Søkjer sanninga blant sjøsamar

SANNINGSKOMMISJONEN: Dei tyske okkupasjonssoldatane brann ned dei sjøsamiske bygdene. Den norske staten tok resten. Nesten.

Reportasje

INDRE BILLEFJORD, VEST-FINNMARK: – Skulen fornorska oss. Men me forstod det ikkje.

Solveig Tangeraas dreg skjerfet tettare rundt halsen. Vinteren ligg på bakken, vinden skjer gjennom kleda. Mørketida lurar rundt hausthjørna.

Ho står i skulegarden til det som i dag heiter Billefjord sjøsamiske oppvekstsenter.

I hennar skuletid var namnet Billefjord internatskole – eit tannhjul i statens fornorskingsmaskineri.

Internatskulane i Finnmark var viktige institusjonar. Her skulle urfolket – samar – og minoriteten – kvenar – smelte saman, eller bli assimilerte, med majoritetsbefolkninga.

Alle skulle bli nordmenn – som snakka norsk. Som støtta opp om ein homogen kultur – det norske. Som styrkte nasjonalstaten – den norske.

– Eg kunne reise heim til familien på laurdagen, men måtte vere tilbake på skulen på sundagen. Andre måtte vere på skulen i månader før dei kom heim, for familiane budde for langt unna.

LANGS FJORDEN: Indre Billefjord ligger nesten i enden av Porsangerfjorden i Finnmark.

År null i Finnmark

Gardsbruket foreldra til Solveig Tangeraas hadde streva saman, blei brent ned i november 1944. På ordre frå Adolf Hitler svidde tyske soldatar av nesten alle bygder i Finnmark då dei trekte seg tilbake hausten og vinteren 1944-45.

– Verdskrigen, med nedbrenninga, skapte eit år null i Finnmark i 1945. Då byrja den nye tida, alt det gamle, særleg det sjøsamiske, blei radert vekk, det var ikkje verdt noko. Det var skrap.

Å vere sjøsame blei noko mindreverdig, noko ein skulle skamme seg over.

– Eg blei fødd i ei etterkrigstid der alt handla om å byggje opp, å sjå framover, aldri bakover.

Året ho fylte sju, i 1954, ringde skuleklokka. Sjølv om skulen berre låg ei mils veg frå heimen, var det ikkje snakk om å få bu heime hjå mor og far.

Sannhets- og forsoningskommisjonen: Åpent møte i Billefjord.

Blei analfabet på skulen

Ho og alle dei andre barna i skulekrinsen skulle bu vekke frå familien, vekke frå det sjøsamiske. Først hjå familiar nær skulen som sa seg villige til å brødfø ein ekstra. Så på internatet som stod ferdig i 1958.

Internatskulen i Indre Billefjord gjorde jobben grundig. Solveig Tangeraas lærte å lese og skrive norsk – og blei ein analfabet på morsmålet. Ho kunne korkje lese eller skrive nordsamisk då grunnskulen var ferdig

– Her budde internathusmora, fortel Tangeraas og viser veg til rommet ved enden av gangen på jenteinternatet.

– Ho var samisk, men snakka berre norsk med oss barna. Alle på skulen skulle gjere oss til nordmenn.

Først i godt vaksen alder lærte Solveig Tangeraas seg å lese og skrive nordsamisk. Nokre år tidlegare blei skuleinternatet i Indre Billefjord lagt ned.

Sannhets- og forsoningskommisjonen: Åpent møte i Billefjord.

Historisk vedtak i Stortinget

20. juni 2017 fatta Stortinget eit historisk vedtak. Ein kommisjon skal granske fornorskingspolitikken – etter modell frå andre land som har gjort opp for urett mot urfolk og minoritetar. Fornorskinga av samane starta allereie på 1700-talet og blei ein uttalt politikk frå 1851.

Sametinget hadde lenge vore pådrivar, utan å få gjennomslag. Kommisjonen blei til etter eit representantforslag frå SV. Arbeidarpartiet, som hadde styrt Norge i fornorskingstiåra etter 1945, sa også ja til granskinga:

«Det er ingen tvil om at både samer, kvener og norskfinnar i Norge i flere generasjoner har blitt utsett for en aktiv og hard fornorskingspolitikk, der målsettingen var å assimilere dem og andre nasjonale minoriteter til å bli norske», sa Ap-representant Kåre Simensen i ordskiftet då Stortinget sa ja til kommisjonen.

---

Gransking

  • Sannings- og forsoningskommisjonen er sett ned av Stortinget, har eit tredelt mandat:
  • Ei historisk kartlegging som skildrar styresmaktenes politikk og verksemd andsynes samar, kvenar og skogfinnar både lokalt, regionalt og nasjonalt.
  • Undersøkje verknadane av fornorskingspolitikken – etterverknader i dag må inn i rapporten.
  • Leggje fram forslag til tiltak som fører til vidare forsoning.
  • Skal levere rapporten innan 1. juni 2023.

---

«Kommisjonen kom for seint»

Forslagsstillar Kjersti Bergstø (SV) forklarte kvifor Norge treng å «røre ved det vonde» fordi «taushet ofte kan være den tyngste tale»:

«Det er taushet som ligger i frarøvet språk. Det er taushet som ligger i skam. Det er taushet som ligger i at samiske eller kvenske spor i lokalsamfunnet er forsøkt raket over.»

Solberg-regjeringa, Høgre og Framstegspartiet, meinte det ikkje var naudsynt med ein kommisjon.

Ståande i matsalen på skuleinternatet, midt i rotet frå eldre tider, er Solveig Tangeraas tvisynt:

– Kommisjonen er naudsynt, men han kom for seint. Det var min foreldregenerasjon som skulle fortalt ein kommisjonen kva dei opplevde, dei blei knuga av skamma over å vere sjøsamar.

Sjølv seier Tangeraas at ho aldri har kjent på den skamma.

Sannhets- og forsoningskommisjonen: Åpent møte i Billefjord.

Brann opp det sjøsamiske

Då tyske soldatar tok i bruk den brente jords taktikk då det tredje riket rakna, blei alle materielle spor av den gamle sjøsamekulturen nord i landet lagt i oske.

Sjøsamebygdene blei i åra etter 1945 gjenreist etter ein standardmodell med eitt overordna mål: Ikkje byggje opp att lokalt særpreg.

Difor er arkitekturen prikk lik i mange Finnmarks-bygder; firkanta, prefabrikkerte svenskehus.

– Dei kom som gåver frå Sverige til eit krigsherja Norge. Også vi fekk eit svenskehus, fortel Solveig Tangeraas.

Då hadde familien først budd i ein gamme, så i ei plankebrakke.

Samane var først

Indre Billefjord. Porsanger. Vest-Finnmark.

Fram til 1750 var det som blei til Porsanger kommune utelukkande eit samisk område. Rundt 1750 blei dei første kvenane, dei finske innvandrarane, registrerte i Porsanger. Nordmennene kom seint. I folketeljinga i 1910 blei berre 261 av totalt 1.926 innbyggjarar talt som norske.

Eldste skriftlege kjelde om samane er frå år 98 etter Kristus. Tacitus, ein romersk historikar, skriv om folket fenni. Vel 450 år seinare skriv grekaren Prokopius om folket som gjekk på ski, skridfinnar. Båe skriv om det andre har fortalt dei.

Høvdingen Ottar frå Hålogaland fortel kring 900 om skatten han dreiv inn frå samane, dyreskinn, fjør og kvalbein. Også dei norrøne sagarane skriv om skattlegging og handel med samar.

Sannhets- og forsoningskommisjonen: Åpent møte i Billefjord.

Bygder i endring

– Velkommen til folkemøtet her i Indre Billefjord, helsar kommisjonsmedlem Liv Inger Somby og ser ut over møtesalen på Mearrasiida – Sjøsamisk kompetansesenter.

Senteret er etablert av eldsjeler som såg at klokka var fem på tolv i sjøsamiske Porsanger. Skulle arven reddast, måtte han få tak og fire vegger rundt seg.

Store fotografi på veggane fortel om ei bygd i endring. Dei sjøsamiske fiskarbøndene er pensjonerte. Nokre få større bønder prøver å halde liv i det arktiske jordbruket. Porsangerfjorden er svart hav, trålflåten som kom utanfrå tømte han for fisk.

Sannhets- og forsoningskommisjonen: Åpent møte i Billefjord.

Blei bufaste etter kvart

Samane budde langs kysten og ved fjordane.

I førstninga var dei nomadar. På vinterbuplassane i fjordbotnane dreiv dei jakt, fangst, fiske og innhausting. På sommarbuplassane lengre ut i fjordane eller i havgapet dreiv dei fiskeri og fangst av kval, sel og sjøfugl.

Fordi dei dreiv reinjakt frå vinterbuplassane utvikla dei reindrifta, villrein blei tam.

Etter kvart blei samane bufaste. Sjøsamane ved kysten blei fiskarbønder, dei som trekte innover i landet hadde blitt reindriftarar. I dag bur sjøsamane langs kysten og på øyane i Finnmark og Troms. Men den tradisjonelle kombinasjonen, halvt fiskar, halvt bonde, har døydd ut.

Fornorskingspolitikken, som slo inn for alvor midt på 1800-talet, råka særleg kyststroka. I møte med norske busetjarar opplevde sjøsamar at dei måtte kaste vrak på kultur, språk og identitet.

Tre kva-spørsmål

– Kommisjonen har dessverre ikkje makt til å løyse korkje det eine eller det andre, forklarar Ivar Bjørklund, også han kommisjonsmedlem.

Møtet på senteret er varsla med eit kvitt ark på oppslagstavla på Coop-en. Bjørklund vil snakke om mandatet og granskinga, Somby om personlege historier og forsoning.

I salen sit 25 menn og kvinner. Bakarst er det sett fram kaffi og kaker.

– Gjennom arbeidet vår skal me søkje sanninga om fornorskinga, og fremje forslag til tiltak som kan forsone. Me skal freiste å svare på spørsmåla «kva har skjedd», «kva skjer» og «kva bør skje». Så er det opp til Stortinget når me har levert vår rapport i 2023, forklarar Bjørklund.

Vona er, seier den pensjonerte professoren, at rapporten skal vere så grundig og opplysande at ingen skal kunne komme og seie «me visste ikkje».

Samiske namn forsvann

To lover assimilerte mange samar.

Skuleloven sa at norsk var undervisningsstal, samisktalande barn fekk ikkje lov til å bruke morsmålet i skulen. Først i 1959 blei loven offisielt endra – samisk blei igjen opplæringsspråk. Men på mange skular plasserte rektorar lovoppmjukinga i skammekroken enno nokre år.

Jordsalsloven av 1902 slo fast at berre norske statsborgarar som kunne snakke, lese og skrive norsk, og som dagleg brukte norsk, kunne få kjøpe jord. Jordeigedomen måtte også få norsk namn. Dermed forsvann også samiske slektsnamn.

500 HISTORIAR: Sigdis Olsen fekk fortelje sin personlege historie til kommisjonen når han vitja Indre Billefjord. Når året er omme har kommisjonen fått inn 500 personlege historier frå samar, kvenar og skogfinnar.

Tilbyr støttesamtalar

På opne møter inviterer kommisjonen samar, kvenar og skogfinnar til å svare på Ivar Bjørklunds tre kva-spørsmål. Difor kan ordskiftene bli lange, mange har mykje vondt på hjarta.

Men dei såraste og mest opprivande historiene får kommisjonen i ein-til-ein-møte, ofte gjennom intervju, men også via brev til kommisjonen. Snart har kommisjonen fått inn 450 personlege historia, og kommisjonens sekretariatsleiar Liss-Ellen Ramstad opplyser at innan året er omme vil dei passere 500:

– Folk står no i kø for å bli intervjua.

Mange har aldri fortalt nokon det dei fortel kommisjonen. Difor opnar intervjua verkande sår, skjøre skorper blir rivne av. Difor har Somby og Bjørklund med seg Maret N. Utsi til Indre Billefjord. Ho er psykiatrisk sjukepleiar frå SANKS – Samisk nasjonal kompetansetjeneste.

– SANKS gjev støttesamtalar når vonde saker skal taklast, forklarar Utsi dei 25 frammøtte.

Sårt sakn; språket

Liv Inger Somby, til dagleg kommunikasjonsdirektør i Sametinget, ser utover forsamlinga i Indre Billefjord:

– No vil me gjerne høyre frå dykk, lyder invitasjonen til samtale.

Pausen blir ikkje pinleg lang, vitneprova kjem raskt. Konsekvensane av fornorskinga blir godt synlege i sjøsamiske Indre Billefjord.

– Sjå på namnestriden, her i kommunen nektar folk å få samiske adresser, dei vil berre ha norske namn på vegane dei bur i. Og me ser motvilje mot det samiske i byråkratiet, ein vil halde det nede.

– Då eg fortalde på jobben at eg skulle hit i kveld, fekk eg slengt etter meg «er de ikkje ferdige med dette maset».

– Eg vaks opp i den sjøsamiske tradisjonen, men dei gav meg ikkje språket, eg har ikkje lært meg samisk. Det er sårt, for eg ville lære. Men eg lærte det ikkje på skulen.

– Eg opplever ikkje diskriminering frå norske. Men i samepolitikken er eg ikkje samisk nok, for eg manglar det viktigaste, språket.

Fire samiske språk er i bruk i Norge. Nordsamisk i Finnmark, Troms og Nordland, lulesamisk i Nordland og sørsamisk i Nordland, Trøndelag og Innlandet. Flest brukar nordsamisk, nokre svært få kan skoltesamisk.

Andre løfter fram vona i møte med kommisjonen:

– Me må vise at me er stolte, sjå berre på dette senteret, det viser fram kulturen vår, og det tek vare på gamle stadnamn.

Under besøket i Vest-Finnmark får Vårt Land høyre frå fleire at dei som «er samiske nok», ofte kjem frå indre Finnmark, frå kommunane Karasjok og Kautokeino.

Sannhets- og forsoningskommisjonen: Åpent møte i Billefjord.

Eitt folk, fleire grupper

Same.

Slett ikkje det same. Sjølv om alle bur i Sapmi.

Reindriftssamar finn du særleg i indre Finnmark, Troms, Nordland, Trøndelag og Innlandet – i dei tre siste fylka er dei også sørsamar.

Skoltesamar eller austsamar, få i talet, bur i Varanger i Finnmark.

Sjøsamar kjem frå kyst- og fjordstroka i Finnmark og Troms.

Lulesamar, særleg i Tysfjord i Nordland.

Vel 20.000 står registrert I Samtingets valmanntal; altså er samar. Totalt reiknar ein med at kring 40.000 samar bur i Norge.

KOFTER: Solveig Lovise Johannessen i Indre Billefjord syr Porsanger-kofter. Særleg vil mange unge sjøsamar vise fram den samiske identiteten.

Kler seg sjøsamisk

Det lyser i stille grender. Det lyser frå systova til Solveig Lovise Johannessen i Indre Billefjord. Pensjonisten sit bøygd over mørkeblå tøystykke.

– Alle som spør skal få sydd seg ei kofte, fortel Johannessen.

Mange vil vise at dei er sjøsamar frå Porsanger. Særleg unge. Andre klarar ikkje.

– Frå eldre får eg høyre «eg skulle så gjerne ha brukt kofte, men eg har ikkje rygg til å bere henne».

Ho forstår dei godt. Å kaste av seg åket frå fornorskinga er ikkje gjort på ein generasjon for alle.

Henta fram det gamle

Porsangerkofta kom på teiknebrettet i 2003 då Mearrasiida – Sjøsamisk kompetansesenter skulle opne; for kva skulle ein ha på seg. Kofta blei rekonstruert ut frå gamle, skriftlege kjelder og koftekunnskap frå notida.

Rundt tusenårsskiftet vaks det fram ein generasjon som ville ta den sjøsamiske arven tilbake. Mange i kyst- og fjordstroka i Finnmark og Troms opplevde at besteforeldre og foreldre hadde stua vekk alt som viste at dei eigentleg var samar. Klesdrakter, skotøy, brukskunst. Alt som bar bod om det skammelege; at ein var sjøsame.

– Eg syr kofter så lenge eg klarar.

Snart skal ho slå av symaskina, sløkkje lyset og gå for dagen.

Solveig Lovise Johannessen skal møte Sannings- og forsoningskommisjonen.

– Eg er jo sjøsame.

Sannhets- og forsoningskommisjonen: Åpent møte i Billefjord.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Erlend Berge

Erlend Berge

Erlend Berge er fotojournalist i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Reportasje