Thomas, ein Tesla

– Er det du som er Neteland?

Ein gut på kanskje ti år bremsar sykkelen sin framfor 31-åringen kledd i baggy tskjorte og caps.

– Ja, svarar forkynnaren anerkjennande, og nærmar seg den unge bergensaren med fotballdrakt og spenning i blikket.

Thomas Neteland vandrar over campingplassen på Østerbo, kor Evangeliesenteret held sitt årlege landsstevne denne veka.

Lavvoar, fjelltelt og campingvogner er provisoriske heimar for kristenfolk som forventningsfullt har tatt turen til skogane i indre Halden. Fleire har blitt frelst allereie, har leirsjefen fortalt.

Den vesle vestlendingen på sykkel tar sats:

– Eg diggar «Kong Jesus». Det er ein av favorittsongane mine! seier han entusiastisk, og legg til at han gler seg til kveldsmøtet kor Neteland skal tale.

Thomas Neteland taler på Østerbo, Evangeliesenteret sitt årlege sommarstevne.

Evangeliesenteret sitt stevne er ein av ti plakatar kor den unge pinseprofilen står på i sommar. Eigentleg har Neteland ferie no. Likevel har han køyrd fire-fem timar frå hytta til dagens seminar og kveldsmøte.

Gradvis, og stadig tiltakande, har rogalendingen blitt eit fjes folk i Kristen-Norge stoppar opp ved.

– Men statistisk sett så er eg ikkje den eg er. Eg burde vore nokon andre, seier Neteland.

---

Thomas Neteland

  • 31 år, frå Sandnes. Bur i Oslo
  • Forkynnar, lovsongsartist, forfattar og kommunikasjonsleiar i Pinsebevegelsen
  • Gift med Karoline. Saman har dei dottera Mynte (4 mnd)
  • Ekteparet gir ut lovsongar under Neteland, kjende for låtar som «Kong Jesus» og «Frihet»
  • Podkastvert for bibelpodkasten «Oioioi» og andaktshaldar i Plussord

---

Mamma er ein turistattraksjon

Under den litt kryptiske formuleringa ligg eit trass i.

At Neteland skulle ende opp som ein klartalande moromann, fengande lovsongsleiar, forfattar, TV-fjes og ein entusiasmens faneberar, hadde nok ikkje Statistisk sentralbyrå (SSB) kunna rekne ut.

Ein del av skylda for at det likevel gjekk slik, gir han mor si.

– Ho er ein turistattraksjon! seier Neteland livleg, og skildrar ei kronisk ja-dame – engasjert og tilstadeverande.

Når sonen har ringt på døra heime oppgjennom, har han aldri heilt visst kven som kom til å opne opp.

Ein laus fugl frå byen, eller ei venninne han ikkje visste at mora hadde. Der kor mamma bur, flyt det av folk.

– Heimen vår har vore prega av veldig mykje humor. Latter, tull, tøys og gøy.

Ingrid Neteland bad ofte eldstesonen synge for gjestene ho hadde. Thomas gøymde seg i eit anna rom mens han framførte «Månemannen» av Vamp.

– Eg torde ikkje sjå på folk mens eg gjorde det, seier evangelisten som frå scenen på Østerbo lar blikket møte publikum.

Blant tilskodarane heime var sjeldan far.

Ein av dei siste gongene Thomas tok kontakt, var han barn, og ringde faren for å gratulere han med dagen. Tre veker seinare var det Thomas som fylte år. Men han fekk ingen telefon tilbake.

– Ganske tidleg hadde eg ei forståing av at Gud er far min. Lenge før eg kjente noko om Jesus, frelse og korset, alle dei tinga, så har eg hatt ei ganske klar fornemming av at det er Gud i himmelen som er min reelle far.

Folk har førebudd Neteland på at det kan komme ein krise i vaksen alder, ein reaksjon på dette slags tomrommet.

Krisen kunne komme då han gifta seg, blei det sagt. Eller då han fekk barn. Men krisen kom aldri.

Hos den vesle flokken – søster, mor og han sjølv – opplever Neteland å ha fått omsorg i ein styrkegrad som overgår to foreldre.

– Gjennom heile oppveksten tenkte eg aldri at vår familie hadde nokre issues. For meg var det gøyaste i heile verda å vere saman med mamma.

Thomas Neteland taler på Østerbo, Evangeliesenteret sitt årlege sommarstevne.

Likar ikkje den han var

Sundagsskulen som fanst for barna på bedehuset nekta Thomas å gå på.

– Eg syntest det var forferdeleg kjedeleg, seier Neteland lattermildt.

Gutungen ville sitte i benken med dei vaksne. Fem-seks-åringen var oppslukt av det som blei fortalt i talane.

– På sundagsskulen fekk eg følelsen av å bli behandla som eit barn, seier han, og ler av ironien utsegna ber med seg.

– Men talen til dei vaksne; det var content.

Noko ulma, nesten gnistra, i Thomas desse barneåra. Han var ein showmann og moroklump som gjorde seg merka.

