Religion

Likestilte fram til syndefallet

TJUANDE SØNDAG I TREENIGHET: Det er tale om å vera ei redning og ein støttespelar, og ikkje handlangar eller tenar.

Då sa Herren Gud: «Det er ikkje godt for mennesket å vera åleine. Eg vil laga ein hjelpar av same slag.» Og Herren Gud forma alle dyra på marka og alle fuglane under himmelen av jord, og han førte dei til mennesket for å sjå kva det ville kalla dei. Det som mennesket kalla kvar levande skapning, det fekk han til namn. Mennesket gav namn til alt feet, til fuglane under himmelen og alle villdyra på marka. Men til seg sjølv fann mennesket ingen hjelpar av same slag.

Då lét Herren Gud ein djup søvn koma over mannen. Medan han sov, tok han eit sidebein og fylte att med kjøt. Av sidebeinet Herren Gud hadde teke frå mannen, bygde han ei kvinne, og han førte henne til mannen.

Då sa mannen:

«No er det bein av mine bein

og kjøt av mitt kjøt.

Ho skal kallast kvinne,

for av mannen er ho teken.»

Difor skal mannen skiljast frå far sin og mor si og halda fast ved kvinna si, og dei to skal vera éin kropp.

Begge var nakne, både mannen og kvinna, og dei skamma seg ikkje for kvarandre.

1 Mosebok 2,18–25

Tekstblikk: Likestilte fram til syndefallet

Ingunn Aadland, førsteamanuensis i Det gamle testamentet ved MF vitenskapelig høyskole

Ingunn Aadland

Tekstavsnittet høyrer til Edenforteljinga, ei forteljing om mennesket i Edens hage (1 Mos 2–3). Det avgrensa avsnittet kan seiast å vere ei kulturforteljing om ekteskapet ved at den forklarer og begrunnar foreininga av to menneske. Vi høyrer innskotet i forteljinga: «Difor skal mannen skiljast frå far sin og mor si (...)» (v. 24). Ordninga seier noko om at dei to ikkje berre skal bu saman, men også vera forbundne fysisk (v. 24).

Reint narrativt begynner det heile med ei stadfesting av at det ikkje er godt for mennesket å vera åleine (v. 18). Gud skapar difor dyr og fuglar. Men ingen av desse skapingane kan fylle rolla som menneskets like (v. 20). Så skaper Gud eit menneske til. Bein av Adams bein, kjøt av Adams kjøt.

I ekteskapets historie har vers 22 blitt oppfatta nærmast som ein vigsel: «han førte henne til mannen.» Også Jesus synest å tenkja at ekteskapet vert innstifta av Skaparen sjølv, og i ein diskusjon om skilsmisse, viser han til denne skriftstaden om at mannen skal halda fast ved kvinna si, og dei skal vera éin kropp (Matt 19,5).

Så har mang ein lesar spurt seg om forteljinga etablerer grunnlag for underordning, eller likestilling? Forteljinga har blitt brukt til å grunngje ulike syn på korleis menneske skal leve saman. Bibelselskapet omset: «Gud vil laga ein hjelpar av same slag.» (v. 18). Kva ligg i dette ordet, «hjelpar» (ezer)? Gud omtalast ofte som nettopp ei hjelp (Sal 70,6). Det er altså tale om å vera ei redning og ein støttespelar, og ikkje handlangar eller tenar. Dette sistnevnte forholdet finst derimot i omtalen av mennesket som skal arbeide og tene jorda (v. 15).

Det er likevel ikkje til å koma frå at det er Adam som gir namn: «Ho skal kallast kvinne, for av mannen er ho teken». Her er eit ordspel på hebraisk som ein ikkje får tak i på norsk: «Ho skal kallast ´isshah, for av ´ish er ho teken.» (v. 23).

Luther var oppteken av at dei to var likestilte i alt, men rett nok berre fram til syndefallet. Men fram til det, var dei begge nakne, og dei skamma seg ikkje. Alt var såre vel.

Prekenblikk: Hensynet til den svakeste part

Åste Dokka, teolog og kommentator i Vårt Land

Åste Dokka har nylig gitt ut boken "Leve vanskeligere".

Markus 10,2-9

Hvordan føles det å være skilt, frivillig eller ufrivillig enslig og høre dagens bibeltekster? Og hvordan har en person som blir mishandlet hjemme det i kirkebenken kommende søndag?

Disse momentene må ligge langt framme i pannebrasken på predikanten. Kanskje tilhører predikanten selv en av gruppene som ikke lever lykkelig sammen med en livspartner. Den erfaringen kan bli en ressurs i prekenarbeidet.

At det er godt å være to og at samfunnet er avhengig av at folk fortsetter å finne sammen, er åpenbart for de fleste. Det handler om at Guds skapervilje for oss er god. For kristne er det dermed ikke vanskelig å se at ekteskap og samliv grunnleggende sett er en gave fra Gud, på linje med god og næringsrik mat, fellesskap, helse og fredelig liv.

Men angir teksten et forbud mot skilsmisse? Det Jesus blir spurt om, er hvorvidt det er lov for en mann å skille seg fra sin kone. Det motsetter han seg. Grunnen synes åpenbar: En ektemann hadde forpliktet seg på å forsørge kone og barn, og kunne ikke vende ryggen til det.

Men Jesus sier ikke at en kvinne ikke kan skille seg fra sin mann.

Forholdene har forandret seg siden Jesu tid. De fleste kan forsørge seg selv, og det er ikke alltid slik at kvinner kommer dårligst ut når ting har gått skeis. Men hensynet til den som er den svakeste parten, fortsetter å være sentrum i kristen etikk, også når det gjelder samlivsspørsmål.

---

Bibelbetraktninger

  • Hver onsdag får du bibelbetraktninger for helga. De er skrevet ut fra søndagens tekster, hentet fra tekstrekkene som blant annet Den norske kirke bruker. Iblant er den gammeltestamentlige teksten i fokus.
  • Tekstblikket gir fagkunnskap om bibelteksten, og er skrevet av en bibelviter. Prekenblikket angir noen punkter til inspirasjon for forkynnelse over teksten.
  • Våre skribenter er: Ellen Aasland Reinertsen, Hans Johan Sagrusten, Hilde Brekke Møller, Marianne Bjelland Kartzow, Håkon Sunde Pedersen, Ole Jakob Filtvedt, Karl Olav Sandnes, Ingunn Aadland, Ingrid Brækken Melve, Lena Stordalen og Åste Dokka.

---

Åste Dokka

Åste Dokka

Åste Dokka er kommentator i Vårt Land. Hun er ordinert prest i Den norske kirke, forfatter og har en ph.d. i teologi. Hun kom til Vårt Land i 2017 og skriver om teologi, kirke, eksistens og kultur.

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Religion