Stiftelsestilsynet varslar moglege sanksjonar mot Svein-Magne Pedersens stifting etter manglande rekneskapsrapportering. Det melder Dagen.
Den kjente helbredelsespredikanten er dagleg leiar for stiftinga Misjonen Jesus Leger. Dei har ikkje levert årsreknskapen for 2023 innan fristen, og har no for andre gong blitt åtvara om at dei må levere den same rekneskapen.
No risikerer stiftinga gebyr, å bli meldt til politiet og at styret blir sett av, ifylgje Dagen, som har fått innsyn i eit brev der dette kjem fram. Her blir det også gjort klart at manglande rekneskapsføring kan føre til fengselsstraff på opptil to år.
Stiftelsestilsynet skal ha sendt eit formelt varsel til organisasjonen, der dei får to veker på seg til å levere rekneskapen, før saka kan ende i rettsvesenet.
Til Dagen skriv Pedersen i ein e-post at rekneskapen er levert til revisor, og at det no blir gjort klart til levering.
Kontroversar
Dette er ikkje fyrste gong det er kontroversar knytt til Pedersen og hans virke. Også i 2019 skreiv Vårt Land om at Stiftingstilsynet hadde innvendingar mot stiftinga.
Då opna dei sak mot Misjonen Jesus Leger etter at VG avslørte at stiftinga hadde hatt millioninntekter på å selje bøn for sjuke gjennom telefon, og ved å samle inn pengar til ikkje-eksisterande naudhjelpsprosjekt.
I 2023 dukka ei liknande sak opp, då Dagen avdekte at Pedersen framleis bad om millionar til nødhjelp, men at berre nokre få prosent gjekk til formålet.