Kjøpt og velsigna

Oppover etasjane i Betania på Laksevåg er trappene fylt med folk på veg opp til eit lite, mørkt loft.

– Ventilasjonsrommet må også verte velsigna, ler fader Theodor.

Litt klumsete kjem presten saman med tre altergutar til på det trange loftet. Den yngste av dei går roleg og fokusert medan han held ei skål med heilag vatn som presten skvettar rundt med ein kost.

Hellige Jomfru Marias Bebudelse Ortodokse Menighet i Bergen feirer Krsti Dåp.

Lyden av ei syngande forsamling og ei stemning blanda av latter og alvor fyller det vesle rommet. Det er ein festdag for Hellige Jomfru Marias Bebudelse Ortodokse Kyrkje i Bergen. Dei feirer Kristi dåp, ei av dei eldste feiringane i Den ortodokse kyrkja.

No har dei velsigna bygget, som nyleg vart deira til odel og eige.

Nytt bygg og nye medlem

– Ja, her er litt av kvart, både og treningsstudio, ler presten Theodor Svane.

Utanfor har det lagt seg snø på det som kan likne ei vanleg blokk på Laksevåg. Men krossen på toppen og skiltet der det står Betania gjer at det skil seg ut. Bygget har ei lang historie og var tidlegare Indremisjonen sitt på Laksevåg. Dei siste åra har fleire ulike forsamlingar leigd lokala. Hellige Jomfru Marias Bebudelse Ortodokse kyrkje har vore ei av desse kyrkjene, men i desember endra dette seg. No har dei kjøpt bygget.

– Det skjedde kanskje litt tidlegare enn vi hadde planlagt, men det er jo Gud som legg planane. Eller, menneska kan planlegge, men Gud gjer som han vil, seier Svane med glimt i auget.

Hellige Jomfru Marias Bebudelse Ortodokse Menighet i Bergen feirer Krsti Dåp.

Presten meiner det ikkje er kva rom som helst dei tek over, og fortel at det var Indremisjonen sitt ønske at det skulle vere kristent arbeid på huset vidare.

– Når ein kjem i ei kyrkje så er rommet heilag. Det er eit stad der det har blitt bedt mykje.

No ser han fram til å kome på plass i bygget. I åra dei har leigd har dei rigga opp og ned alt som høyrer til gudstenesta. Dette tek tid, mellom anna fordi ikona og andre ting som er sentrale i gudstenesta er sett på som heilage, og difor må handterast på ein respektfull og spesifikk måte.

---

Om kyrkja

  • Hellige Jomfru Marias bebudelse ortodokse kyrkje vart formelt stifta i 2018, då dei fekk ein fastbuande prest
  • Har ei lengre historie i bergensområdet
  • Skil seg ut frå dei andre Ortodokse kyrkjene i Bergen ved at den vart stifta med Norsk som hovudspråk
  • Tilhøyrer Erkestiftet av Ortodokse Kyrkjer av Russisk Tradisjon i Vest-Europa. Erkestiftet har hovedsete i Paris.
  • Forsamlinga består av mange nasjonalitetar, både folk frå land med ortodoks bakgrunn og nordmenn som har konvertert
  • Kjøpte i desember Indremisjonen sine lokaler på Laksevåg i Bergen

---

– Er det på grunn av at de veks at de har kjøpt?

– Det vert jo mogleg ved at vi vert fleire, så det er jo ein samanheng.

Vekst og avstandsforelsking

Bakerst i kyrkjerommet står ein av kyrkjemedlemmane og forklarar kva som skjer til to menn som er her for første gong. Dette er ikkje ein uvanleg situasjon i kyrkja.

– Vi har nye her kvar einaste helg, fortel Svane.

Hellige Jomfru Marias Bebudelse Ortodokse Menighet i Bergen feirer Krsti Dåp.
Hellige Jomfru Marias Bebudelse Ortodokse Menighet i Bergen feirer Krsti Dåp.

Den ortodokse kyrkja vart første gong etablert i Noreg i 1931, men er av dei trussamfunna som veks raskast i landet. Dette skuldast innvandring frå ortodokse land, men Svane peikar også på andre grunnar.

– Eg vil tru vi er 75 prosent her som er fødd og oppvaksen i Noreg og som har konvertert.

Presten er sjølv ein av desse og konverterte då han var student i 20-årsalderen. Han skildrar ein lengsel etter tilhøyrsle og etter å leve eit kristent liv. Presten tek ein pause og prøvar å kome med ei kortfatta forklaring på kvifor han valde Den ortodokse kyrkja.

– Eg var avstandsforelska veldig lenge, som mange andre også kanskje er. Eg tenkte at eg kunne hente inspirasjon frå Den ortodokse kyrkja og teologien.

Hellige Jomfru Marias Bebudelse Ortodokse Menighet i Bergen feirer Krsti Dåp.

Men for Svane vart dette feil, og han kom til eit punkt der han tenkte at det ikkje gjekk an å halde på slik.

– Det som vart tunga på vektskåla, var at eg tenkte at dersom eg skal verte kristen, så må eg verte ortodoks, viss ikkje kjem eg ikkje til å klare det.

– Eg måtte kanskje verte ortodoks for å verte frelst, legg han til.

No ser presten fleire døme på det han sjølv opplevde.

Ser ei endring

Svane skildrar oppveksten som tverrkyrkjeleg og klassisk vestlandskristen. Han gjekk i det som då var statskyrkja, var innom på bedehuset og har vore på familieleirar med ungdom i oppdrag. Svane meiner at det dei siste åra har skjedd ei samfunnsendring.

– Det har skjedd eit skilje. Det er ikkje opplagt at det å vere norsk og å vere lutheranar er det same. Det er ein større openheit for ting som er annleis og ein større andeleg lengsel.

Hellige Jomfru Marias Bebudelse Ortodokse Menighet i Bergen feirer Krsti Dåp.

Svane fortel at for dei som har vakse opp i andre kristne samanhengar, kan det ortodokse verke framandt fordi dei er vand med andre måtar å praktisere trua på.

– Det er mange som kjem og seier «Eg har byrja å tru på Gud, kva gjer eg no?»

Presten forklarar at desse ofte stiller mykje meir grunnleggjande spørsmål som til dømes; kva er den opprinnelege kristendommen?

«Slappa» i trynet av Gud

– Oi, verkelegheita er jo kulare enn Ringenes herre!

Med eit stort smil om munnen fortel Tord Grytting (28) om kva som gjekk opp for han då han starta å tru. Han vart teke opp i forsamlinga i 2021, etter å ha gått i kyrkja og på katekumen-undervisning med fader Theodor i rundt eit år. Det var like etter ei oppleving han hugsar godt.

Hellige Jomfru Marias Bebudelse Ortodokse Menighet i Bergen feirer Krsti Dåp.

Ein dag i 2019 sat Grytting på sengekanten heime då ein tanke kom til han.

– Eg er jo ond!, tenkte han.

Tord ler litt når han skildrar augneblinken.

– Det høyrest jo heilt vanvittig ut for «moderne» øyre. «Hæ? Er han ond?»

Han presiserer at han ikkje meiner ondskapsfull, men at han innsåg at han satte seg sjølv før andre og at han ikkje elska nesten som seg sjølv.

Tord Grytting (28) fortel at etter ein har vore katekumen i eit år, kan ein bli tatt opp i kyrkja, men at det er presten som til sjuande og sist avgjer om du er klar.

– Eg innsåg det, og då kjente eg samstundes ei slags røyst, ikkje bokstaveleg talt, men eg følte meg kalla.

– Eg vart klaska i trynet på ein kjærleg måte, fortel han og legg til at han følte at noko sa til han at livet kunne vere fantastisk om ein levde for dei rundt seg.

Blodateist

Grytting vaks opp i ein heim der ein fulgte fleire kristne tradisjonar, men skildrar ikkje foreldra som praktiserande kristne. Sjølv tok han heilt avstand frå religion i tolvårsalderen.

– Då vart eg blodateist, faktisk.

Og det var han i heile ungdomslivet sitt og starten av sitt unge vaksne liv, fram til hendinga på sengekanten.

– Eg pleier å seie at alle dei riktige faktorane slo meg på ein og same tid. Både filosofisk overbevisning om Guds eksistens og moralsk overbevisning, og eg byrja å lese Bibelen på den tida.

Hellige Jomfru Marias Bebudelse Ortodokse Menighet i Bergen feirer Krsti Dåp.

Han fortel at han var oppteken av politikk og av å finne ut kva det gode samfunnet og det gode livet var.

