Preses oppfordrar Møre og Stavanger bispedøme til å slutte å spørje om samlivsform
HOMOFILI: – Det må kunne gå an for homofile å søkje på stillingar over alt i Den norske kyrkja, seier preses Olav Fykse Tveit.
OPPMODAR TIL LIK PRAKSIS: Olav Fykse Tveit og Kristin Gunnleiksrud Raaum under LHBT-samtale på Arendalsuka 2022.
Kirkerådet/Heidi Olsen
Under ein debatt på Arendalsuka fekk preses i Den norske kyrkja (DNK), Olav Fykse Tveit, spørsmål om kva han synest om at Stavanger og Møre bispedøme spør om samlivsform i tilsetjingsprosessar.
– Eg synest at når me er eitt trussamfunn og me ynskjer å halde høgt dette at me ikkje opptrer diskriminerande, så synest eg at me skulle opptrett likt i alle bispedøme, og ikkje ha forskjellig praksis på dette, svarar Fykse Tveit.
Til Vårt Land stadfestar han at han meiner denne praksisen bør vera å ikkje spørje om samlivsform under tilsetjingar, og utdjupar kva han meiner.