Rundt 40 konfirmantar frå to kyrkjelydar var samla i Storhamar kyrkje laurdag kveld då det oppstod et basketak mellom ein prest og ein konfirmant. Det meldte Hamar Arbeidarblad fyrst.
Episoden skal ha skjedd etter at presten beslagla capsen til konfirmanten, for så å gje 14-åringen ei salmebok. Guten skal ha reagert med å slå denne ut av handa på presten, ifylgje avisa.
Prost i Ringsaker, Gerd Th. Christensen, seier til Vårt Land at denne skildringa i hovudsak stemmer, med at ho sjølv ikkje var der då det skjedde.
Hendinga fann stad i gangen utanfor kyrkjerommet, i forbindelse med ei kveldssamling på konfirmantleiren. Prosten summerer opp det heile slik:
– Ein prest overregarerte i møte med nokre konfirmantar og det heile enda i eit basketak med ein av dei.
Ho kallar det ei veldig beklageleg hending, og seier at dei tek situasjonen på alvor.
Kateket gjekk mellom
Basketaket enda med at ein kateket skilte presten og konfirmanten. Ingen skal ha blitt fysisk skada. Prosten meiner dei andre leiarane handterte situasjonen godt og korrekt. Dei meldte ifrå til henne og kyrkjeverje, sende presten heim og fylgte opp konfirmantane umiddelbart gjennom samtaler både enkeltvis og i grupper.
– Eg vil gjerne rose dei andre leiarane som tok ansvar og reagerte veldig ryddig i ein vanskeleg situasjon, seier prosten.
Dei fleste konfirmantane blei verande i kyrkja og fullførte leiren som varte til dagen etterpå.
[ Jødisk gutt krever 120 millioner etter pizza-straff ]
Tatt ut av teneste
Christensen fortel at presten er tatt ut av teneste inntil vidare, og at saka vil blir fylgt opp vidare etter rutiner for personalsaker. Prosten og bispedømekontoret vil bli involverte.
– Han er veldig lei seg for det som skjedde og har beklagar det heile veldig sterkt, seier ho om den aktuelle presten.
– Har denne presten lang erfaring med å jobbe med konfirmantar?
– Det er ein prest med erfaring, absolutt.

– Trur du foreldre kan bli skeptiske til å sende ungane sine på konfirmantleir når dei høyrer om ein slik episode?
– Eg håpar at det vil vera mogleg å fullføre konfirmantleiarar framleis, men det er nok viktig at det er med mange nok leiarar. Denne episoden var veldig uventa og kom overraskande på oss alle.
Det har også vore samtaler med guten som var involvert i basketaket og foreldra hans.
– Me har snakka gjennom det som skjedde, og me vil ha slike samtaler også med fleire av ungdommane som var involverte. Me skal sørgje for at dei blir fylgt opp, seier Christensen.
[ Espen var konfirmant sammen med kronprinsen. Så tok livet en tøff vending ]
Uakseptabelt
Leiren blei arrangert av KFUK-KFUM Innlandet. Dagleg leiar og leirsjef Hans Martin Vilberg, seier til NRK at han aldri har opplevd noko liknande før, og kallar episoden for uakseptabel.
Han seier at ungdommane som var der under hendinga reagerte veldig ulikt.
– Nokon grein. Ein blir jau litt sjokkert. Vårt fokus er å ta vare på konfirmantane og dei unge leiarane på leiren som er mellom 16 og 26 år.
Til Hamar Arbeidarblad seier presten at han ikkje vil kommentere saka, utover at han sterkt beklagar det som skjedde.