Sofie Braut lever med mannen som overhovudet i familien

KJØNNSROLLER: Dersom ein mann og ei kvinne ikkje blir for opptekne av «å vere heilt like» i eit ekteskap, kan ein oppdage ein dynamikk som set fri, fortel Sofie Braut. – Ikkje alt som står i Bibelen kan overførast direkte til vår tid, meiner Stavanger-biskopen.

Sofie Braut, spaltist i Vårt Land og tidligere medlem i Stavanger bispedømmeråd. Her fotografert i hjemmet sitt like utenfor Bryne i Rogaland.
OPPGJER: – Ein kan sjå det eg seier som mitt personlege oppgjer med ein ekstremt individuelt orientert kultur, seier Sofie Braut, her i heimen like utanfor Bryne i Rogaland.
Publisert Sist oppdatert

FRÅ ARKIVET: Denne saka vart fyrst publisert 5. mai 2022.

Førre helg fekk Stavanger Aftenblads lesarar møte kvinner som «ikkje er A4». Éi av dei er Sofie Braut, den tidlegare kyrkjepolitikaren og lektoren frå Bryne i Rogaland, som ofte er å lese i Vårt Lands spalter.

I rekka av verdistandpunkt som definerer henne utanfor dette A4-arket, fortel Braut i artikkelen om korleis ho meiner at «mannen skal vere overhovudet i familien». For 44-åringen «kjennest det godt å ha ein ektemann som har leiarrolla i flokken», og Braut forklarar at ho trur at menn og kvinner er kalla til ulike funksjonar, også i ekteskapet.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS