Kirke

NMS vil ha ny generalsekretær – Huseby ikkje tilbode nytt åremål

Jeffrey Huseby blir ikkje tilbode ein ny periode som generalsekretær i NMS. Krevjande år og slitasje er bakgrunnen, ifølgje landsstyret i organisasjonen.

Det noverande åremålet til Huseby går ut i mars 2020. Det blir ikkje forlenga, seier NMS-styreleiar Helge Gaard.

– Landsstyret er takknemleg for den innsatsen Huseby har gjort i NMS. Han har vist stort pågangsmot, følgt opp dei vedtak landsstyret har fatta og vore med på å leie NMS vidare ei ønskt retning, opnar styreleiaren.

– Men etter krevjande år registrerer vi slitasje i organisasjonen, og til sjuande og sist er dette ansvaret til øvste leiar. Landsstyret må alltid setje omsynet til NMS først, og ønskjer ein ny generalsekretær som kan vere ein inspirasjons- og visjonsberar utover ein treårsperiode, held Gaard fram.

MER OM SAKEN: NMS-tillitsvalgt om Huseby-exit: – En overraskende beskjed

Kontroversielle eigedomssal

For det har vore tidvis tøffe tak i NMS i seinare år. Sal av ei rekkje misjonærbustader har har skapt enormt engasjement, medan omfattande nedbemanningsprosessar har ført til frustrasjon og motløyse blant tilsette og frivillige.

– NMS har stått i ein serie av krevjande, men naudsynte endringsprosessar i åra eg har vore generalsekretær. Særleg det siste året har det blåst på toppen av NMS, seier Huseby sjølv.

Han viser til sal av bygg i Oslo og nedbemanning i NMS Eiendommer og i NMS.

– Denne våre har eg derfor vore i tvil om eg har motivasjon til å halde fram, og på eit tidspunktet søkte eg ei stilling utanfor NMS. Når landsstyret meiner at det er behov for nye kostar, aksepterer eg det.

Huseby blei tilsett på eit seks års åremål i 2011 med mogleg forlenging i to treårsperiodar. No er det altså slutt etter éi forlenging.

LES OGSÅ: – Det er krisestemning i Misjonsselskapet

Var klar til å halde fram

Huseby omtalar åra i NMS som lærerike, men krevjande.

– Nokre har vore sterkt usamde i vedtak som er gjort og andre har vore kritiske til måten prosessane er blitt drivne fram på. Sjølv om eg konkluderte med at eg var klar til å ta på meg ein siste treårsperiode, forstår eg rasjonalet til landsstyret for å sleppe nye krefter til i rolla som generalsekretær.

NMS melder at rekrutteringsarbeidet startar over sommaren og at dei har eit mål om at ny generalsekretær skal vere på plass 1. april 2020.

Huseby går over i ei anna stilling innad i NMS. Ifølgje regelverket til NMS skal ein generalsekretær over 60 år bli tilbode ny stilling internt. Det er enn så lenge uklart kva rolle Huseby vil få.

LES MEIR: Generalsekretær: – Det er ikke lenger behov for misjonærhjem

Les mer om mer disse temaene:

Hans-Olav Rise

Hans-Olav Rise

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kirke