Facebook vil nå fleire religiøse - testar ny bønefunksjon

BE OM BØN: Ideen med å tilby bøneinnlegg på Facebook kom etter det blei registrert rekordstor aktivitet på det sosiale mediet under påska i fjor.

Facebook testar ny forbønsfunksjon
FORBØN: Facebook testar nå ut ein ny funksjon som let brukarar spørje om forbøn.
Publisert Sist oppdatert

Ein talsperson for Facebook bekreftar til Religion News Service (RNS) at dei er i ferd med å teste ein ny funksjon, der gruppeadministratorar kan gje medlemmane tilgang til å publisere eigne bøneinnlegg der ein spør om forbøn.

Andre medlemmar kan så trykke på ein knapp for å la innleggsforfattaren vita at dei har bedd for vedkomande eller bøneemnet deira. Ein kan også velje å kommentere innlegget, velje ein reaksjon eller sende ei privat melding.

Facebook har funne ut at truande er ein stor del av brukarane deira, og koronapandemien har ført til mykje av tenestene deira, også blant truande.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS