Blei valt til biskop etter 26 rundar: – Intenst og slitsamt
METODISTKYRKJA: Norden, Baltikum og Ukraina har fått ein norsk biskop. Dette vil han prioritere.
KØBENHAVN: Knut Refsdal blei valt til ny biskop for Norden, Baltikum og Ukraina på Metodistkyrkja sin sentralkonferanse i Danmark.
Karl Anders Ellingsen
– Nokre stikkord er utmatta, overvelda og takksam.
Det seier Knut Refsdal på spørsmål om korleis han har det fredag ettermiddag, kort tid etter han blei valt til ny biskop i Metodistkyrkja i Norden, Baltikum og Ukraina.
Og at han er utmatta er ikkje så rart. Heile 26 avstemmingsrundar tok det, før han fekk to tredjedels fleirtal som det krevst for å vinne avstemminga.
Bestill abonnement her
KJØP