Kirke

Kyrkjer tilbyr drive-in-skriftemål

– Prestar må, som alle andre, vere kreative og tenke nytt, seier Corey Bassett-Tirrell, prest i Massachusetts, USA.

«Vi er tom for pommes frites, men tilgjeving er gratis», står det på eit skilt på ein parkeringsplass i Chelmsford, ein liten by i den amerikanske delstaten Massachusetts. På eit anna, står det: «Dagens – Frukost: skriftemål. Lunsj: skriftemål. Middag: skriftemål.»

Skriftar frå eigen bil

Stengde kyrkjer og heimekontor under koronakrisa, har fått mange kyrkjelydar verda rundt til å tenke nytt for å kunne nå ut til sine medlemmar.

Eitt av dei nye påfunna, er drive-in-skriftemål: Folk kan setje seg i bilen og køyre til presten, som sit klar på ein parkeringsplass. Deretter fortel dei det dei har på hjartet, med god avstand til presten, før dei køyrer vidare.

Heller dette enn kyrkja, meiner somme

– Eg høyrde 17 skriftemål. Det var 16 fleire enn veka før vi stengde kyrkja, fortel prest Corey Bassett-Tirrell til avisa The Boston Globe.

– To av dei som møtte opp sa til og med at dei ikkje hadde vore i kyrkja på lenge, men at dei tykte dette tilbodet var lettare å nytte enn å kome til sjølve kyrkja, fortel han.

Den nye trenden har spreidd seg til andre deler av USA, i tillegg til europeiske land.

In this Monday, April 6, 2020 photo, cars line up for confession, held in the parking lot due to the virus outbreak, at St. John the Evangelist Catholic Church in Chelmsford, Mass. After Massachusetts Gov. Charlie Baker issued an emergency order prohibiting most gatherings of over 10 people due to the coronavirus, the parish moved their confessional outdoors with drive-up service. (AP Photo/Charles Krupa)
Folk står i kø for å skrifte på parkeringsplassen til St. John the Evangelist Catholic Church i Chelmsford, Massachusetts. 

– Det som er viktig, er augneblinken

På ein parkeringsplass utanfor ei kyrkje i Warsawa, har prest Mateusz Kielarski høyrt mange skriftemål dei siste vekene. Han sit vanlegvis på ein liten stol, med ansiktsmaske på. Kielarski meiner det fungerer like greitt som i kyrkja.

– Det kan vere like diskret, der er nok avstand, seier han til avisa New York Post.

Deltakarane er nøgde:

– Det ser kanskje ut som ein drive-in hjå Mcdonalds, men det tenkte eg ikkje på under skriftemålet, seier Szymon (23).

– Det som er viktig, er augneblinken. Ikkje om det skjer i ei kyrkje, i naturen eller i ein bil, meiner han.

Inspirert av andre land

Også ei kyrkje i Frankrike har hive seg på den nye trenden. I Limoges, ein by sørvest i landet, har dei drive-in-skriftemål to timar kvar laurdag.

– Det kjennest godt å få ut det eg har på hjartet, samtidig som vi respekterer smittevernreglane, sa ein tenåringsgut til nettstaden Euronews.

LES OGSÅ:

Tror nettsatsing kan gjøre kirken mer liberal

Slik vert det når kyrkjene opnar

---

Fakta:

---

Les mer om mer disse temaene:

Anita Grønningsæter Digernes

Anita Grønningsæter Digernes

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kirke