Fortel om ekskludering av homofile: – Skadene er ekstreme
TEOLOGISTRID: Skam, utanforskap og tap av gudstru er blant konsekvensane artist Knut Anders Sørum har erfart som homofil i fleire karismatiske miljø. No håpar han kyrkjelydar vil løfte standpunkta sine opp i lyset.
SKAM: Vulgært, perverst, skittent og promiskuøst. I nittitalets karismatiske kristenkretsar var det slik homofili blei snakka om, opplevde Knut Anders Sørum.
Evelyn Pecori
Det har gått cirka 15 år sidan artist og komponist Knut Anders Sørum tok farvel med det karismatiske Kristen-Norge – miljø han sidan tenåra hadde sett på som sine eigne. Men det var éin ting som hindra han frå å høyre ordentleg til: Han er homofil. Sørum var velkommen på papiret, men ikkje akseptert, opplevde han.
Den gong makta han ikkje å kjempe for tenestene og tilhøyret han drøymte om. Sørum sleit nok med seg sjølv, og å få forholdet til Gud til å gå opp. Då han på måndag delte historia si om å vere homofil i pinserørsla på nittitalet, var det ein slags måte å bøte på kampen han aldri tok.
– Eg tenker på dei som veks opp no, at dei skal få andre sjansar enn det eg fekk. At dei skal sleppe å oppleve det same som eg, det å bere på den tunge skammen. For det trur eg ikkje er Guds vilje, fortel Sørum.