– Kva blir konsekvensane for oss no vidare?
BEKYMRA: Spørsmåla har vore mange for ekteparet Kristine og Håvard Larsen etter at dei såg nyheiten om at deira ekteskap er eitt av nærare 800 som kan vere ugyldige, som følgje av vigselsliturgi som ikkje har vore godkjend.
USIKRE: – Kva blir konsekvensane for oss no vidare, dersom ekteskapet er ugyldig?Det spørsmålet stiller Kristine Larsen, som saman med Håvard Larsen blei vigsla i Metodistkirken i 1994.
Privat
– Kva blir konsekvensane for oss no vidare, dersom ekteskapet er ugyldig?
Det spørsmålet stiller Kristine Larsen, som saman med Håvard Larsen blei vigsla i Metodistkirken i 1994. Eller blei dei faktisk vigsla?
Torsdag skreiv avisa Dagen at Metodistkirken i Norge i 30 år har nytta ekteskapsliturgiar som ikkje har vore godkjend av norske myndigheiter. Konsekvensen, ifølgje professor Asbjørn Strandbakken: Ekteskapa inngått mellom 1991 og 2023 i Metodistkirken – anslått til å vere rundt 800 i antal – kan vere ugyldige.