Presten som gifta seg med ein drapsmann
Ein drapsmann er ikkje berre ein drapsmann. Ein prest er ikkje berre ein prest. Ingrid og Andreas Ribe-Nyhus lever begge i nåden.
Denne saken ble først publisert i 2020.
Ingrid Ribe-Nyhus er presten som gifta seg med ein drapsmann. Eller gjorde ho eigentleg det? Gifta ho seg ikkje med Andreas, ein mann som har sona ferdig straffa si? Eit menneske ho har lært å kjenne som open, omsorgsfull og intellektuell?
Dei møttest første gongen då Ingrid var prest i Paulus kirke i Oslo. I kyrkja hadde ho medansvar for arrangementet Uro i Paulus. Første gjest var Sissel Gran, ein suksess av dimensjonar, med 500 frammøtte. Med neste gjest var ikkje Ingrid så godt nøgd med eigen innsats. Då temaet den tredje gongen skulle vere «Forbrytelse og straff», ønskte ho å førebu seg best mogleg. Aller først spurte ho sin eigen far, fengselsprest Kjell A. Nyhus, om han kjente til ein innsett som kunne delta i samtalen.