Meiner heile samfunnet kan lære av Paulus
LEIING: I ei ny bok tek tre kyrkjeleiarar til orde for at samfunnet og kyrkja kan lære av mangfaldet hos Paulus. – Å tru at vi vert betre saman burde vore ein sjølvfølgje, men det er ikkje det.
BOKAKTUELLE: Prest Torstein Eidem Nordal, prest Vidar Mæland Bakke og pastor Egil Elling Ellingsen er aktuelle med boka «FEM toneangivende personer».
Matilde Solsvik
– Når kyrkja har vore på sitt beste, har den klart å vere tru både til ei lære og ei bekjenning som har vore såpass samsvarande at alle har visst kva ein har vore saman om. Så har det samstundes vore såpass mykje spenn av ulikskapar at ein har klart å vekse.
Dette seier Vidar Mæland Bakke, prest og dagleg leiar i ByMenigheten Sandnes. Han sit på ein benk rett ved Oslo sentralstasjon, midt mellom Torstein Eidem Nordal, prest i Bogafjell kyrkje i Sandnes, og Egil Elling Ellingsen, pastor i IMI-kirken. Saman er dei aktuelle med boka FEM toneangivende personer.
Boka tek utgangspunkt i Paulus sin modell for leiing av ei forsamling. Forfattarane meiner Paulus set ord på fem toneangivande personar i ein dynamisk organisasjon, det Paulus kalla apostel, profet, evangelist, hyrde og lærar.
Bestill abonnement her
KJØP