– Det svaret eg var på utkikk etter var rett framfor snuta mi heile livet, og det var Jesus Kristus.

Den ortodokse kyrkja gav meining

Etter Grytting fann svaret han var på leit etter, fortel han om spørsmålet som fulgte; Kva gjer eg no som eg veit at Gud finst?

No starta jakten på eit fellesskap.

Hellige Jomfru Marias Bebudelse Ortodokse Menighet i Bergen feirer Krsti Dåp.

– Utgangspunktet mitt var Bibelen. Først så prøvde eg ei baptistkyrkje, men eg synst ikkje det hang heilt på greip i forhold til det som var intuisjonane mine.

Etterkvart oppdaga han ein ortodoks prest på Youtube med korte videoar som forklarte ting om den ortodokse læra.

– Eg synst at frelseslæra og alt berre ga meining for meg. Og utan tvil er den ortodokse kyrkja er den opprinnelege, uforandra kyrkja som Jesus Kristus grunnla på apostlane.

Heilagt vatn

Kyrkjelyden er tilbake i hovudsalen etter å ha vore med å velsigne bygget. Frå alteret kjem altergutane med lys nedover i salen. Bakerst går presten. No er det tid for å velsigne forsamlinga.

Store og små kjem fram til presten. Dei får ein skvett med vatn på seg og kysser ein kross fader Theodor held i handa.

Hellige Jomfru Marias Bebudelse Ortodokse Menighet i Bergen feirer Krsti Dåp.
Hellige Jomfru Marias Bebudelse Ortodokse Menighet i Bergen feirer Krsti Dåp.

– Det er ei feiring av skaparverket, at skaparverket er godt og at alt er gjeve av Gud og at ein kan velsigne det. Og at det er dei kristne si oppgåve å ta i mot alle ting med takk og velsigne det i den forstand at ein bringer det tilbake til Gud ved å velsigne det.

Gudstenesta inneheld mange element, og altergutane har mange oppgåver dei skal hugse.

– Målet er at eg ein dag skal verte ein av dei som kan lære opp andre altergutar.

Jonas (31) smiler og forklarar at dei to andre har meir erfaring enn han, sjølv om dei er betydeleg yngre.

Saman med Tord Grytting er han forstandar på studentheimen på huset. Og Jonas er også ein av konvertittane.

Hellige Jomfru Marias Bebudelse Ortodokse Menighet i Bergen feirer Krsti Dåp.

Frå ateist til altergut

Jonas fortel historia si med ein dialekt som er vanskeleg å høyre kor kjem frå. Noko av forklaringa er oppveksten som son av ein sjømannsprest.

Trass ein far som var prest, vart også Jonas ateist då han var ungdom, men i tjueåra fekk han eit ønske om å verte kristen igjen. Etter å ha lest seg opp på diverse argument for Gud, tok han eit val om å tru på Gud.

– Det hadde kanskje vore naturleg å byrje å gå i Den norske kyrkja igjen, men sida eg byrja å sjekke ut grunnen til forskjellige ting, så ville eg også finne ut kva dei ulike kyrkjene meinte og kvifor.

Jonas har vore aktiv i fleire ulike kyrkjemiljø sida han valde å tru, men fortel at han ikkje fann det han leita etter i dei andre kyrkjene.

Hellige Jomfru Marias Bebudelse Ortodokse Menighet i Bergen feirer Krsti Dåp.

– Eg følte eg fann fellesskap andre stader, men ikkje den teologiske djupna.

For han er det fysiske og estetiske aspektet viktig.

– Det at vi krossar oss og står, gjer at vi tilber med kroppane. Når vi syng, tilber vi med tankane og leppene. Med røykelse, representerer det bønene våre som går til himmelen, og vi engasjerer luktesansen.

– Vi er meir enn berre sjela, vi er kropp og sjel. Så det er noko meir enn til dømes i Den norske kyrkja, der opplevde eg at eg vart ein tilskuar til tilbeding av Gud. Her er ein deltakar.

Hellige Jomfru Marias Bebudelse Ortodokse Menighet i Bergen feirer Krsti Dåp.

Men trass vekst, er Den ortodokse kyrkja lita i Noreg, og det er få kyrkjer å velgje mellom samanlikna med andre kristne fellesskap.

– Men så kom fader Theodor til Bergen, takk Gud, og då forplikta eg meg.