Såg på nytt behov for kvinnenettverk for prestar i Møre
DEN NORSKE KYRKJA: Mange tiltak er sett i sving for å betre arbeidsmiljøet for kvinnelege prestar i Møre bispedøme. Ein såg mellom anna behovet for å starte opp att kvinnenettverket som har ligge brakk i over to år.
NETTVERK: Ragnhild Fuglseth, leiar for presteforeninga i Møre, fortel at dei i kvinnenettverket for prestar i Møre har fagsamlingar ein gong i halvåret, og ei eiga facebookgruppe.(Foto: Anne-Lise Johnsen )
– Det var stille i fleire år, før det kom inn nye personar som var tydelege på at dei er imot kvinnelege prestar. Det er krevjande, fortel Ragnhild Fuglseth.
Ho er leiar for presteforeninga i Møre, og sokneprest i Eide, der det har vore kvinneleg prest sidan 1975. Fuglseth seier ho trudde at ein var ferdig med å diskutere kvinneleg presteteneste.
Tidlegare denne veka blei det klart at den nytilsette prestevikaren i Ørskog i Møre, Vidar Nes Mygland (32), blir teken ut av teneste inntil vidare. Bakgrunnen er at han har uttalt i pressa at han ikkje ynskjer å samarbeide med kvinnelege prestar om gudsteneste.