Marie Lovise Widnes har vore husmor. Det er hennar lengste karriere. Ho er likevel kjend som songar, diktar, og ein periode har ho vore stortingsrepresentant for SV.
Marie Lovise Widnes skriv dikt mot uretten
Som barn heldt Marie Lovise Widnes gudsteneste for vedkubbane i skjulet. Prest vart ho aldri, men ho fann andre måtar å kjempe for det ho trur på.
– Eg har alltid vore eit alvorsmenneske, men samstundes hatt godt humør og likt å more meg, seier Widnes og smiler, sjølv om tåka heng grå og tjukk over fjella på Hareid i Møre og Romsdal og gjer gikta endå litt verre.
Ho rullar rundt i huset på kontorstolen. Å reise seg gjer ho berre om ho må, for den 86 år gamle kroppen til diktaren, songaren, kåsøren og SV-politikaren er ikkje heilt samarbeidsvillig lenger. Men datamaskina står på.
– Eg skriv ikkje like mykje som før, eg har vorte gamal. Men det hender eg skriv innlegg til avisa eller deler eit dikt eller meiningar på Facebook, seier 86-åringen og skrollar nedover nettsida.