Jonas og Anna vil ikkje ha barn. Dei kjenner seg kalla til noko anna
BARNLAUSE: Ekteparet har blitt fortalt at det er ei kristen plikt å få barn. Sjølve meiner dei at å ikkje ha barn gjev dei meir tid og krefter til å gjera ting Gud har lagt på hjartet deira. Som å plante ei pinsekyrkje.
SJØLVSAGT: – Ein tenkjer at det å få barn er det mest naturlege i verda. Men når me fann ut at ingen av oss hadde lyst til å få barn, spurte me oss sjølve om kva som var grunnen, fortel Jonas (31) og Anna (33) Egeberg Krogh.
Synne Folstad Moen
– Barnlaus. Det høyrest så brutalt ut.
Det er nesten som om Jonas Egeberg Krogh smakar på ordet, der han sit i lenestolen heime i stova si.
– Å vera barnlaus forbind ein med noko trist, meiner han.