– Når eg ser tilbake på den tida, så likar eg ikkje den eg var.

– Kvifor det?

– Eg tok altfor mykje plass og hadde null chill. Eg måtte stikke meg fram og vere ein klovn, midtpunktet liksom.

Då mamma Ingrid hadde fått Thomas inn i eit kor på barneskulen, blei Thomas kasta ut då han så vidt hadde begynt.

– Eg berre stressa og skulle få alle andre til å le. Synge, det kunne eg jo, men eg oppførte meg som ein kødd.

Nokre år seinare skulle det vise seg at den tøysete sitringa var ein del av ein plan.

Thomas Neteland taler på Østerbo, Evangeliesenteret sitt årlege sommarstevne.

Vendepunktet

Han hadde aldri vore i eit rom med så mange folk før. 13 år gamle Thomas og ungdomsmiljøet drog saman til ein handballhall kor det var festmøte for Pinsebevegelsen sitt 100-årsjubileum.

Kva Egil Svartdahl tala om den kvelden, det huskar han ikkje. Men orda i invitasjonen – om å komme opp og bli fylt med Guds heilage ande – fekk Thomas opp av stolen.

– Tanken på at Den heilage anden kunne ta bustad i meg, på ein spesiell måte … Det var ny informasjon for meg.

– På dette tidspunktet tok eg alt eg kunne få. Eg var veldig frimodig. Så det var ein no-brainer å gå fram.

Forbønna i Giskehallen markerer eit før og eit etter. Aldri før og aldri seinare har Neteland kjent Den heilage anden så levande og så fysisk.

Mannen som bad for han, fekk profetiske ord om den livlege ungguten.

– Det handla om å vere leiar, om å vere ei stemme. Eg hadde dreads. Eg gjekk i zebra-bukser. Eg var all over the place. At nokon sa slike profetiske ting kom ikkje av at han kunne sjå noko talent av leiarskap, seier Neteland og ler.

– Det handlar om at ein opplever at Gud har noko. For meg blei det sinnssjukt. Det staka ut ei retning.

Men konfrontasjonen som òg følgde med, var han ikkje klar for.

– Det var først og fremst ein konfrontasjon på at ‘ja, det finst ein plan for livet ditt, men den handlar ikkje om deg’.

Thomas Neteland taler på Østerbo, Evangeliesenteret sitt årlege sommarstevne.

Ei TV-stjerne in spe

Til denne konfronterande åpenbaringa Thomas fekk, følger det ein viktig del to.

– Og den er at eg er meir elska enn eg nokon gong hadde trudd at eg kunne vere. Og Jesus som seier: ‘Viss du følger meg, så skal eg vise deg eit liv du ikkje trudde var mogleg’.

Full av gnist tok Thomas og tenåringskompisane til gatene i Sandnes for å fortelje om det dei bobla over av etter gymsal-møte, og inviterte «randoms» til kyrkja han no hadde begynt i. No var ikkje lenger scena hans på Rogaland Teater, men Sentrumskirken. Der fann han ein heim for sin åndelege iver og ein plattform for talenta sine.

No dreidde ikkje lenger humoren og musikaliteten seg om å gi Thomas merksemd, men om å gjere Jesus kjend.

Då ein promo rulla over TV-skjermen såg 14-åringen sitt snitt. Programmet Norske Talenter skulle ha sin første sesong i Norge, og TV2 søkte deltakarar.

Thomas ringde naboguten, bestekompisen – sin bror frå ei anna mor – og sa:

– Det er jo dette vi skal vere med på. No skjer det.

– Hadde du og han nokon ‘act’ på dette tidspunktet?

– Nei, sjølvsagt ikkje, seier Neteland og ler.

Nokre månadar seinare sto to 14 år gamle gutar med fyrrig-professor-sveis og gjorde trylletriks med humor framfor «heile» Norge på laurdagskvelden.

Etter tiandeklasse måtte dei to ta eit friår med sine 300 show og turné med den kristne organisasjonen Ny Generasjon. Alt oppstyret hadde ein større visjon.

– Før kvart show så bad vi saman, om at dette måtte bety noko meir enn berre underhaldning.

Thomas Neteland taler på Østerbo, Evangeliesenteret sitt årlege sommarstevne.

Kallet

– Det er ein stor glede å avbryte ferien for å vere her saman med dykk, seier seminarhaldar Neteland framfor forsamlinga i Østerbo kirke, som byrjar å le.

Fleire og fleire strøymer til dei oppsiktsvekkjande behagelege blå klappstolane. I radene er høyreapparat, capsar, blomsterbluser, batikk-bukser, sportsbriller og barneleiker.

Seminaret Thomas Neteland held om Matteus 11,28-30 har samla allslags folk i alle aldrar.

Ja, tilsynelatande også slike mini-Thomasar sit i klappstolane, barn klare for content om Jesu gode åk og lette byrde.

Bodskapen frå desse bibelversa har talaren kokt ned i tre enkle setningar om kva Jesus kallar til:

Kom til meg. Lær av meg. Stol på meg.

