Heile familien samlar seg rundt mor Leteberhan når ho lagar kaffi. Frå venstre: Ogbey Tekhle Zeray, Leteberhan Kifle Zemenfeskudos, Menasi (18), Saron (13) og Abel (24). Framme frå venstre: Temon (5) og Abraham (15).
Erlend Berge
Feirer jul to gongar
Familien Ogbey frå Eritrea skal snart feire si andre jul i Noreg. Dei vonar å sjå fleire nordmenn i kyrkja enn i fjor.
Kaffilukta kjem mot oss i det vi går opp trappa til andre etasje. Leteberhan Kifle Zemenfeskudos (48) sit på ein låg krakk. Ho ristar på kaffibønnene med eine handa, tek oss i handa med den andre.
Bak henne dekker ein plakat av Jesus og jomfru Maria deler av veggen. Men det er ikkje julepynt, fortel ho – han skal takast fram seinare.
Frå muslimsk til kristent land
Bestill abonnement her
KJØP