Drop-in-bryllup 23.03.2023 i Gamle Glemmen Kirke i Fredrikstad. Tommy Iversen og Karianne Klemetsen. Sokneprest Hege Fagermoen
Marit Neset
Tommy og Karianne droppa ikkje bryllaup likevel
DEN NORSKE KYRKJA: Etter 21 år hadde Tommy Iversen og Karianne Klemetsen lagt bryllupsplanane på hylla. Heilt til dei fekk høyre om drop-in-bryllaup.
Tre damer med matchande perle-hårbøylar snik seg lydlaus inn på bakarste rad. Framme ved altaret står eit kommande ektepar dei ikkje kjenner.
Delegasjonen på bakarste benk starta frå morgonen av i Molde for å rekke å overraske den neste brura som skal til altars i Gamle Glemmen kyrkje i Fredrikstad.
For sjølv om paret der framme ennå ikkje har sagt sine ja, er det mindre enn ein time til neste par står klart.