«Amen!» og «halleluja!» høyrest sporadisk frå kantar av rommet. Publikum humrar og nikkar.

– Eg opplever meg kalla til ordets teneste. Om det er ord med melodiar på, om det er i skriftleg form eller rein forkynning, det skil eg ikkje veldig sterkt mellom, reflekterer Neteland i pausen mellom seminaret og kveldsmøtet.

Dei gongene folk spør 31-åringen korleis han skriv ein lovsong, veit han ikkje heilt kva han skal svare, han som saman med kona Karoline har nådd millionen av avspelingar på låten «Kong Jesus».

– Eg har ikkje peiling på kva ein skal fokusere på. Eg veit ikkje korleis ein skriv ein song, seier Neteland humrande.

– Opplevinga mi er at eg ikkje skriv den, men at eg finn den.

---

4 raske

  • Gud er: Kjærleik
  • Eg klarar meg ikkje utan: Luft
  • Boka alle må lese: Salomos ordspråk
  • I gravferda mi skal denne songen spelast: Det har eg ingen meiningar om. Eg er jo død?

---

Thomas Neteland taler på Østerbo, Evangeliesenteret sitt årlege sommarstevne.

Morgon med Gud

Klokka 07:30 ringer alarmen hos ekteparet Thomas og Karoline Neteland.

Meir enn på gudsteneste er det i desse første morgonminutta at pinseprofilen opplever gudsnærværet sterkast.

Dagens første 20 skal vere stille og frie for inntrykk. Mobilen blir liggande. Han skal helst ikkje snakke.

– Eg opplever morgonen som eit space kor eg er mottakeleg for ting, om Gud vil fortelje meg noko eller har noko han vil gi meg.

Neteland skrur av alarmen og ber ei kort bønn. Han overgir dagen til Gud og ber om å bli talt til.

– Tanken om at Gud har vore vaken mens eg sov … seier Neteland fascinert.

– Når eg vaknar, vil eg anerkjenne at Han har vore vaken heile tida.

Kunstnarklisjeen om den kreative flyten midt på natta kjenner ikkje Neteland seg igjen i. Det er ved morgongry at han opplever at setningar til låtar eller melodilinjer i lovsongar nærmast berre ligg der inni han.

Dette, at stille er livsnødvendig for Neteland, trur han kan overraske folk som har sett han på ei scene – veivande med armane og ropande engasjert.

– Eg er jo eigentleg ekstremt introvert, seier han.

Korleis blei ein dønn introvert fyr den kristne entusiasmens faneberar?

Svaret er at han er ein Tesla, forklarte ei dame ein gong.

– Ho sa at eg køyrer fortare enn alle andre, men så må eg lade etterpå. Det er eigentleg eit fint bilde, synest eg.

Trur vekkelse er på gang

Den 31 år gamle evangelisten har vore kristenleiar halve livet. Dei ti første åra fekk ikkje norske kyrkjelydsleiarar noko gratis, meiner han.

No skjer det noko.

– Fram til nyleg har pastorar drive på fordi ein har vore overtydd om at det er rett. Men verken politisk eller kulturelt har ein fått så mykje støtte.

– Det som er gøy no, er at kulturen har falt på sin eigen urimelegheit. Det har vekt ein kollektiv nysgjerrigheit på dei store linjene i samfunnet.

Unge lengtar etter ei større meining, noko konstant, noko å leve for, trur Neteland.

– Det ulmar så sjukt. Det er så mange menneske som vaknar opp. Eg trur vi går inn i ei kjempespennande tid. Ordet vekkelse er ikkje berre ein klisjé lenger.

I kyrkja han sjølv går, Filadelfiakirken Oslo, kjem det folk som ikkje kjenner nokon. Han har møtt menneske som berre har googla seg til kyrkja, følt ei dragning ditover.

– Sjølv om eg er 31 år, så har eg vore i dette gamet halve livet. Og dette har eg aldri sett før.

Thomas Neteland taler på Østerbo, Evangeliesenteret sitt årlege sommarstevne.

Den himmelske familien

Talet på opptakaren tikkar mot to timar. Vi må til kjernen. Thomas Neteland må rekke å få i seg mat og sjå over på notata før den store Østerbohallen skal fyllast opp til kveldsmøte.

– Kva er di tru?

– Mi tru er at Jesus ikkje er ein teori, men at han er ein historisk skapnad som påstod at han var Guds son, og beviste det med at han stod opp frå dei døde, og at han gjorde det for meg.

– Kven er Gud?

– Han er pappa. Enkelt og greitt, svarar Neteland utan å nøle.

– Kva betyr det?

– Det betyr at ein er familie. Og ein sluttar ikkje å vere familie fordi ein har gjort noko dumt.

– Gud er sterk, det er ikkje eg som held fast i Han, men det er Han som held fast i meg. Når eg er trulaus, så er han trufast. Til og med når eg gjer dumme ting eller er på ein rar plass eller tenker ting eg ikkje burde gjort, så har eg ein tryggleik i at han ikkje vender ryggen.