Ei ung Anette Løken Jahr stod i forbønskø. I lengre tid hadde ho bedt bøna: «Gud, kva vil du at eg skal gjera med livet mitt?»
Ho hadde alt byrja på studieløpet for å bli lege, men greidde ikkje heilt å lande i valet. Kvinna som skulle be for ho kom med eit usedvanleg tydeleg framtidsbilete, som dei båe meinte kom frå Gud: Anette står i ein kvit frakk, med mange barn rundt seg.
Aldri før hadde ho fått ein profeti over livet sitt, men der og då fekk ho stadfesta at det var barnelege ho skulle bli.
Trudde ho.
Eksperiment og ein gal professor
Fleire år seinare stod alter egoet til Anette Løken Jahr, Kari Kvante, den «glin gærn’e» professoren frå Arendal, framfor 200 skuleelevar og gjorde det ho kunne best: formidla naturvitskap og gudsbevis på kreative måtar for barn.
Det store, svarte håret, med innslag av raudt, bula ut over og under strikken til vernebrillene.
Elevane på skulen ho besøkte følgde spent med på eksperimenta og historiene som blei formidla med entusiasme og eksentrisme.
Plutseleg datt ein tanke ned i Jahr. Det var noko kjent med scenen som utspela seg framfor ho.
Ho sjølv, i ein kvitt frakk, med ei mengd barn rundt seg.
Det slo det henne: «Gud har jammen humor».
---
Anette Løken Jahr
- 46 år
- Født og oppvaksen i Lørenskog, bur i Oslo
- Forfattar, redaksjonssjef og programleiar i TVL, regissør i TV Inter
- Gift, har tre døtrer
---
Nedsida med likestilling
Jahr opnar døra inn til TVL sine lokale med eit smil.
Ho har mange jern i elden, men er truleg fyrst og fremst eit kjent fjes for folk gjennom programleiarrolla i den kristne fjernsynskanalen.
Etter litt småprat spør ho plutseleg:
– Luktar eg sveitte?
Lørenskoging fortel at ho og medprogramleiar Rune Bratseth har samla inn pengar til nye stolar og eit golvteppe til sesongstart av programmet God Helg.
Teppet fann ho på Bohus éin kilometer unna. Berre utstillingsmodellen var att, og for å spare fraktutgiftene har ho bore det nesten 30 kilo tunge teppet til studioet sjølv.
– Eg er så takksam for kor langt me kvinner har komme i dette landet. Men dette er nedsida, seier ho med glimt i auget om at ingen menn baud ho ei hjelpande hand på vegen.
Gud har jammen humor
Godt, gammaldags, kristent NRK
Jahr gjev ei omvising i det opne kontorfellesskapet og fortel engasjert at den mangeårige draumejobben som programleiar i God morgon Norge, no har blitt degradert til ein andreplass på lista. Ho har draumejobben sin no.
– Eg får gjera dei same tinga, samstundes som det er ei retning på det. Eg får jobbe med det eg brenn for. Det var ein som sa til meg at han opplevde at TVL var som eit godt, gammaldags, kristent NRK. Det er draumen vår.
Ho åtvarar om at å spørje ho om jobben i TVL er som å «putte på ein tier».
Grunntanken bak kanalen er å vera brei, ha rom for undring, og i større grad fokusere på det som samlar enn som skil dei ulike delane av kyrkjelandskapet. Og i Hovedkontoret er det stort sett positive nyhende frå kristen-Noreg som får råde. Omtrent halvparten av sjåarane går ikkje i kyrkja.
I sommar fekk Jahr kjenne på kroppen at sjåartala er på veg oppover. På stand på festivalen Skjærgårdssang kom det så mange bort at det «nesten blei litt mykje av det gode».
Folk ville ta bilete med Jahr, seie at dei var overraska over kor høg ho var, eller formidle at dei sette pris på kanalen.
Det høyrest så prektig ut, men eg gjer det nesten like mykje av egoistiske grunnar.
— Anette Løken Jahr om å be på kne ved sengekanten kvar morgon
– Kan godt vera eg har ei diagnose
Lista over ulike prosjekt utover fulltidsjobben i TVL blir lengre og lengre utover intervjuet.
