Desse skal vurdere leiarkulturen i Filadelfia Kristiansand
PINSERØRSLA: Filadelfia har bedt om ekstern hjelp etter at to pastorar har trekt seg. No er det klart kven som skal sjå på leiarkulturen i pinsekyrkjelyden.
KARTLEGGING: Sigmund T. Kristoffersen (t. v.), Mariane Borge Skakstad og Øivind Augland skal leie gruppa som har fått i oppdrag å kartleggje mellom anna leiarkulturen i Filadelfia Kristiansand etter at to pastorar har trekt seg.
Foto: Morten Marius Larsen/Unni Tobiassen Lie/Privat
Rett før jul blei det klart at Filadelfia Kristiansand skal få hjelp av Pinsebevegelsen sentralt til å kartleggje fleire forhold i kyrkja. Dette skjedde etter at to pastorar trakk seg frå leiinga i kyrkjelyden i midten av desember.
Dei har peika på utfordringar ved leiarkulturen, strukturen og leiingsforståinga i kyrkjelyden, ifylgje kyrkjelyden si nettside.
Gruppa som skal ta for seg desse utfordringane er no sett saman, og har byrja arbeidet.
Bestill abonnement her
KJØP