Fekk tilbake gåver på over 600.000 kroner frå Kanal 10

KRISTEN-TV: Per Ivar Birkeland kjente seg lurt av den kristne fjernsynskanalen og truga med å gå til politiet. No har han fått tilbake pengane han gav Kanal 10. Eigaren av kanalen seier dei må velje sine kampar.

Per Ivar Birkeland meinte kristne Kanal 10 sitt prosjekt var prisverdig, og støtta kanalen med store summar. – Eg kjenner meg svindla. Eg gav ikkje pengane for at eigaren si formue skulle vekse.
ANGRA: Per Ivar Birkeland meinte kristne Kanal 10 sitt prosjekt var prisverdig, og støtta kanalen med store summar. No har han fått tilbake pengane, etter å ha gått hardt ut mot det han meiner er uredeleg oppførsel frå kanalen.
Publisert Sist oppdatert

For ei tid tilbake skreiv Vårt Land om Per Ivar Birkeland som hadde gitt i overkant av 630.000 kroner til den kristne fjernsynskanalen Kanal 10, og følte seg lurt. Han vurderte å melde forholdet til politiet og å gå til rettslege skritt for å krevje pengane tilbake.

No har han fått tilbake alle pengane han gav til kanalen.

Birkeland seier føresetnaden for gåvene hans var at dei gjekk til TV-produksjon, men meiner dei i staden for har gått til å betale gjeld i eit privateigd selskap.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP