Om dødshjelp skal vere lovleg er for tida oppe til vurdering i fleire politiske parti

Sjukehusprestar skjønar at somme folk med store lidingar ønskjer å døy, men trur det er viktig å gi døden tid

Jobben som sjukehusprest har endra synet ho har på dødshjelp

Publisert Sist oppdatert

– Eg trur det har endra meg å komme så tett på menneske med alvorleg sjukdom, som er truga av død eller store smerter. Eg syns det er vanskeleg å snakke veldig kategorisk for eller mot dødshjelp, seier Aud Irene Svartvasmo, sjukehusprest på Diakonhjemmet, til Vårt Land.

Sjukehusprestar er ofte tett på alvorleg sjuke folk i yrket sitt. Nokre av desse folka ønskjer å døy, men enn så lenge har dei ikkje moglegeheita til dødshjelp i Norge.

Ifølgje ei NRK-undersøking er om lag halvparten av den norske befolkninga no positiv til at ei form for dødshjelp skal legaliserast. Spørsmålet har også for alvor dukka opp i dei politiske partia. Framstegspartiet har sidan 2013 vore det einaste partiet på stortinget som er for dødshjelp, men nyleg bestemte Venstre at partiet skulle utrede om det bør vere lovleg å tilby assistert sjølvmord.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS