Nordmann kan bli ny biskop for Metodistkirken
BISPEVAL: Det skal veljast ny biskop for Metodistkirken i Norden, Baltikum og Ukraina. Det står for augneblinken mellom ein nordmann og ein danske – men fleire kan bli nominert i siste liten.
BISPEKANDIDATAR: Knut Refsdal jobbAr for tiden som prest i Jeløy menighet i Den norske kyrkje, mens Thomas Risager er prest i metodistkirken i Odense. Begge er nominert som kandidatar til bispevalet i Metodistkirken i Norden, Baltikum og Ukraina.
Rebekka Johannessen Litland
– Knut er ein kjempesterk kandidat. Han har eit veldig godt rykte i det norske kyrkjemiljøet. Som biskop ville han bidrege med å gjere kyrkja vår enda mer synleg i det norske økumeniske miljøet, seier Emil Skartveit, dagleg leiar i Metodistkirken Norge, til Vårt Land.
Tidlegare i år vart det klart at nordmannen Knut Refsdal, tidlegare tilsynsprest i Metodistkirken i Norge, stiller seg til disposisjon til å bli biskop for Metodistkirken i Norden, Baltikum og Ukraina. Refsdal var også kandidat i biskopvalet i 2009. Han jobbar for tida som sokneprest i Jeløy kirke.
– Dette er en særdeles spennende, utfordrende og viktig tjeneste i kirken. Jeg kjenner meg motivert til å bidra i den rollen, og lede Metodistkirken inn i nye tider, sa Refsdal til Vårt Land om kvifor han stilte seg til disposisjon.
Bestill abonnement her
KJØP