Då Fanomezantsoa Martin Hagen kom til verda skulle foreldra leggje han ut for å døy

Men misjonær Laila Sivertsen tok han til seg

I påska i år møtte han dei biologiske foreldra att

– Eg forstår valget dei tok, seier Martin (26)

Guten som skulle døy

Publisert Sist oppdatert

Det er ein septemberdag i 1997 i Bevondro, sørvest på verdas fjerde største øy, Madagaskar. Det er varmt og tørt, og endå er det fleire månadar til ein kan håpe på noko særleg regn. Det kan gå meir enn eitt år mellom regnbyene i denne tørre, varme delen av den afrikanske øynasjonen.

Men det er ikkje kva som helst slags dag. Det er ein «vond dag». Det har den lokale trollmannen, eller spåmannen, sagt.

Det tryggaste å gjera er å halde seg mest mogleg i ro på ein slik dag. Utsetje reisa til slektningar i nærmaste by. Ikkje setje i gang med byggjeprosjektet du hadde planlagt.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS