I over hundre år har Betelskipet reist langs kysten for å spreie evangeliet

– Folk gjekk mann av huse omtrent, så det var ganske fullt då Betelskipet kom, skildrar Gudrun Holgersen Undal (79)

Men dette er gamle minner. Dei siste åra har det sett mørkt ut for skipet

Men eldsjelene har fått nytt håp.

Betelskipet si lange historie står i fare for å synke

Publisert Sist oppdatert

Sola står høgt på himmelen og lyser opp dei fargerike sjøhusa på Kvitsøy i Rogaland ein sommardag i 1950-åra. Måsane seglar roleg på himmelen medan bygdefolket er på veg mot vågen.

Innover mot havet kjem eit lite skip med høgtalarar. Lyden av salmesong spreier seg utover båtane, nausta og folket. Blant dei er den vesle Gudrun Holgersen Undal på ti år.

Det er ikkje stort som hender her, så denne dagen er eit høgdepunkt.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS