Kampen mot kyrkje-keisemda
Kvifor er det ikkje meir action i Jon Fosses litteratur? Kvifor er nekrologar så humørlause? Kvifor brukar ikkje standup-komikarar systematiske PowerPoint så vi kan ta notatar? Og kvifor er kyrkja kjedeleg?
– Når kyrkja ofte insisterer på ullen universalisme, der kristendom meir vert «kakepynt» enn kraft som stiller oss på val og forvandlar livet, dett folk fort av.
Kallestad, Gorm
«Kirka er for kjedelig» slo kommentator i Adresseavisen, Kari Hovde, nyleg fast. Bakgrunnen for denne knus-ande kommentaren er Hovdes traurige time på konfirmasjonsgudsteneste i «en kirke i trondheimsområdet».
Etter den keisame konfirmasjonen var det tid for å ta eit oppgjer, og på kommentarplass i Adressa trona påfølgjande måndag tittelen «Må kirka være så dørgende kjedelig?»
LES OGSÅ: Kommentator Kari Hovde gikk på konfirmasjonsgudstjeneste, og slaktet den i Adresseavisen. Så fikk hun en utfordring fra presten.
Bestill abonnement her
KJØP