Ei fullkommen dotter

Junia heiter jenta ho held i armane. I blikket Zoé Kristiansen Skjæraasen legg på dottera si, dirrar det meir enn vi andre kan sjå.

Den bittelille skapnaden deler namn med ei kvinne som i Bibelen «utmerker seg mellom apostlane», som det står i Romarbrevet 16,7.

Denne tre månadar gamle jenta har fått namn etter ho som historia har diskutert om var ein del av Jesu inste krets – eller om var ei kvinne i det heile tatt. I dag levnar få bibelforskarar tvil om at Junia i minste fall var anerkjent blant dei tidleg kristne.

Mammapermen har skrudd ned livstempoet som evangelistjobben i Troens Bevis pleier å suse i.

Kontrastane sitrar i rommet, mellom det nye livet som det fredelege barnet i favnen er eit bevis på, og opplevingane Skjæraasen opnar opp om.

Samtidig som forkynnaren tar oss med gjennom flukta og fattigdommen, gløder ansiktet til den nybakte mammaen glimtvis opp – når ho ser på Junia.

Med vesla i armane fell ho etter kvart nokre stille tårer. For det som var – og for det som har blitt.

Zoé Kristiansen Skjæraasen. Forkynner i Troens bevis.

Det første mirakelet

For drygt fem år sidan la Zoé Kristiansen Skjæraasen frå seg valdsalarmen.

22 år tidlegare pakka mora ein raud van med fire barn, og flykta. Varebilen hadde kurs mot Sørlandet. Men først og fremst retning mot tryggleik.

Om nettene sov søskena i bilsetene og på madrassar på golvet. Dei slo leir på Hamresanden camping i Kristiansand.

– Eg hugsar det som om at vi drog på campingferie. Men det var jo eigentleg fordi vi ikkje hadde nokon plass å bu.

Mora hadde maks 7000 kroner å leige for. Det skulle gi soveplassar til fem, helst til besteforeldra òg etter kvart. Ho sette inn ein annonse i avisa, men visste at sjansane var låge.

Mens ho venta, fyrte ho opp eingongsgrillen og lét barna bada i havet. Kalenderen drog seg nærmare og nærmare skulestart.

– Mamma var god til å skjerme oss yngste. Ho klarte å gjere det til ei god oppleving.

Ein dag ringde telefonen. I andre enden var ein mann som brått må flytte etter konas nye utanlandsjobb. Huset deira hadde tre etasjar og stor hage, og måtte overtakast kjapt. Alt inventar kunne følge med.

Skal vi seie 7000 kroner, føreslo han.

– Det var eit ganske stort mirakel. Vi følte verkeleg at vi var forsørga av Gud.

---

Zoé Kristiansen Skjæraasen

  • 26 år
  • Utdanna ved Høyskolen for ledelse og teologi (HLT)
  • Jobbar som evangelist i Troens Bevis
  • Gift med Simon, har dottera Junia

---

Levde på skjult adresse

I tre-fire år var namnet hennar Ida Sofie. Adressa familien budde på, var hemmeleg.

På kjøkkenet i det nye huset song mammaen nittitals-lovsongshits mens ho tok oppvasken og rydda.

– Lovsongen var hennar måte å klare seg på, trur eg.

«Du er hellig» blei ein slags nattasang. Om kveldane krøyp dei yngste barna opp i den store dobbeltsenga, ho hugsar alle putene og dynene oppi der. Dei bad kveldsbønn saman.

Gjennom nesten heile oppveksten levde familien med ein bankkonto under fattigdomsgrensa. Krisene var mange, og fleire av dei akutte; desperate situasjonar som måtte løyse seg fort.

– Vi har klamra oss fast til Gud. Mamma var flink til å dra oss barna med i bønn, men utan å bekymre oss. Slik fekk vi sjå resultatet då vi fekk bønnesvar.

– Det er jo … ganske vilt. Det har vore ein spesiell situasjon, som ikkje så mange i Norge har vore borti. Det må eg minne meg sjølv litt på.

Dei stundene Skjæraasen tar innover seg alt som skjedde, føler ho at takksemda til Gud blir enno større.

– I staden for å hoppe over det og tenke at det ‘liksom ikkje var så farleg’, men heller erkjenner at det var heilt sjukt, så ser eg tydeleg at det har vore mirakel langs vegen.

Zoé Kristiansen Skjæraasen. Forkynner i Troens bevis.

Eit sjølv som krasja

På ungdomsskulen var Zoé ei som festa og drakk og møtte gutar. I kyrkja prøvde ho å vere flink og kristen, men kjente ikkje at ho passa inn. Heime storma det, der fanst eit liv ho følte ingen andre forstod.

– Og eg merka at eg mista kven eg var.

Ho var 16 år og trong hjelp, men opplevde ikkje at ho fekk det. Håpet om at vidaregåande kunne betre ting, svann fort.

– Då … då var eg på nippet til å ta livet mitt.

Men eit ørlite lysglimt frå barnetrua kom til syne for henne.

– Det var eit eller anna håp der, som gjorde at eg sleit med å ta det siste skrittet. Eg kunne heller ikkje gjere det mot mamma, ho som har gått igjennom så mykje.

– Så eg sa til ei fantastisk dame på skulen at no eg ha hjelp, viss ikkje går det ikkje lenger.

Bønnesvaret blei ein plass i ungdomspsykiatrien (BUP) og ein fantastisk – og kristen – psykolog.

Det heldt henne i live.

Det var Jesus som kunne møte dei behova eg sjølv hadde prøvd å møte andre stader

Då ho møtte Jesus

Nokre dagar seinare plasserte mamma Zoé i bilen. 16-åringen hadde heller ikkje denne gongen peiling på kor dei skulle.

At det var Jesus som venta henne på den ukjende plassen, hadde ho inga aning om.

– Hadde mamma sagt at vi var på veg til eit yogaretreat i Thailand, hadde eg sagt ‘ja, ja, greitt’. Eg var likegyldig. Men eg blei med, for mammas del.

Destinasjonen var ei lokal kyrkje – og sjelesorg.

I samtalen spurde presten Zoé kva ho trudde var kjernen til kvifor ting hadde vore så vanskeleg. Ho svarte at ho ikkje visste. Presten føreslo at dei skulle spørje Jesus om det, og byrja å be.

– Eg hadde eit ganske fullt hovud. Så det første mirakelet var at det blei heilt stille.

Augeblinken

Så fekk Zoé eit syn, av seg sjølv som nyfødd baby på sjukehuset.

Jesus kom inn på fødestua.

– Han var strålande, full av lys, han tok meg opp og var berre så stolt og glad. For at … Ja, at det var meg.

I den augeblinken var det som om all bekreftelsen ho hadde leita etter, på at ho er ønska, fall på plass.

– Jesus var berre så glad for at det var eg som var meg, at eg er ei jente. Gjennom livet mitt har det vore så mykje kamp, med avgrensingar fordi eg nettopp er jente.

Den mørke og seige kjensla som låg over Zoe i tenåra byrja å lette. Sjelesorga ho var likegyldig til, blei vendepunktet.

– Det blei så tydeleg at det var Jesus som kunne møte dei behova eg sjølv hadde prøvd å møte andre stader.

– Og så har det ikkje berre vore lett etter det. Men eg har aldri tvilt på om eg skal følge Jesus i etterkant.

Vi følte verkeleg at vi var forsørga av Gud

Ære og skam

Skjæraasen og søskena er halvt pakistanske og halvt norske. Parallelt med at ho – som jente – utvikla seg, opplevde ho at fleire vaksne rundt ønskte mindre fridom for henne.

Etter kvart bar Zoé og mammaen valdsalarm. Den gjekk ho med fram til ho gifta seg for fem år sidan. No når ho ‘tilhøyrer’ ein annan mann, er ho tryggare.

Ordet «kvinneleg» har hefta ved henne på fleire måtar i løpet av livet. No står det ofte framfor «forkynnar», som er jobben ho har i Troens Bevis.

På éin måte gir merkelappen stadige moglegheiter til å snakke opp det kvinnelege forkynnarkallet, som ho no opplever seg fri til å ta på seg. Likevel har det ikkje vore opplagt at det var eit kall ho som kvinne kunne ha.

På teologistudiet ved Høyskolen for ledelse og teologi (HLT) søkte ho bibeltekstane og kloke menneske, no måtte ho ta eit ordentleg teologisk oppgjer.

Zoé Kristiansen Skjæraasen. Forkynner i Troens bevis.

Var denne kjensla av eit kall hennar eigen vilje og imot det Bibelen sa? Eller var det faktisk dette Gud ville for henne?

Når folk trekk nådegåva hennar i tvil no, vil ho ikkje klandre dei.

– Eg vel å tolke det positivt. Når folk meiner at kvinner ikkje skal leie, og underordne seg, så trur eg dei har eit genuint ønske om å følge Guds ord – at viss Gud har skapt ei sånn ordning, så er det for det beste.

– Men så er det jo òg ei stor sorg i det, for eg ser kor enormt mange jenter det kneblar.

Ein bibeltru bris

Kvifor gutar verkar å meir frimodige til å ville utforske å forkynne, trur 26-åringen det finst fleire svar på.

Eit er denne reelle teologiske motstanden. Eit anna er dei få forbilda å spegle seg i.

Men eit tredje svar er kanskje litt meir overraskande: No meiner unge kvinner sjølv at det ikkje er riktig, ser Skjæraasen tendensar til.