Bokskriving, både aleine og saman med andre, taleoppdrag, innhaldsproduksjon til ei rekke ulike prosjekt, miljøengasjement og meir til.
Jahr vedkjenner at ho har mykje energi, og at avslapping like gjerne kan vera å laga plommesyltetøy og -pai av dei overfylte frukttreet i hagen som å liggje på sofaen, slik som tilfellet var førre helg.
– Det kan godt vera at eg har ei diagnose på nokre bokstavar. Men eg klarar å kontrollere meg slik nokolunde, i alle fall.
På leit etter grums og ungdomsopprør
Jahr har vakse opp i Filadelfiakirken Oslo. Her møtte ho han som blei ektemannen hennar på sundagsskulen, og dei har vore saman sidan dei var 16 år gamle.
– Bryllaupsbildet vårt ser ut som konfirmasjon og bryllaup i eitt, seier Jahr humrande.
Ho fylte 21 år på bryllaupsreisa.
Jahr har studert på både MF og Gimlekollen, og har ein ganske så «kristen» CV.
– Hadde du aldri noko opprør?
– Det er lite grums, men det nærmaste eg kom var vel den blå steinen i navlen som foreldra mine synest var så stygg.
– Nei då, men det må ikkje framstå som noko slik happy-clappy opplegg, sjølv om eg kjenner meg veldig heldig. Eg har vakse opp i ein ekstremt god familie. Ein resurssterk familie.
Det er vanskeleg å tenkje i svart-kvitt når du har nokon tett på deg i livet som tenkjer heilt annleis enn deg
Får hjelp av vener til å kalibrere verdikompasset
– Det kan framstå som eg berre har surfa gjennom livet. Og til ein viss grad så har eg på ein måte det, mellom anna fordi vala eg har tatt har vist seg å vera gode. Men det betyr ikkje at eg ikkje har opplevd tøffe ting.
Eine dottera til Jahr har mellom anna ein kronisk sjukdom som har ført til mange vakenetter. Likevel kjenner 46-åringen seg veldig heldig, og kan ta seg sjølv i å klype seg i armen fordi ho får leve eit så godt liv.
At menneske får utdelt så ulike kort ved fødselen kjennest urettferdig. Og Jahr tenkjer mykje over at ho må stå til ansvar for korleis ho forvaltar dei ressursane ho har blitt gitt. Til tider kan det tynge ho.
– Korleis ser ei slik forvalting ut i praksis?
– Me har til dømes eit stort hus, men eg vil at det skal vera fullt av menneske. Eg bur ikkje der for å ha det aleine, men for å dela på det.
Også er ho oppteken av å omgje seg med ulike menneske. Ho har ein uskriven regel for seg sjølv. Til ei kvar tid skal ho ha ein ven som er født under ein annan breiddegrad, som trur på noko anna enn ho sjølv, og som gjerne er frå ein annan generasjon.
Det hjelper ho å til å halde verdikompasset kalibrert og å utvide horisonten.
– Det er vanskeleg å tenkje i svart-kvitt når du har nokon tett på deg i livet som tenkjer heilt annleis enn deg verdimessig eller politisk.
---
4 raske
- Gud er: Skaparen av universet og min frelsar
- Eg klarar meg ikkje utan: Familien og sjokolade
- Boka alle må lese: Eg kjem alltid tilbake til Se det i øynene av C.S. Lewis
- I gravferda mi vil eg ha denne songen: Da skal gleden bryte fram av Roland Utbult
---
Ein broten forlovelse
Éin av dei som har forma trua til Jahr aller mest var absolutt av ein annan generasjon. Den ugifte og barnlause grandtanta Elsa budde rett ved barndomsheimen, og det var som regel hit Jahr kom rett etter skulen.
Elsa var født i 1915, og då ho som ung kvinne blei ramma av polio, fall livet ho hadde sett for seg i grus. Forlovinga med odelsguten blei broten. Ei gardskjerring kunne ikkje sitje i rullestol.
På slutten av livet samanfatta ho sine eigne opplevingar med å sitere Terje Vigen: «stort har jeg mistet, men stort jeg fik. Bedst var det, kan hænde, det gik, som det gik, -og så får du ha’e tak da, Gud».
