Kristenprofilane sine stalltips til ny biskop
DEN NORSKE KYRKJA: Om tre veker er fristen for å koma med forslag til ny biskop i Sør-Hålogaland. Her er stalltipsa frå ei rekkje personar med god kjennskap til kyrkjelandskapet i nord.
NY BISKOP: Teolog og professor ved Nord universitet, Idar Kjølsvik, prostiprest i bodø, Odd Eidner og tidlegare biskop i Sør-Hålogaland, Tor B. Jørgensen har alle tankar om kva dei ser etter i ein ny biskop.
Bjørnar Leknes/Privat/Xueqi Pang
I februar kunngjorde Ann-Helen Fjeldstad Jusnes at ho går av som biskop i Sør-Hålogaland til sommaren. Dermed er den lange prosessen med å finne arvtakaren hennar i gang.
Tidlegare denne veka opna bispedømet for at kven som helst kan sende inn namn på aktuelle kandidatar. Fristen for å koma med forslag er 26. mars.
I dei to førre rundane for å finne nye biskopar i Den norske kyrkja, nemleg i Bjørgvin og Hamar, kom det båe gongene inn over nitti ulike namn.