– Mange vaksne trur ikkje at dette er ei utfordring, at det ikkje lenger er ein kamp. Men eg ser blant unge at dette er i vinden igjen.

Denne vinden er ein konservativ bris: Unge kristne som set Bibelens ord som autoritet, og blant anna tolkar det til å utelukke kvinneleg leiarskap.

– Dette spreiar seg òg blant jenter, som har eit oppriktig ønske om å følge Gud.

– Dei ønsker å ikkje vere ein del av denne sekulære kulturen ein meiner er prega av feminisme, at alt skal vere fritt og flytande, at ein har tatt for mykje plass. Så tenker ein at Gud er noko veldig fast.

Og han er jo det, nyanserer Skjæraasen. Men utslaget treng ikkje vere at kvinner trekk seg tilbake, meiner ho.

– Det gjer at mange jenter som er gode hyrder, lærarar og leiarar ikkje får gjort det eg trur Gud har for dei.

Når ho reiser rundt – i Norge og Mali og alle landa som Troens Bevis jobbar i – kan ho få merknader. Enkelte spør kva mannen hennar tenker om tenesta hennar.

– No synest eg nesten meir synd på dei som gir kommentarane. For eg er så trygg på kor eg står og kva Gud har kalla meg til.

Posisjonen ho har akseptert, har òg eit snev av pragmatikk i seg. Målet hennar er jo først og fremst at fleire skal komme nærare Jesus.

– Folk gjer det gjennom tenesta mi. Så eg tenker at viss mi tenesta er noko negativt for andre, eller viss dei meiner noko er feil, så kan dei ta det med Gud, seier ho lattermildt.

---

4 raske

  • Gud er: Raus
  • Eg klarar meg ikkje utan: Ektemannen min
  • Boka alle må lese: Practicing the Way av John Mark Comer
  • I gravferda mi skal denne spelast: Family Affair – Mary J. Blige

---

Noko nytt i det stille

Spør du Zoé Skjæraasen sine ikkje-kristne venner, er ho konservativ. Spør du enkelte ho møter når ho er ute og preiker, er ho liberal.

Det er ikkje heilt lett å plassere Zoe teologisk eller i kyrkjelandskapet. Kanskje treng ein det ikkje heller. Å akseptere dei samansette nyansane er kanskje det som er riktig om 26-åringen.

– Eg har hjarte for å lufte dette debattklimaet litt. Vi må vise at det ikkje er «dei som trur på Bibelen» versus «dei som drar med vinden», liksom.

Ho er oppvaksen i karismatiske miljø, og er takksam for det, og kan trivast mange stader.

– Spesielt dei seinare åra har eg funne mykje glede i … kva skal eg seie … meir rolege miljø, kor eg òg kan få vere med Gud på ein annan måte.

No treng ho ikkje alltid vere så påskrudd, oppsøkande og handlande som ho før trudde ho måtte.

– Eg kan berre vere. Vere i stilla, vere meg sjølv, få lov til at det er Han som tilnærmar seg meg.

– Det har vore overraskande vanskeleg.

Zoé Kristiansen Skjæraasen. Forkynner i Troens bevis.

For når det har blitt stille, har tankane og kjenslene frå historia blitt uunngåelege. Ho har latt dei komme, og ho har vakse. Der ho før tenkte at Gud var ein som skulle gjere alt betre, kjenner ho no ein Gud som støttar når det er som verst.

– Eg har nok hatt ganske høg sjølvtillit, men låg sjølvverdi. Eg har hatt tillit til at eg er flink til det eg gjer, har mange venner og er sosial, og fungerer bra i dei ytre tinga. Men når ein fjernar det, kven er igjen då? Er eg god nok då?

– Det har eg nok ikkje heilt trudd.

Ho kallar det ein helbredelsesprosess, som har komme langt, men framleis held på.

Babylydane romsterer frå sparketeppet medan ho fortel.

– Apropos det, at Junia ligg der og siklar og gulpar og fiser, liksom ... Og så elskar vi henne og ser at ho er av uerstatteleg verdi …

– Det har eg òg fått spegle meg litt i. At det er slik Gud også ser på meg.

Jenta Junia

Zoé Kristiansen Skjæraasen har eigentleg alltid sett for seg å få søner, kanskje fordi heimen har vore full av brør og kompisane deira.

– Men eg trur òg det har vore noko i meg som nesten har vore litt redd, kanskje, for å få ei jente. Då må eg jo møte ein del ting i meg sjølv.

– Korleis skal eg hjelpe henne til å vakse opp og bli trygg på seg sjølv? Til å få vere stolt av å vere jente, få lov til å vere feminin der ho vil, at det ikkje skal vere noko hinder for henne på verken indre eller ytre plan?

Ho leitar etter ordet, går for spesielt, når ho skal beskrive å få jenta, Junia, først.

– Det har vore mykje læking i det.