23 år gamle Ole Edvard Wold-Reitan sit på kontoret til prest Helge Fisknes. Sjølv om vindauge står på gløtt ut mot den grøne sommarhagen, siv lukta av rullings ut av veggane.
Håpet er at møtet skal sikre den unge mannen ein arbeidsstad for siviltenesta si. I staden skal det vise seg å resultere i ei større, og heilt anna, livsomvelting.
80-talet er inne i sin siste halvdel, og Aids er ein farleg sjukdom som rammar særskilt det skeive miljøet hardt. Det er endå mange år til effektive medisinar kjem på marknaden. Wold-Reitan er alt veldig engasjert i arbeidet til Kirkens Bymisjon i hovudstaden.
Han har høyrt om arbeidet Fisknes leier, eit hus på hemmeleg adresse, der ein har tilbod for menneske ramma av hivviruset.
I over éin time har Wold-Reitan prøva å overtyde presten på andre sida av bordet om at han kan vera ein god ressurs, og han har vist kor mykje han kan om temaet. Samtala nærmar seg slutten og Fisknes tek ordet:
– Det er ingen tvil om at du er veldig kvalifisert for å ha sivilteneste her, meg eg må spørje deg: Trur du det kan vera slik at du er homofil sjølv?
Ingen har spurt han før. Og sjølv om han nok inst inne har visst det i ei handfull år, har han aldri sagt det han no skal seie høgt:
– Ja, det er eg nok.
---
Ole Edvard Wold-Reitan
- 58 år, bur i Asker.
- Født i Oslo, og hadde barndom og ungdomstid på Stord, i Bærum, Trondheim, Nesna og Mo i Rana.
- Gift med Harald. Saman har dei tvillingar på elleve år, éin gut og éi jente.
- Starta i jobben som ny kyrkjerådsdirektør i Den norske kyrkja denne veka.
- Kom frå jobben som stiftsdirektør i Oslo bispedøme. Har tidlegare jobba mellom anna på Slottet, i Kirkelig Kulturverksted, Oslo Gospel Choir, eige artist-management.
- Har musikkutdanning frå Staffeldtsgate, jussfag frå UiO og master i leiing frå BI.
---
Pastoralt skjønn
– For meg, i den situasjonen, var det det beste pastorale skjønnet eg kunne opplevd, seier han i dag om at Fisknes turte å stille spørsmålet.
Det kjentest godt og avklarande. Ikkje invaderande.
Då presten fann ut at den unge mannen framfor han ikkje var «ute av skåpet» forklarte han venleg at han måtte finne ut av sine eigne ting fyrst, før han kunne byrje å jobbe med ei gruppe menneske som også sjølve hadde ting dei ikkje hadde kome til rette med.

Det heile førte til at Wold-Reitan ringde foreldra og sa at han kom heim til Hamar for å ta ein prat med dei.
Den gongen var det vanskeleg både for han sjølv, og for foreldra, å sjå for seg korleis livet hans kom til å bli.
Strålande å vera éin i mengda
36 år seinare har han sin fyrste dag på jobb som den øvste, administrative leiaren i Den norske kyrkja.
Heime har han mann og barn.
Tidlegare i livet kunne han kjenne på eit trøkk rundt det å vera homofil og høyre til i kyrkja. Men noko har endra seg.
– Dei siste ti åra har eg hatt eit liv der eg smør matpakker og hentar og leverer til speidar og fotball. Då tenkjer eg ikkje over at eg er annleis fordi eg er homofil. Eg trur det er noko godt for alle menneske i å kjenne på at ein er heilt alminneleg.
Han synest det er heilt strålande å vera éin i mengda. Men no har han likevel valt å stikke seg litt meir ut, i denne nye rolla.
Djupast sett handlar engasjementet mitt om det store mysteriet, og om alt det kyrkja står for og ber som ikkje er tal, nummer og pengeløyvingar og måloppnåing
— Ole Edvard Wold-Reitan
Det store mysteriet
Klokka er 07.30 måndag morgon, og ein kjenner i lufta at det ikkje er juli lenger.
Wold-Reitan har akkurat kome med toget frå Asker til Oslo S. Fyrste dag i ny jobb vil han starte tidleg, og ambisjonen er å halde fram med det. Håpet er å ha litt tid før tettpakka møtedagar er i gang.

Han kan ikkje rekne med berre medvind i segla på kyrkjeskipet framover. Stramme budsjett, nedskjeringar og fallande medlemstal er noko av det som møter han i den jobben som direktør for Kyrkjerådet.
3,5 millionar medlemmar. 7000 tilsette. 70.000 frivillige.
– Det er eit stort ansvar du har tatt på deg?
– Eg likar ansvar. Men motivasjonen min ligg nok primært i at eg er overtydd om at Noreg treng ei tydeleg og nærverande folkekyrkje. Kyrkjerådet har eit oppdrag i å utvikle folkekyrkja, og invitere til det store me.
Han dreg fram ordlege bilete henta frå musikkens verd. Om medarbeidarar som eit orkester, der ein må få til samspel.
– Men djupast sett handlar engasjementet mitt om det store mysteriet, og om alt det kyrkja står for og ber som ikkje er tal, nummer og pengeløyvingar og måloppnåing, men som er heile livets mysterium og det gode bodskapet om fridom og håp og framtid for alle.
---
4 raske
- Gud er: Kjærleik, og alltid meir
- Eg klarar meg ikkje utan: Familien min, den vesle og den store
- Denne boka må alle lesa: Verden av i går, av Stefan Zweig
- I gravferda mi vil eg ha denne songen: Deg være ære
---
Bedehus, Jesusvekking og pipelukt
Dette er eit bodskap Wold-Reitan har fått med seg heilt frå barnsbein av. Båe foreldra var svært aktive i ulikt kristent arbeid. Dei fem barna deira tok dei med i kyrkja på sundagane, og resten av veka skjedde det ting på bedehuset.
Jobben til faren som rektor på lærarutdanningar førte dei land og strand rundt, og dei flytta mange gonger.
Sjølv om Wold-Reitan er født i Oslo og har hatt mesteparten av livet sitt der, så avslører r-ane at han lærte å snakke då han budde på Vestlandet.

Den ferske kyrkjerådsdirektøren trur den store syskenflokken med det sterke samhaldet var med på å gjera at han ikkje sit att med oppbrot som eit dominerande minne frå barndommen. Uansett kvar dei flytta, så hadde dei kvarandre.
Det var ei stor gåve å vakse opp i ein familie med ei så levande tru
— Ole Edvard Wold-Reitan
Mora, Karin Reitan, var predikant og reiste mykje rundt, men når ho var heime var det ofte fullt hus.
– Dette var på 70-talet, midt i Jesusvekkinga. Det krydde av folk heime hjå oss. Far min kunne nok bli litt oppgitt. Han kunne koma heim frå høgskulerådsmøte i Alta, også sat det sytti studentar på golvet i stova.
Predikantar kom og budde hjå dei. Han hugsar spesielt ein som lånte rommet til systera i fleire veker.
– Han røykte så mykje pipe at me måtte måle rommet då han reiste for å bli kvitt lukta.
Og kom han eller syskena heim og såg at døra inn til den inste stova var lukka, var det berre å byrje på middagen sjølv. Då hadde mora sjelesorgsamtaler.
Det var spanande og lærerikt for ein ung gut med alle desse menneska, alt frå biskopar til studentar. Dessutan var det lett å forhandle seg til seinare leggjetid når interessante tema blei tatt opp.
– Det var ei stor gåve å vakse opp i ein familie med ei så levande tru. Me lærte veldig mykje.

Mora betalte høg pris
Likevel har han ikkje tatt med seg vidare alt i den trua han den gongen fekk servert. Han tenkjer at tru alltid vil vera i endring, fordi livet er i endring.
– Eg hugsar at mora mi, midt oppi dei homogreiene, sa at «trua mi må leve der livet mitt er».
Med «homogreiene» siktar han til korleis ho jobba i ein konservativ, kristen kontekst, og fekk utfordra sitt eige syn på homofili, etter at sonen kom ut av skåpet.
– Ho betala ein veldig høg pris for det.
– Ho skifta syn?
– Ja. Eller for å seie det slik: Ho skreiv eit brev der ho sa at ho hadde fleire spørsmål enn avklarte svar. Og det var nok.
– Til å miste jobben?
– Ja. Det, og masse oppdrag.
Det stod ho trygt og godt i, ifylgje sonen.
– Men det overraska ho veldig at det å vera undervegs i noko blei så diskvalifiserande.
Å få livet til å henge saman
Mora blei kreftsjuk, og døydde i 2000, 62 år gammal. Det siste året hennar blei ho og sonen bedne om å reise rundt for Kirkens SOS, ein organisasjon som driv døgnopen krisetelefon.
Dei besøkte alle kontora rundt i landet, og delte kvar si side av historia og prosessen i etterkant av at Wold-Reitan kom ut som homofil.
– Det siste besøket var i Kristiansand i november. Eg trilla ho i rullestol ute på Gardermoen. Ho døydde på juleftan.
Denne turneen blei ei viktig brikke i det han kallar å «få livet til å henge saman».
– Noko av det eg er mest takksam for er at me fekk landa det før ho gjekk bort.

