KrF scorar høgt på familiepolitikk
HÅP: Tre gonger så mange som seier dei vil stemma KrF, meiner partiet er best på barne- og familiepolitikk. – Det viser eit potensial for oss, seier KrF-leiaren.
DRAUMAR: Dag-Inge Ulstein i KrF vel seg ein gul Dream-is i forkant av valkampen.
Erlend Berge
– Eg møtte ei godt vaksen kvinne på 95 år. Ho sa ho håpa ho levde til over valet, så ho kunne stemma KrF. For henne var det viktig å investera i barn og familiar, fortel Dag-Inge Ulstein.
Møtet mellom KrF-leiaren og ei eldre kvinne kan visa eit lyspunkt for det vesle, gule partiet som slit i møte med sperregrensa.
For nordmenn, ikkje minst eldre, set nemleg pris på barne- og familiepolitikken til KrF.
Bestill abonnement her
KJØP