Biskop: – Ikkje naturleg at presten er seremonileiar for ei livssynsnøytral gravferd

DEN NORSKE KYRKJA: Kyrkjerådsleiaren vil opne for ikkje-religiøse gravferder i kyrkjer. – Kyrkjebygg må få vera kyrkjebygg, seier biskop Stein Reinertsen.

Kirkemøtet 2022. Den norske kirke. Trondheim.
UNATURLEG: – Presten er forplikta på kyrkjas liturgiar og ordningar. Det er derfor ikkje naturleg at presten er seremonileiar for ei livsynsnøytral gravferd, seier biskop Stein Reinertsen.
Publisert Sist oppdatert

Førre veke tok ei fullsett Sagene kyrkje i Oslo farvel med Raudt-politikaren Reza Rezaee. Avskjeden skjedde gjennom ein såkalla «livssynsnøytral seremoni», skreiv Sagene Avis.

Det innebar ein seremoni utan kristen liturgi, leia av den lokale soknepresten, Knut Rygh, som hadde på seg mørk dress i staden for prestekjole og stola.

– Presten kjente den avdøde og var innstilt på å leie ein avskjed som ikkje var ei kristen gravferd. Derfor bar han heller ikkje presteklede, sa Marit Bunkholt, prost i Nordre Aker prosti i Oslo.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS