Jehovas vitne dømt til lange fengselsstraffar i Russland for å ha organisert «ekstremistiske aktivitetar»

TRUSFRIDOM: Tysdag denne veka blei tre menn og ei kvinne i Jehovas vitne dømt til fleireårige fengselsstraffar for deltaking i trussamfunnet. – Dei er samvitsfangar, tiltalt utelukkande for deira fredelege utøving av religions- og ytringsfridom, seier Amnesty sin Russland-ekspert.

Frå venstre: Rustam Diarov (48), Olga Ivanova (38), Yevgeniy Ivanov (44), og Sergey Klikunov (46) har fått lange fengslesstraffar i Russland for 'ekstremistiske aktivitetar'. Jehovas vitne blei stempla som ein ekstremistisk organisasjon i Russland i 2017.
FENGSLA: Rustam Diarov (48), Olga Ivanova (38), Yevgeniy Ivanov (44), og Sergey Klikunov (46) har fått lange fengslesstraffar i Russland for "ekstremistiske aktivitetar". Jehovas vitne blei stempla som ein ekstremistisk organisasjon og formelt oppløyst i Russland i 2017.
Publisert Sist oppdatert

– Situasjonen i Russland er noko som opptek og engasjerer Jehovas vitne i heile verda. Fleire av våre trusfeller i Noreg og elles skriv brev til dei som sit fengsla for si tru for å oppmuntre dei med tankar frå Guds ord Bibelen, skriv Fabian Fond i ein e-post til Vårt Land.

Fond er kommunikasjonssjef i det skandinaviske pressekontoret til Jehovas vitne.

Sidan trussamfunnet i 2017 blei stempla som ein ekstremistisk organisasjon av russisk høgsterett, har fleire av medlemmane blitt straffeforfølgde for deltakinga i trussamfunnet. Seinast tysdag denne veka blei tre menn og ei kvinne dømt til det Jehovas vitne sjølve seier er nokon av dei lengste og hardaste straffene til no.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP