Kirke

Kyrkjene kan opne frå 7. mai

Regjeringa kunngjorde torsdag at det vil bli tillat med arrangement for inntil 50 personar frå 7. mai.

– Eg er glad for at det blir mogleg for kyrkjelydar og trus- og livssynssamfunn å samlast igjen. Samtidig vil eg understreke kor viktig det er at trus- og livssynssamfunn har gode rutinar for å legge til rette for at samlingar og aktivitetar kan skje i tråd med råda med omsyn til smittevern, seier barne- og familieminister Kjell Ingof Ropstad i ei pressemelding.

Ropstad nemner spesielt råda om talet på deltakarar på maks 50, minst 1 meters avstand og god handhygiene. Statsråden oppfordrar også trus- og livssynssamfunn og organisasjonar til å samarbeide om smittevernrettleiing.

Bransjestandard klar

Den siste tida har KA Arbeidsgiverorganisasjon for kirkelige virksomheter, Kyrkjerådet, Bispemøtet og fellesråda samarbeidd om å lage ein bransjestandard for kyrkjeleg verksemd. Torsdag var forslaget klart og er blitt sendt til departementet.

– I forslaget står der ein god del om rollefordeling i lokalkyrkjene, og om praktiske reglar for smittevern, fortel direktør i Kyrkjerådet, Ingrid Vad Nilsen.

Retningslinjene er blitt delt med Samarbeidsrådet for trus- og livssynssamfunn og Norges kristne råd.

– Dei kan bruke det, så langt det er mogleg for dei. Den norske kyrkja har ein komplisert struktur, men dei kan bruke det dei treng frå våre retningslinjer, seier Vad Nilsen, som er veldig glad for at det no opnast gradvis for gudstenester og andre kyrkjelege handlingar.

Vil ikkje love kompensasjon

Erhard Hermansen, generalsekretær i Norge Kristne Råd (NKR), opplyser i ein e-post til Vårt Land at NKR har arbeidd med å ferdigstille ein smittevernleiar for kyrkjene dei siste dagane. Tysdag hadde Hermansen eit møte med Kjell Ingolf Ropstad, for å snakke om den økonomiske situasjonen for kyrkjene og diskutere korona-råd for gudstenester og aktivitetar for barn og unge.

NKR har torsdag sendt ei oversikt til departementet, med ei konkret skildring av den økonomiske situasjonen som mange kyrkjer står overfor. Oversikta viser mellom anna kva type inntekter som har falle bort og innan kva kategoriar omfanget er størst.

– I likskap med andre verksemder, er situasjonen for mange kyrkjer og organisasjonar alvorleg. Mange har måtta permittere tilsette og redusert eller stoppa drifta. Dei opplever bortfall av inntekter frå gåver og kollektar, utleige arrangement og bruktbutikkar, skriv Hermansen.

Barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad seier at han følgjer nøye med på den økonomiske situasjonen for trussamfunna og er oppteken av å finne løysingar. Foto: Joakim S. Enger

Ga ingen lovnadar

Hermansen seier at Ropstad lytta til innspel på møtet tysdag, men ga ingen konkrete lovnadar om økonomiske kompensasjon.

– Vi snakka om korleis covid-19 slår ut på inntekts- og utgiftssida for kyrkjene og organisasjonane. Vi ga innspel og drøfta kortsiktige og langsiktige tiltak som kan betre situasjonen, fortel Hermansen.

Det betyr veldig mykje for veldig mange at regjeringa no gradvis opnar for gudstenester, seier han.

– Til trass for at mange kyrkjer har klart å flytte gudstenester over på digitale plattformer, har det å kunne møtast vore eit sakn. Samtidig er det viktig for oss som kyrkje å sikre at det skjer på ein forsvarleg måte.

Ropstad er oppteken av å finne løysingar

Barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad seier at han følgjer nøye med på den økonomiske situasjonen for trussamfunna og er oppteken av å finne løysingar.

– Dette var eit sentralt tema på møtet med Norges Kristne Råd, og er også noko eg skal ta opp når eg møter leiarar i trus- og livssynssamfunn i Samarbeidsrådet for trus- og livssynssamfunn på måndag, seier Ropstad.

– Fellesskapa folk har i trus- og livssynssamfunna er ekstra viktig i møte med bekymringa og uvissa mange kjenner på no.

MEIR OM STENGDE KYRKJER:

• Marius Timman Mjaaland: «Hvorfor holder kirkene fortsatt stengt?»

• Hovedverneombudet svarer: «Prestene kan ikke ta ansvaret for smittevern»

• KA arbeider med retningslinjer for å kunne opne kyrkjene

---

Nye tilrådingar

  • Regjeringa kom med nye retningslinjer om kontaktreduksjon i samband med spreiing av koronaviruset, torsdag 30. april.
  • Kulturarrangement og andre arrangement med opptil 50 personar blir tillat frå 7. mai.
  • Det må vere mogleg å halde 1 meter avstand til personar som ikkje er frå same husstand.
  • Ein ansvarleg arrangør må stå bak arrangementet.
  • Personar med luftvegssymptom, personar i karantene og heimeisolering, skal ikkje delta.
  • Andre arrangement på offentleg stad, er framleis forbodne.
  • Kjelde: regjeringen.no

---

Enkelte av artiklene i Vårt Land er forbeholdt abonnenter. Vi jobber hver dag for å levere dagsaktuelle nyheter og god journalistikk. Bli abonnent og få tilgang til alt innholdet vårt. Er du allerede abonnent? Takk for at du støtter oss så vi kan fortsette å levere kvalitetsjournalistikk hver dag!

Annonse
Annonse

Mer fra: Kirke