Har slutta å syngje
Ein velkomst-orkidé har fått plass på kontoret. Ei litt mindre velkommen gåve er HP-datamaskina som krevst for å få tilgang til sakshandsamingssystemet.
Etter 15 år med eple-avhengigheit ser han mørkt på PC-tilvenning.
– Visste du at tittelen du har fått i den KI-genererte oppsummeringa når ein googlar deg er «songar»?
– Oi. Nei.
Det er ein tittel han ikkje lenger kjenner seg att i. Han var fostra opp med korsong, og faktisk var han med på å starte Oslo Gospel Choir i 1988, saman med dirigent Tore Aas. Han jobba også fulltid for koret i fleire år.
– Eg vil gå så langt som å seie at eg slutta å syngje for 15 år sidan.
Då Wold-Reitan endeleg innsåg at han ikkje måtte syngje solo, var det ei letting. Han kjenner seg ikkje heime på den scenen.
Bård Tufte Johansen og Lille Lørdag
Det er ikkje det einaste som skil seg ut på CV-en. Han har også vore manager for humorprogrammet Lille Lørdag, som blei ein suksess over natta i 1995. Ein treng ikkje grave særleg djupt for å finne den informasjonen.
– Du har ei overraskande utfyllande Wikipedia-side.
– Har eg? Eg har ikkje vore inne på ho.
Den tidlegare manageren fortel at han budde i kollektiv med Bård Tufte Johansen, og at det var slik han enda opp i rolla.
– Det var verkeleg ei artig tid.
– Var det Wikipedia du sa?
Han noterer det ned på eit ark.
– Eg må gå inn og sjekke. Eg blir litt nysgjerrig.

Mette Marit hjelpte med dei nyfødde tvillingane
Men det er også andre ting som dukkar opp når du googlar den nye kyrkjerådsdirektøren.
Wold-Reitan og ektemannen fekk tvillingar i 2012 ved hjelp av ei surrogatmor. Det skapte merksemd då kronprinsesse Mette-Marit reiste til India for å ta seg av dei nyfødde barna, fordi ekteparet sjølve fekk visumproblem.
Wold-Reitan har jobba i ulike roller ved Det kongelege slott i ti år, mellom anna som rådgjevar for Mette-Marit.
– Korleis var det å stå i ein mediestorm samstundes som de hadde ei stor livsomvelting i form av å bli foreldre for fyrste gong?
– Det var ei så stor omvelting at den støyen den fekk nesten ikkje plass. Barna tok over heile livet, me sov ikkje om nettene, og det var både heilt fantastisk og veldig utfordrande.
Han tenkjer seg om, og veg orda nøye. Surrogati er eit kontroversielt tema, og forbode ved norsk lov.
Me lengta etter eit liv som handla om å oppdage både mysteriet og underet i det å vera ein liten familie
— Ole Edvard Wold-Reitan

Stifta familie med hjelp av surrogati
Nyleg uttalte Bioteknologirådet at foreldre som brukar surrogati i utlandet bør straffast.
– Kan du seie noko om kva avvegingar de gjorde i forkant av at de bestemte dykk for å stifte familie på denne måten?
– Eg trur ikkje eg har lyst å seie noko om det. I den stolen eg sit i no, som direktør i Kyrkjerådet, så er det ingenting i mi rolle som skal vurdere eller meine noko om surrogati som fenomen. Og det er heller ikkje noko som ligg på kyrkja sitt bord til avklaring no.
Dersom det skulle koma meiner han det er naturleg at biskopar, Kyrkjerådet og Kyrkjemøtet forheld seg til dette, ikkje han som administrativ leiar.
– Eg kjenner meg trygg på at ein slik eventuell prosess vil bli varetatt på ein god måte i framtida.
Wold Reitan seier han håpar ein eventuell debatt om temaet vil vera sakleg og respektfull.
– Eg trur kyrkja har lært noko om å gjera menneske til ein sak. Og det gjeld også barna som har kome til oss på denne måten. Det er sårbart, og eg ynskjer ikkje at dei skal oppleve å bli diskutert eller vurdert på ein annan måte enn andre.
Heilt tidleg i forholdet byrja han og ektemannen å snakke om det å få barn.
– Me lengta etter eit liv som handla om å oppdage både mysteriet og underet i det å vera ein liten familie. Me ville oppleve det innanfrå, og ikkje berre utanifrå.
Respekt for å leve ulike liv
Noko av det livet verkeleg har lært Wold-Reitan er at han aldri kjem til å finne svar på mange store spørsmål her i livet. Og at det kan han leve godt med. Det er faktisk noko litt fint med det, synest han.
Dessutan har han respekt for at folk ordnar liva sine veldig ulikt.

Favoritt-bibelverset finn han i Johannes kapittel 14: «I huset åt Far min er det mange rom. Var det ikkje så, hadde eg sagt dykk det».
– Det synest eg er ei utruleg fin skildring av noko som på denne sida av tida forpliktar oss til å tole og respektere kvarandre. Særskilt i kyrkjeleg leiarskap.
Og sjølv om han ynskjer å bidra til det som best han kan, faktisk er det ein av hjartesakene hans: å strekke seg for å laga plass til flest mogleg, så er han sikker på at Gud greier å leggje betre til rette for det på «den andre sida».
– Det er det noko håpefullt i.