– Psykologien praktiserer ofte med ei antaking om at Gud ikkje eksisterer
PSYKOLOGI OG TRU: Hanne Teigland Nilsskog vil tilby eit alternativ til den sekulære psykologien. Leiar i Emmaus psykologiforening heiar på mangfald blant psykologar, men peiker også på utfordringar med flagging av tru.
EIGA GREIN: Kristen psykologi er ei eiga grein innanfor psykologien som ikkje er så utbreidd i Norge, men er større til dømes i USA, fortel Hanne Nilsskog. – Det er viktig å understreke at det innan kristen psykologi er det ulike teologiske forståingar, seier ho.
Arnt R. Olsen
– Eg har fått ganske mange førespurnader frå kristne som vil ha ein kristen psykolog.
Det seier psykolog Hanne Teigland Nilsskog til Vårt Land.
Hausten 2024 gjorde ho noko ho hadde tenkt på lenge, ho starta kristen psykologteneste.