Har fått jobben tilbake etter mykje omtalt kyrkjekonflikt
ARENDAL: Kyrkjetenaren i Øyestad har fått tilbake jobben han mista etter ei mykje omtalt personalkonflikt. På eit tidspunkt blei alle ordinære gudstenester avlyst i kyrkja på grunn av konflikta.
KONFLIKT: I november 2023 mista kyrkjetenaren jobben i Øyestad kyrkje etter ei langvarig personalkonflikt.
Karl Ragnar Gjertsen/Wikimedia Commons
– Det har vore ei tøff tid, men no er eg så klart glad, seier Svend Solheim til Agderposten.
Avisa meldte tysdag at kyrkjetenaren i Øyestad kyrkje no har fått tilbake jobben han mista i november 2023 etter ei langvarig personalkonflikt.
Det skapte merksemd tidlegare i år då biskopen avlyste alle ordinære gudstenester i Øyestad gamle kyrkje i Arendal kommune på ubestemt tid frå nyttår av. Det var konflikten som var bakteppe for avlysingane.