6.007 barnesko foran Stortinget: Aksjonerer for Moria-barna

Ressursgruppa «Evakuer barna fra Moria» vil halde fram med aksjonar heilt til krava deira er oppfylte. – Regjeringa ønsker eigentleg ikkje å hente menneske frå leirane, seier SV.

I alt 6.007 barnesko blei plasserte ut på Eidsvolls plass framfor Stortinget.
Publisert Sist oppdatert

Spreidde utover Eidsvolls plass er 6.007 par med sko plassert i ein ring. Kvart skopar viser til eitt barn som sit faste i Moria-leiren i Hellas. Ressursgruppa «Evakuer barna fra Moria» står bak markeringa.

Markering foran Stortinget. Evakuer barna fra Moria nå. 6007 par barnesko på Eidsvolls plass. Ett par sko for hvert barn som er fanget i Moria.
Markering foran Stortinget. Evakuer barna fra Moria nå. 6007 par barnesko på Eidsvolls plass. Ett par sko for hvert barn som er fanget i Moria.

– Vi held fram markeringane fordi 6.007 barn framleis er fanga i flyktningleiren Moria under uverdige og farlege forhold, medan regjeringa kranglar om dei skal bidra i det felleseuropeiske løftet om å evakuere dei mest sårbare, seier intiativtakar Liv Karin Dahlstrøm.

Det bur i dag omkring 20.000 menneske i og kring Moria-leiren på Lesvos, ein leir som eigentleg var planlagt til å huse 3.000.

Overleverte krav til regjeringa

I sentrum av skoringen har initiativtakarane laga klar ei scene. Til scena overleverer dei ei liste med krav dei har sette til inviterte representantar frå høvesvis Høyre, Venstre og KrF, Hilde Barstad, Solveig Schytz og Torhild Bransdal.

Kravlista deira er som følger:

• Tydeleg forplikte seg til å bidra med å relokalisere dei mest sårbare menneska frå Moria og dei andre leirane i Hellas.

• Sette eit tal på barn som kan bli relokaliserte til Noreg, basert på kapasiteten og kompetansen i kommunen.

• Med ein gong setje i gang førebuingane for ei relokalisering, slik at prosessen kan starte så snart dei andre punkta er på plass.


Ressursgruppa «Evakuer barna fra Moria» overleverer kravlista deira til Hilde Barstad (H), Torhild Bransdal (KrF) og Solveig Schytz (V). Foto: Erlend Berge

Held fram kvoteflyktningar

Representant frå Høgre, Hilde Barstad, hyllar gruppa for engasjementet deira, men ønsker å understreke at det også finst andre menneske som treng hjelp.

– Vi har sagt som utgangspunkt at det er viktig for oss å halde fram fokuset på kvoteflyktningar. Der sit det også sårbare grupper, som har venta lenge på vern. Vi håper å få fortgang i det arbeidet, seier ho.

Videre seier ho at Noreg likevel har vore ein av dei landa som har gjort aller mest for menneska i flyktningleirane i Hellas.

– Vi har gjennom mange år gitt fleire hundre millionar kroner for å styrke Hellas og asylarbeidet deira, gjennom bidrag til personell og utstyr, seier ho.

Dei held fram med lovnaden om at Noreg skal kunne yte hjelp med relokalisering, så lenge andre land gjer det først.

– Sidan vi gjennom mange år vore ein av dei landa som har gjort aller mest, meiner vi at dei som har sagt at dei skal bidra, gjennomfører uttak først, seier ho.

LES OGSÅ: Et rop om hjelp fra Moria-leiren: Hvordan kan vi holde avstand når tusenvis venter på mat hver dag?

Markering foran Stortinget. Evakuer barna fra Moria nå. 6007 par barnesko på Eidsvolls plass. Ett par sko for hvert barn som er fanget i Moria.

Karin Andersen, SV
Karin Andersen og SV føreslår å hente 1500 menneske frå Moria-leiren.
Karin Andersen og SV føreslår å hente 1500 menneske frå Moria-leiren. Foto: Erlend Berge

Trenerer sitt eige vedtak

Nyleg blei regjeringa einige om at dei skulle vere med i dugnaden om å relokalisere menneske frå leirane i Hellas, men berre dersom 8-10 andre land handla først.

Karin Andersen frå SV ser det slik at regjeringa trenerer sitt eige vedtak.

– Dei verkar ikkje til å vere einige om korleis ein skal telje til ti ein gong. Eg er sikker på at dei ikkje ønsker å hente nokon frå Moria-leiren. Det er berre gjennom slike aksjonar som dette at ein kan påføre det presset som trengst, for at desse menneska får hjelpa dei sårt treng, seier ho.

Andersen meiner at det ikkje er slik ein må velje mellom anten kvoteflyktningar eller sårbare menneska i Moria-leiren.

– Dette treng ikkje stå i vegen for kvoteflyktningar. Vi i SV ønsker å ta imot 5.000 kvoteflyktningar og 1.500 frå Hellas. Det hadde Noreg klart, då det nesten ikkje er nokon som søker om asyl i Noreg i dag, seier ho.

Pengesummane frå Noreg til Hellas er oppskrytte, meiner SV.

– Høgre er særs opptekne av å vise til kor mykje pengar som er blitt sende til Hellas, men nesten halvparten av summane er jo blitt sende att, då Hellas ikkje har hatt høve for å bruke dei, seier ho.

I morgon vil det bli avgjort om Noreg skal ta del i FNs tryggleiksråd. Står handlingane til Noreg her i stil med korleis vi ønsker å bli oppfatta?

–Nei, det gjer ikkje det. Skal vi sitte i tryggleiksrådet bør vi høyre på FN når dei ber oss om kor mange kvoteflyktningar vi skal ta imot. Vi er eit land som er i stand til å oppfylle forpliktingane våre, fortel Andersen.

Venstre reagerer

Også Venstres innvandringspolitiske talsperson Solveig Schytz var tilstede på markeringa. Ho er glad for at ressursgruppa «Hent barna fra Moria nå» og ei rekke organisasjonar held trykket på saka oppe, fordi ho meiner det er naudsynt.
Samstudens reagerer ho på at Karin Andersen gjer uttrykk for at ho «er sikker på at regjeringa ikke ønsker å hente noen barn fra Moria-leiren».
– Norge bidreg med midlar til mellom anna å betre dei humanitære forholda og til å bygge opp mottakssenter og asyl-system i Hellas. Dette er svært viktig. Samstundes har regjeringa slått fast at Norge skal bidra saman med andre europeiske land til å hente ut sårbare barn og familiar frå flyktningeleiar i Hellas. Venstre og Krf jobbar i regjering for at dette skal kunne skje så snart som mogleg.

Etterlyser samla opposisjon

Vidara etterlyser ho ein samla opposisjon.
– Korkje Ap, Sp eller Raudt var til stades på markeringa i dag. Det illustrerer at opposisjonen ikkje greier å samle seg om løysingar. Ikkje eit einaste av forslaga frå opposisjonen i denne saka ville ha fått fleirtal i Stortinget. SV har like lite gjennomslag i opposisjon som da dei sat i den raudgrøne regjeringa.

Tomme ord

Ressursgruppa «Evakuer barna fra Moria» fortel at dei vil halde fram med aksjonane heilt til det blir fatta eit vedtak om ei konkret og tidfesta deltaking i å hente ut menneske frå Moria-leiren.

Kva synest de om vedtaket regjeringa har fatta til no?

– Det er ikkje anna enn tomme ord. Regjeringa brukar barna i Moria i eit skittent politisk spel. Det er ikkje Noreg verdig, meiner Liv Karin Dahlstrøm.

Det lukkast ikkje Vårt Land å kome i kontakt med KrF-representant Torhild Bransdal.

LES OGSÅ:

Berit Aalborg: Trenering av Moria-enighet

Desse 107 kommunane vil ta imot barn frå Moria-leiren

Fakta: