«Eg skulle ønska Trond Giske hadde sett partiet først»

Ein gong var Marianne Marthinsen ein del av gullrekka i Ap. Ho fortel at intrigar og konspirasjonar i kjølvatnet av Giske-saka er med på å dytta henne ut av politikken.

Reportasje

Sognsvann i Oslo glinsar i sølv. Ved vasskanten duvar ei handfull lodne andungar. Her pleier Marianne Marthinsen stå og speida utover medan ho prøver å få igjen pusten.

Sørsida av vatnet gjev ein etterlengta pause på den faste løpeturen hennar. Det trengst før dei bratte motbakkane tilbake, til hus og hage på Slemdal på beste vestkant.

Denne staden har ein spesiell plass i Arbeidarpartiets nyare historie. På desse grusvegane og stiane tok Jens Stoltenberg med seg Jonas Gahr Støre for å førebu han til å ta over trona som partileiar.

Ved første augnekast glir Marthinsen rett inn i desse Ap-klisjeane: Ho er godt trent, glad i Oslomarka og bur på ei privilegert adresse.

Men Marthinsen er også dotter av ei åleinemor frå Jevnaker. Avstanden til Stortinget var lenger enn dei sju mila det tek å køyra frå bygda nær Hønefoss.

- Eg vaks ikkje opp i ein utprega politisk heim. Me hadde ikkje dei store ideologiske diskusjonane, det var nok å få dagane til å gå opp. Mamma hadde ein ganske tøff runde då ho vart åleine med oss.

Tek ikkje gjenvalg i 2021

Klassereisa starta då ho flytta til Oslo som 16-åring. Sidan då har ho rukke å ta ei grad i samfunnsøkonomi og vera finanspolitisk talsperson for Arbeidarpartiet. Partileiar Jonas Gahr Støre har omtala henne som ein del av «gullrekka» i partiet.

No trer ho ut av rekkene. Marthinsen blir ikkje med vidare på ferda; partiet må vinna stortingsvalet utan henne.

Kva gjekk gale?

For første gong snakkar Marthinsen ope om grunnen til at ho ikkje tek gjenvalg til Stortinget. Frå før har ho gjeve ei småkryptisk grunngjeving til Dagens Næringsliv: «Du kan si at jeg trenger et miljøskifte».

Det var eit høgt konfliktnivå. Det var mistankar og miljø som konspirerte mot kvarandre.

—   Marianne Marthinsen

- Kva var feil med miljøet du er i?

- Det blei eit vanskelegare miljø å vera i stortingsgruppa hausten 2017 og vinteren 2018. Det ville vore veldig rart å ikkje vera ærleg på at det er slik ting heng saman, seier Marthinsen.

Ho stadfestar at ein del av grunnen til at ho gjev seg, er knytt til Giske-saka. Den vinteren kom det fleire varsel mot dåverande nestleiar Trond Giske knytt til seksuell trakassering og upassende oppførsel. Saka har gjort miljøet i stortingsgruppa vanskeleg, ifølgje Marthinsen.

- Det er vanskeleg i ein organisasjon når folk mistar tillit til kvarandre. Det var vanskeleg for meg, seier Marthinsen og utdjupar:

- Saka gjorde at eg vart plassert i ein vanskeleg posisjon i stortingsgruppa. Det var eit høgt konfliktnivå. Det var mistankar og miljø som konspirerte mot kvarandre. Eg var plassert i noko som eg følte gav meg veldig lite bevegelsesrom.

Kunne gjort meir for varslarane 

I vår melde Vårt Land at ingen av dei kvinnelege tilsette i Aps stortingsgruppe som varsla mot Giske, jobbar der lenger.

LES SAKA HER: Alle Giske-varslerne på Stortinget har forsvunnet ut.

Det beklagar Marthinsen.

- Eg skulle ønska me hadde klart å ta betre vare på varslarane. At varslarane framleis skulle ha vore med oss. Dei tinga har gjort det vanskeleg for meg å vera der.

- Korleis kunne varslarane blitt teke betre vare på?

- Dei kunne ha blitt beskytta betre. Ein kunne latt vera å spekulera i motiva for kvifor dei varsla og kven som stod bak dei.

- Det blei mykje intriger?

- Ja, det blei det.

Ho fryktar at saka vil gjera det vanskelegare å varsla om mogeleg seksuell trakassering i Ap.

- Det har ikkje sett attraktivt ut å vera varslar hjå oss, det har ikkje det. Eg har frykta at det skal gjera at andre ikkje vil. Men eg håpar at organisasjonen har lært mykje av dette.

Kritisk til Giske si rolle

Ap konkluderte i etterkant med at Trond Giske i fleire av sakene har brote partiets interne retningslinjer mot seksuell trakassering. Giske trakk seg som nestleiar i januar 2018 og har beklaga oppførselen sin, men har samstundes skrive på Facebook at det er kome «grunnlause og falske varslar». Han har avvist anklagene om seksuell trakassering.

I haust kan Trond Giske koma til å få ein ny posisjon i partiet. 29. august kan han bli vald inn i leiinga til Trøndelag Arbeidarparti.

- Har Trond Giske teke nok ansvar?

- Nei det synest eg ikkje, seier Marthinsen.

- Kva skulle du ønska at Trond Giske hadde gjort?

- Eg skulle ønska han hadde sett partiet først.

- Korleis?

- Ved å gje partiet ro. Korleis måtte han ha avgjort sjølv, men eg meiner det er ikkje er det han har gjort.

Ho kritiserer ikkje leiinga si handtering av saka.

- Leiinga har vore i ein vanskeleg situasjon. Stortinget er ikkje ei bedrift. Folk er vald inn på sitt eige mandat, ein kan ikkje seia opp folk.

Det vekte sterke reaksjonar då Marthinsen vart vraka som finanspolitisk talsperson for Trond Giske etter valet i 2017. Ho seier dette ikkje er grunnen til at ho gjev seg i politikken.

- Nei, det har ikkje vore viktig i den samanhengen.

Ein egalitær draum

Ein av dei tinga Marianne Marthinsen hugsar best frå barndommen, var då dei ringte frå kommunen. Dei ville gratulera mora med utdanninga som hjelpepleiar.

- Mamma hadde fått økonomisk hjelp frå kommunen for å ta utdanninga. Ho måtte køyra langt til skulen kvar einaste dag. Dei trudde nok ikkje ho kom til å klara det.

Marthinsen ser utover vatnet. Ho er slank og rak i ryggen. No i ettertid ser Marthinsen at dei ikkje hadde så god råd. Men dei var mange i same båt, i Ap-bastionen Jevnaker.

- Dette var jo 1980-talets Innlandet. Me hadde høg arbeidsløyse etter at Hadeland glasverk hadde flytta produksjonen ut til Aust-Europa. Eg tenkte sjeldan at det var nokon forskjell mellom oss i klassen. Me var ein veldig likeverdig gjeng.

Om våren bada ho i dei første isfrie kulpane ho kunne finna. Men sjølv om ho elska å bu nær naturen, lengta ho likevel etter byen.

Som 16-åring fekk ho flytta til tanta i storbyen for å gå på Kristelig Gymnasium (KG) i Oslo.

Radikalisert på kristent gymnas

Kristelig Gymnasium (KG) kan skilta med tidlegare elevar som Kronprins Haakon, Kåre Willoch og Kristin Clemet.

Men for Marthinsen førte møtet med den kristne privatskulen til at ho melde seg ut av statskyrkja og inn i AUF. På ei og same veke.

- Eg møtte menneske med ein heilt annan bakgrunn på Kristelig Gymnasium. Dei var fine folk, det er viktig for meg å seia. Men, dei hadde ei sjølvsagt haldning til at dei skulle ta viktige posisjonar i samfunnet. Dei var fostra opp på ein annan måte.

Møtet med meir priveligerte medelevar førte til ei oppvakning for jenta med arbeidarklassebakgrunn.

- Eg såg at det faktisk finst strukturelle skilnadar i samfunnet. Då var vegen kort inn i AUF.

Ho var meir på partikontora på Youngstorget enn på skulen, og klara med naud og neppe å hala i land eit vitnemål.

- Kva inntrykk fekk du av kristendommen gjennom å gå på den skulen?

- At det er eit stort spenn i Kristen-Noreg. Eg lærte om spenningane mellom frikyrkjelege miljø og statskyrkja. Det at eg kan min Bibel gjev meg ei forståing for kristne, og ein inngang til å snakka med folk som har ei anna tru.

Den Store Heilskapen

Marianne Marthinsen har hatt mange rundar der ho verbalt filleristar selskap som ikkje betalar skatt.

Nyleg markerte ho seg som ein sterk kritikar av påtroppande oljefondsjef Nicolai Tangen sine pengeplasseringar i skatteparadis.

Alt dette, pluss tidlegare styreverv i venstreorienterte organisasjonar som Nei til EU og Attac, gjev Marthinsen ein aura av raddis.

- Kvifor er du ikkje med i SV, eigentleg?

- Det har eg blitt spurt om før.

Når partiet til venstre for Ap kjem på banen, viser Marthinsen ei småfrekk side.

- Det korte svaret er at SV ikkje har nokon næringspolitikk, i alle fall ikkje då eg gjekk inn i politikken. Eg er oppteken av den skapande delen av økonomien, som er ein føresetnad for ein god velferdsstat.

Ho misliker spørsmål om hjartesaker og seier heilskap har vore hennar store politiske prosjekt. Derfor finn ho seg til rette i dei store kompromissa sitt parti: Arbeidarpartiet.

Det er ingen løyndom at eg har vore frustrert over krisepakkeforhandlingane.

—   Marianne Marthinsen

- I Ap har me alltid stått i brytninga mellom arbeidsgivar og arbeidstakar. Me søker dei store, breie kompromissa som tek landa i rett retning. SV speler ikkje noko rolle i dette. Dei er meir ein akademisk parentes på sida av den store maktkampen.

Klimakamp og skuffelse

Med kompromiss kjem det også skuffelsar. Marthinsen har fått sin del, seinast i vår då Stortinget banka igjennom ei krisepakke til fossilindustrien med ramme på opp mot 100 milliardar kroner.

For første gong snakkar ho ope om hennar syn på krisepakka, som Ap stemte for.

- Det er ingen løyndom at eg har vore frustrert over krisepakkeforhandlingane.

I vår stoppa mykje av petroleumsaktiviteten opp på grunn av koronakrise og oljeprisfall. Stortinget svara med å gje fossilindustrien gunstige midlertidige endringar i reglar for skatt og avskriving.

- Dette er ein krisesituasjon og dei som har forhandla, har gjort sitt ytste for å redda arbeidsplassar. Det respekterer eg, seier Marthinsen.

Så held ho fram:

- Men, det at dei pakkene enda opp som dei gjorde, gjer at det blir ein tyngre jobb å få til det grøne skiftet. Eg fryktar at det kan forlenga olje- og gassperioden. Det treng ikkje bli sånn, om me tek rette politiske grep.

- Krisepakkene vart stemt igjennom på Stortinget. Stemte du for eller mot?

Marthinsen ler.

- Det var halv sal på grunn av korona. Så akkurat den dagen var eg ikkje der.

- Ville du stemt nei om du var der?

- Det er eit heilt hypotetisk spørsmål, eg var ikkje der.

- Hadde du hatt lov til å stemma nei?

Marthinsen ler og snur seg vekk. Ho tek ein bit av ein bolle om mumlar svakt «nei».

Tungt å reisa klimadebatt i Ap

Striden rundt krisepakkene viser korleis Arbeidarpartiet blir drege mellom to fløyer: Klimasida og arbeidarar som hentar løna si frå fossilindustrien.

- Me er nødt til å få til ein betre dialog mellom miljø- og industriinteresser.

- Finst det ei løysing i dialog?

- Det må det gjera. Finst ikkje løysinga i Ap, finst den ingen stadar. Me kan klara det, og eg tenker teknologi er brua mellom desse interessene. Det kan vera hydrogenproduksjon, hav-vidmøller, karbonfangst- og lagring, biodrivstoff frå algar - mogelegheitene er uendelege. Det handlar om å få ingeniørar, økologar og økonomar til å snakka saman.

I 2017 fekk Marthinsen merka kor tungt det er å reisa ein klimadebatt i det som då var landets største parti.

Ho tok til orde for å diskutera leiterefusjonsordninga, som gjer at staten betalar selskap for å leita etter olje eller gass.

- Eg fekk ganske kontante reaksjonar. Den debatten vart avlyst.

- Av leiinga i Ap?

- Jonas Gahr Støre er ein open og raus person som vil ha diskusjon, han gav meg aldri beskjed om å ikkje snakka om det. Men det var breie interesser i industrien, fagrørsla og Ap som sette ei stoppar for det.

Det å leva i femten månader med så store lidingar og så døy, det er ikkje eit bidrag til mangfald. Det er berre liding

—   Marianne Marthinsen

Når det politiske blir personleg

Vanlegvis når Marianne Marthinsen stiller skriftlege spørsmål i Stortingets spørjetime, handlar det om frådragsført royalty eller jurisdiksjon til ulike fond.

Hausten 2018 gjorde ho noko nytt som politikar: Ho vart personleg.

- Det sat utruleg langt inne. Men den diskusjonen var blitt så vond for mange. Det slo meg veldig i magen då det gjekk opp for meg at eg også har ei sånn historie.

Historia handlar om ei jente som berre vart femten månader. Dottera Hedda hadde mykje smerter dei månadane ho levde.

- Det å leva i femten månader med så store lidingar og så døy, det er ikkje eit bidrag til mangfald. Det er berre liding.

Under regjeringsforhandlingane med KrF kom paragraf 2c i abortlova opp til diskusjon. Paragrafen tillet seinabort om fosteret har alvorleg sjukdom.

Marthinsen ville ha svar på om ho sjølv kan avgjera om ho skal gjennomføra svangerskapen, om ho blir gravid på ny og fosteret har same tilstand.

- Det er klart, når du først har fått eit barn, vil du aldri velja det vekk. Men det brutale svaret er at hadde eg visst, så hadde ikkje ho blitt født. Det handla ikkje om belastninga på meg, men om å skåna henne.

Tidlegare har Marthinsen støtta ei sjølvbestemt abortgrense på veke 12. All diskusjon rundt paragraf 2c - som enda opp med å bli verande i lova - har fått henne til å tvila.

- Etter heile den debatten må eg seia at eg ikkje lenger er sikker på at det er riktig med nemndbehandling på abortar etter veke 12 og fram til veke 18.

Ho tenker at nemndene framleis kan ha ein rådgjevande funksjon i slike tilfelle. Men, at valet skal ligga hjå kvinnene fram til veke 18.

- Men eg har ikkje heilt landa i den saka.

Kanskje finst det nokon der ute som kan læra meg noko? Gjerne innan klima.

—   Marianne Marthinsen

Ny kurs 

Sommarregnet har begynt å dryssa over Sognsvann. Marianne Marthinsen småspring mot T-banen.

Eit par ærend gjenstår før ho, mannen og deira fire born set snuten mot ferie på Vestlandet. Kursen vidare etter det er usikker.

- Eg veit ikkje kva eg gjer til neste år. Eg trives veldig godt med å ikkje vita. Eg vil sondera litt og tenka.

Ho har alltid kjent på ambivalens til rolla som politikar.

Å stå i Stortingets vandrehall og kommentera eit statsbudsjett ho knapt har lest. Alltid halsande etter dei store, nye sakene. Aldri tid til å fordjupa seg.

- Mange kallar meg nørd, og eg protesterer ikkje. Eg tenker det er ein heider.

No er håpet at nokon vil gje henne ein jobb. Marianne Marthinsen prøver å vri intervjuet til å bli ein slags open jobbsøknad:

- Eg er ganske god å læra meg ting. Eg har lyst til å bli skikkeleg god til noko. Kanskje finst det nokon der ute som kan læra meg noko? Gjerne innan klima. Det er så mange bedrifter som driv med spanande ting som verda treng.

- Mange Ap-folk ender opp i First House etter å ha vore på Stortinget.

- Ja, det er ikkje planen.

- Kan du garantera at du ikkje blir PR-rådgjevar?

- Ja, det kan eg. Det er ikkje fordi eg vil retta nokon moralsk peikefinger i retning dei som gjer det, det er rett og slett ikkje det eg har lyst til.

- Kva om dei kjem med eit godt tilbod som ei eller anna miljøstifting ikkje kan måla seg med?

Marianne Marthinsen ler.

- Denne praten har me hatt heime. Eg har på spøk varsla mannen min at eg ikkje kjem til å løpa der det nødvendigvis er mest pengar. Det trur eg han berre er glad for.

Ap: «Det skal være trygt å varsle»

Trond Giske har fått tilsendt utsegnene frå Marianne Marthinsen. Han vil ikkje kommentera desse.

Partisekretær i Arbeidarpartiet, Kjersti Stenseng, ønsker å kommentera Marthinsens frykt for at det skal bli vanskeleg å varsla om mogeleg seksuell trakassering i Ap i framtida.

Ho skriv i ein sms til Vårt Land: «Det skal være trygt å varsle i Arbeiderpartiet og vi har prioritert det arbeidet høyt. Landsmøtet i fjor vedtektsfestet nulltoleranse mot alle former for trakassering og oppdaterte retningslinjer og rutiner som skal bidra til å trygge hele organisasjonen i håndtering av vanskelige saker. Så handler det vel så mye om å skape trygge rammer og god kultur. Det kan vi ikke vedta, men jobbe bevisst med kontinuerlig.»

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Reportasje