Den norske kirke

Ny bispekandidat i Bjørgvin: Har fått nok stemmer

DEN NORSKE KYRKJA: Kyrkjerådet har fått ei liste med 125 namn som stiller seg bak supplerande nominasjon av Kjersti Gautestad Norheim til biskop i Bjørgvin.

Førre veke blei det klart at mellom anna prest i Åsane i Bergen, Arne Mulen, ynskte å ta i bruk supplerande nominasjon til biskop-stillinga i Bjørgvin bispedøme.

Frå før var fem kandidatar nominerte av Bjørgvin bispedømmeråd til å bli deira nye biskop.

No opplyser Mulen at dei har fått nok stemmer på Kjersti Gautestad Norheim til å få ho som ein sjette kandidat. Han opplyser til Vårt Land at dei har levert ei liste med 125 namn som stiller seg bak nominasjonen til Kyrkjerådet.

– Me er glade for at vi klarte å samle så mykje støtte i god tid før fristen går ut. Alle prostia i bispedømmet er representerte på lista og eg opplever at det har vore eit breitt engasjement for å få henne etternominert, seier Mulen.

Norheim er i dag sokneprest Birkeland og Sædalen kyrkjelydar i Bergen.

– Veldig takksam og veldig motivert, svarar ho på kva ho kjenner på når ho får høyre at ho er ein av bispekandidatane.

– Også er det ikkje minst fantastisk å sjå eit slikt engasjement. Det seier noko om at det er mange i Bjørgvin som er engasjerte i kyrkja, og det er veldig bra, seier Norheim.

Stadfestar nominasjonen

Fristen for supplerande nominasjon til bispestillinga i Bjørgvin er 2. desember.

Minst hundre personar med stemmerett frå minimum tre forskjellige prosti kan gå saman om å stille kandidatar. Område utanfor bispedøme reknast i denne samanhengen som eitt prosti.

Øyvind Meling er seniorrådgjevar i Kyrkjerådet. Han stadfestar at nominasjonen av Norheim oppfyller krava.

Han fortel at høvet til å koma med supplerande nominasjonar fungerer som ein «sikkerheitsventil» dersom dei med stemmerett ikkje er nøgde med nominasjonane bispedømerådet har gjort.

– Dette kom på plass etter ei regelendring som gjorde at ein ikkje lenger kunne stemme på andre kandidatar enn dei som formelt var nominerte, fortel Meling.

---

Dei fem andre nominerte:

  • Stephanie Dietrich (56), professor ved VID
  • Sunniva Gylver (55), sokneprest i Fagerborg
  • Ragnhild Jepsen (53), domprost i Nidaros
  • Nils Terje Lunde (51), nestkommanderende i Forsvarets tros- og livssynskorps
  • Gudmund Waaler (59), domprost i Bjørgvin

---

Ikkje aktuelt før no

Norheim har blitt foreslått som bispekandidat før, men fram til no har ho takka nei:

– Det er fyrst no i Bjørgvin det har vore naturleg for meg å stå i ein slik prosess.

Norheim er frå Søgne i Kristiansand kommune, men har budd i Bergen i 12 år.

– Eg har blitt veldig glad i bispedømet, i folket her og i heile landsdelen, seier Norheim.

– Også er eg så klart veldig glad i heile kyrkja, legg ho til.

Arne Mulen la sterk vekt på Norheim som ein lokal kandidat då han fyrst fremma den supplerande nominasjonen av Norheim. Frå før er berre éin lokal kandidat blant dei fem nominerte, nemleg domprost i Bjørgvin, Gudmund Waaler.

– Eg er veldig imponert over at nokon er villig til å setje i gang eit slikt prosjekt, seier Norheim om Mulen sitt arbeid for å få ho nominert.

No er ho klar for å fortsetje i prosessen som éin av seks bispekandidatar.

Det er på Kyrkjerådsmøtet 9. — 10. februar at ny biskop i Bjørgvin blir tilsett.



Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Den norske kirke