Ho ønskjer seg eit samfunn som er meir oppteken av likeverd, ikkje likestilling
OPPVEKST: Psykolog og influensar Maria Abrahamsen er lei av at omsorgsarbeid i heimen ikkje blir verdsett i like stor grad som anna arbeid. Ho trur endring må til dersom norske kvinner skal ha lyst å føde fleire born.
GAP: Maria Abrahamsen skulle ønske at det fantest betre økonomiske støtteordningar i dei første to leveåra til eit barn. – No er det veldig ofte kvinnene som tar ulønna permisjon for å få det til å gå opp før barnet får barnehageplass. Det gapet der kan me ikkje ha, seier ho.
Foto: Adam Read
– Omsorg og det å vere tilgjengeleg og tilstades, særleg dei første leveåra til eit barn, det kan vere med å førebyggje psykiske lidingar for resten av livet. Om me ikkje klarer å lage eit samfunn der dette er mogleg, må me betale for det seinare.
Det seier psykolog og influensar Maria Abrahamsen over telefon til Vårt Land.
På sosiale medium har ho over hundre tusen følgjarar, og engasjerer seg mellom anna for kvinnehelse, fødselsomsorg og menneskerettar. Då ho på kvinnedagen 8. mars la ut eit innlegg på Instagram der ho skreiv om korleis samfunnet ikkje tar verdien av omsorg på alvor, fekk ho stor respons.