Trur den nye kongen vil forhalde seg til folkekyrkja på ein annan måte enn dronning Margrethe
DANMARK: Kronprins Frederik har sagt svært lite offentleg om tru og kyrkje. Dansk redaktør meiner han har potensial til å bli ein populær konge i Folkekirken.
ARVTAKAR: Noverande regent i Danmark, dronning Margrethe, blir snart avløyst av sonen, krinprins Frederik. Medan dronninga har vore tydeleg på si kristne tru, har kronprinsen sagt lite offentleg om sitt forhold til kyrkje og tru. No er mange danskar spente på kva dei kan vente seg av den nye kongen.
Andersson, Sören
– Eg fekk inntrykk av at han er ein veldig hyggeleg mann, fortel Gunnar Ellingsen om den danske kronprins Frederik (55).
Ellingsen er sjømannsprest i København. Han har møtt den danske kronprinsen ved to ulike høve, sist i sommar.
I si nyttårstale til det danske folket kunngjorde dronning Margrethe (83) at ho trekkjer seg som regent 14. januar. Då vil sonen, kronprins Frederik overta trona og bli kongen av Danmark.
Bestill abonnement her
KJØP