Trygg på at Orbán vinn

– Vi har godt håp om at Orbán vil vinne.

Vi besøker den Fidesz regjeringslojale tenketanken Center for Fundamental Rights. Mannen som snakkar heiter Péter Törcsi og er forskingsdirektør i tenketanken.

– Han har tatt inn opposisjonens forsprang dei siste vekene. Han leier ganske enkelt det mest populære partiet som har den beste infrastrukturen og organisasjonen, seier Törczsi.

Dei peikar på at Fidesz-partiet til Orbán har hatt stabil støtte frå meir enn 2 millionar ungarske veljarar dei siste femten åra, men at støtta no ligg på kring 2,5 millionar ungararar med stemmerett.

– Eg trur ikkje opposisjonen vinn med seks parti som skal jobbe saman. Det er for stor forskjell på dei. Det hjelper heller ikkje å sei at dei som stemmer på Fidesz er dumme, seier Törcsi.

Putins kjæledegge i EU

Tilbake i bygarden der Iványi-stiftinga held til, snakkar vi med den tidlegare borgarmeisteren Gábor Demszky om opposisjonens sjansar i valet på søndag. Han er blant dei som trur sjansane er betre enn mange fryktar.

– Putin behandlar Orbán som eit barn. Kven vil bli alliert med Orbán viss han vinn? Vi kan berre håpe at opposisjonen vinn, og at Orbán går inn i historiebøkene som ein forrædar av Ungarns vestlege allierte, seier Demszky.

Midt under intervjuet kjem ein av få afrikanske innvandrarar i Ungarn gåande forbi. I landet finst det knapt over 7000 menneske med afrikansk statsborgarskap. Dr. Tadesse Eyassu er leiar av den afrikanske diasporaen i landet, og helsar hjarteleg på Demszky.

Budapest, Ungarn. Ungarn går til valg. 2022.

Rasismen som florerer

– Eg har gjort alt for å bli ein ungarsk statsborgar, lært meg språket, kulturen og alt. Etterpå har eg angra på at eg kom hit, fordi dei som bur her tenker at eg uansett aldri blir ungarsk, seier Eyassu, som sjølv kjem frå Tigray-regionen i Etiopia.

Då Eyassu går, forklarar Demszky kvifor han meiner Ungarn er det mest rasistiske landet i Europa. Han trur svaret ligg heilt tilbake til då Ungarn måtte gje frå seg landområde etter 1. verdskrig, og at det hamna under Jernteppet etter 2. verdskrig.

– Ungarn vart eit land utan andre folkegrupper enn ungararar, der det berre vart snakka ungarsk. Under sosialismen var landet hermetisk lukka, som i eit fengsel. I tillegg har synet på romfolk prega rasismen i Ungarn. Det er ei skam, seier Demszky.

Han trur likevel på forandring, viss Orbán tapar valet. På turane til den ukrainske grensa for å hente flyktningar, har han likevel sett kor sterkt Fidesz-partiet står blant veljarane på landsbygda i aust. Partiet marknadsfører seg som forsvararen av nasjonalkonservative verdiar i Ungarn.

I dagane før valet ligg Fidesz på kring femti prosent oppslutning, medan den samla opposisjonen ligg kring fem prosentpoeng bak.

– Ingen av desse veljarane ønsker forandring. Denne delen av landet er heilt tapt.

Budapest, Ungarn. Ungarn går til valg. 2022.

Solidariteten for ukrainarane

Det som likevel gir Demszky optimisme, er at opposisjonen for første gong har samla seg i eit parlamentsval. Det kan også føre til at meiningsmålingane som tyder på siger for Orbán, ikkje klarar å fange opp den breie støtta for opposisjonen, hevdar han.

Den samla opposisjonen består av åtte parti og grupper frå ytste høgre flanke til sosialistane på venstresida. Saman driv dei valkamp for å «ta tilbake politikken» til Ungarn. Dei vil avslutte Orbáns autoritære styre, ved å få vald felleskandidaten Péter Márki-Zai til ny statsminister.

– Dei hadde ikkje noko anna alternativ enn å samle seg, sjølv om det inneber at det høgreradikale partiet Jobbik er ein del av opposisjonen, seier han.

Viss Orbán-regjeringa vinn, vil det bli mykje verre enn det er no. Eg tenkjer verkeleg på om eg då skal forlate landet

—  Gábor Demszky, tidlegare borgarmeister i Budapest

Han er òg optimistisk når han ser korleis mange ungarske menneske frå alle samfunnslag stiller opp for dei ukrainske flyktningane som har komne til landet. Landet med mindre enn 10 millionar innbyggarar, har no tatt imot over 450.000 ukrainske flyktningar.

Demszky viser oss møterommet på Iványi-institusjonen, som no er omgjort til sovesal for ukrainske kvinner med born – og i senga som er installert på kontoret hans, søv det no ei ukrainsk kvinne på flukt.

Budapest, Ungarn. Ungarn går til valg. 2022.

Tenker på å forlate landet

På PC-en har den tidlegare forlagsmannen og borgarmeisteren ein tekst under produksjon, om korleis han trur krigen i nabolandet vil ende med ei «skitten» fredsavtale der Putin får kontroll over store landområde. Han trur krigen vil få konsekvensar for Ungarn òg, avhengig av valresultatet på søndag.

– Viss Orbán-regjeringa vinn, vil det bli mykje verre enn det er no. Eg tenkjer verkeleg på om eg då skal forlate landet, seier 69-åringen.

– Du kjempa mot kommunismen i fleire tiår før Jernteppet fall. Korleis kjennest det å miste fridomen igjen?

– Det var lettare å kjempe mot kommunismen, fordi det sovjetiske systemet var på veg ut. No er propagandaen sterkare og Fidesz har så sterk kontroll med folket, seier Demszky.


Les mer om mer disse temaene:

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Reportasje