Jahr legg hendene på bringa, og auga er blanke.
– Ho snakka alltid som at «ja, kva fekk vel eg gjort i livet mitt?». Det blei ikkje slik ho hadde tenkt. Men for meg og syskena mine var ho heilt uvurderleg. Og ho forma nok trua mi meir enn eg nokon gong vil forstå.
Grandtanta høyrde heime i Norsk Luthers Misjonssamband, og ofte diskuterte dei to. Nokon gonger justerte dei kvarandre sine syn, som då ho fortalde Jahr at dei blålakkerte neglene hennar ikkje «sømde seg» for ei kristen kvinne. Andre gonger var dei ueinige. Elsa blei 104 år gammal, og døydde i 2019.
– Ho var ein av mine beste vener, fortel Jahr, som i dag har knallrosa neglar.
– Fryktar det ryk
Det er innspelingsdag for episodar både av programmet Hovedkontoret og God Helg. Fyrstnemnde er unnagjort, og Jahr smett inn på eit lite toalett for å skifte overdel.
Dongeriskjorta må vike for ei rosa T-skjorte. Skjørtet med travelt neonmønster og innvovne gullband får bli. Underdelen synest nemleg ikkje i det eine programmet, der Jahr sit bak eit skrivebord.
– Eg har eit prinsipp om å ikkje ha same antrekk i to program. Men eg fryktar det ryk denne sesongen, fortel ei hektisk Jahr medan ho prøvar å finne ut om manuskorta er skrive ut.
Ho har alt måtta ty til dei tre døtrene sine klesskåp for å greie å halde på prinsippet, sjølv om ho «eigentleg ikkje skulle bli ei slik mor».
Det kan framstå som eg berre har surfa gjennom livet. Og til ein viss grad så har eg på ein måte det
Daglegdags liturgi
Sjølv om Jahr ikkje er utstyrt med mykje tungsinn, kan ho uroe seg for barna. Men også det har ho funne ei løysing på, fortel ho begeistra, med ljoseblå auge som glitrar både i blikket og augeskuggen.
I boka Liturgy of the Ordinary av Tish Harrison Warren fann ho hjelp til å knytte daglegdagse gjeremål til enkle truspraksisar.
Kvar morgon, før ektemannen vaknar, reier ho opp hennar side av senga, før legg ho seg på kne ved sengekanten.
Inni seg rekk ho kanskje å more seg litt over at det ser ut som ho kneler ned ved eit likskue, der mannen ligg og søv, før ho ber Vår Far.
Så ber ho for alt som uroar ho og for menneske i livet hennar som ho er glad i, som er sjuke, slit eller har det vondt. Dei blir nemnde med namn, og lista veks stadig. Ho avsluttar med «Velsign oss Gud Fader, velsign oss Guds son, Velsign oss du Heilage Ande».
Prektig, men egoistisk
– Det høyrest så prektig ut, men eg gjer det nesten like mykje av egoistiske grunnar. Det er så godt å leggje alt som uroar meg på Gud.
Det betyr ikkje at tankane forsvinn, men ho tillèt ikkje seg sjølv å opne opp att for dei i løpet av dagen. For no har ho lagt det i Gud sine hender.
Etter to år med vanen er kjennest det å stå opp utan å gjera dette like rart som å leggje seg utan å pusse tennene.
For Jahr har slike praksisar blitt viktigare, og ein god måte å inkludere trua i kvardagslivet. Dessutan funkar det dårleg med meir konvensjonell, bønestund der ein sit stille over lengre tid med auga lukka:
– Eg er heilt håplaus til å halde på konsentrasjonen. Eg blir fem år att.
Manglar dramatisk vendepunkt
Innspelinga skal snart gå i gang, og det nye, ljose, tunge teppet er på plass.
Jahr skal snart møte fleire gjester for å snakke om tru, tvil og alt i mellom. Sjølv har ho ikkje noko dramatisk vendepunkt i livet der ho tok imot Jesus.
– Eg har aldri fått vita kva Gud ville med livet mitt i store bokstavar, slik eg bad om. Men når eg ser tilbake på livet mitt og korleis ting har lagt seg til rette, så ser eg at Gud har bruka meg.