Så mykje kostar kyrkjebyråkratiet
KIRKENS HUS: Den norske kyrkja (DNK) må fram med sparekniven. Dette er prisen på Kyrkjerådets 118 årsverk.
HOVUDKVARTERET: Jan Rune Fagermoen leiar administrasjonsavdelinga i Kyrkjerådet. I Kirkens hus sit 80 av byråkratane som jobbar i sekretariatet for Den norske kyrkja.
Erlend Berge
Den norske kyrkja (DNK) ser raude tal etter ein pensjons- og lønnssmell.
I 2023 gjekk folkekyrkja (det såkalla rettssubjektet) med 70 millionar kroner i minus.
No må kyrkjesamfunnet hente seg inn – og eitt av grepa er kutt i administrasjonen i Kyrkjerådet, DNK sitt sentrale organ. Der har dei 118 årsverk tilsett.