Prinsesse Märtha og Durek er gift: – Gud var definitivt der

– Kvifor står det så mange her?

– Kva er det som skal skje?

Nysgjerrige cruise-turistar har hamna midt opp i den spente pressa som står på kaien i Geiranger.

– Prinsessa skal gifte seg her, og dei og alle gjestane kjem snart.

– No?

– Vi veit ikkje akkurat når.

Så kjem fleire svarte, blanke veteranbilar køyrande. Dei parkerer på ei rekkje. Ei ferje med jublande gjestar kjem mot kaien.

Fotografane pressar seg fram. I søkjaren får vi auge på paret. Dei er omringa av eit filmteam når dei går av båten og vinkar før dei seg i ein av dei flotte veteranbilane og vert køyrd av garde medan dei smiler og vinkar.

Prinsesse Märtha og Durek Verret gifter seg i Geiranger.

«Privat» bryllaup

Folk har halde tett.

Pressa veit lite om kva som skal skje.

Likevel er heile presse-Noreg er til stades, men mange klør seg i hovudet. Kva vil skje? Kven er gjestane? Kva får vi lov å vere med på?

Dette er det berre den engelske Tabloid-giganten Hello! Magazine og Netflix som veit. Brureparet har sagt at dei vil ha eit privat bryllaup, men Hello! og Netflix får dekke det heile.

Nokre få tidspunkt og stader er delt av presseansvarleg, og programmet for bryllaupet er delt på VG. Ein stad står det at pressa vil vere til stades: på den raude løparen før og etter vigselen.

Prinsesse Märtha og Durek Verret gifter seg i Geiranger.

Ei sval luft spreier seg rundt Hotell Union. Utanfor står ei blanda forsamling av folk med presse-bevis på armen, nokre står klare i bunad og flagg, andre med T-skjorter med kongelege. Politiet står og passar på på alle kantar.

Den raude løparen rullast ut og gjestane byrjar å kome.

Eit spirituelt bryllaup

– Her er det mykje energiar altså. Eg er ikkje så religiøs, men eg føler og kjenner på energiar.

Realityprofil og musikar Adrian Sellevoll står og poserer på den raude løparen i smoking, med flosshatt og skinande blanke sko før han skal sjå venane gifte seg.

Endeleg får vi nyss om kva som pregar det mystiske bryllaupet.

Prinsesse Märtha og Durek Verret gifter seg i Geiranger.

Min Mote er interessert i kleda til dei som er der, Vårt Land vil vete korleis det religiøse aspektet pregar det heile.

– Det er så mykje kjærleik og nydeleg energi og spiritualitet her.

Prinsesse Sarah Jane Culberson av Sierra Leone fortel at det er fantastisk og vere til stades i ein slik energi. Ho fortel at ho vaks opp kristen, men seier ho også er spirituell, noko ho meiner ho har til felles med Märtha Louise.

Prinsesse Märtha og Durek Verret gifter seg i Geiranger.

– Vi er veldig like, korleis vi vart oppdratt og korleis vi er no.

– Korleis vil du skildre bryllaupet?

Ho ler litt medan ho tenkjer.

– Kjærleg, fredfylt, aksepterande, forståingsfullt.

Prinsesse Märtha og Durek Verret gifter seg i Geiranger.

– Mix av moderne religion og gamle tradisjonar

I ein kjole som matchar det blågrøne landskapet i bakgrunnen står TV-personlegdommen og det spirituelle mediet Lilli Bendriss.

– Det er masse spirituelle menneske her, med forskjellige bakgrunnar av forskjellige religionar og trusretningar men over det heile er det ei kjærleikskraft.

Det er mikrofonar og kamera over alt og gjestane stoppar opp og deler. Det er enkelt å få folk til å snakke om det andelege aspektet i bryllaupet.

– Det var eit veldig spirituelt bryllaup. Det var ein nydeleg miks av moderne religion og gamle tradisjonar og alle moglege nydelege energiar, fortel Dave Asprey, ein av venene til paret.

Prinsesse Märtha og Durek Verret gifter seg i Geiranger.

Ein vigsel prega av Gud

Fleire av gjestane fortel at vigselen var prega av eit fokus på Gud. Det var sokneprest Margit Lovise Holte, ei veninne av Prinsessa som vigde paret og vigslinga skjedde etter liturgien i Den norske kyrkja.

– Gud var definitivt der.

Den amerikanske skodespelaren Gogo Lomo-David fortel at han trur på Gud og trekk fram Gospelkoret HIM som opptredde i bryllaupet og salmane. Han meiner paret sette fokus på Gud under vigselen.

Prinsesse Märtha og Durek Verret gifter seg i Geiranger.

– Du kunne verkeleg kjenne at dei elskar Gud, og at dei er i kontakt med sitt spirituelle sjølv. Det var definitivt sett, følt og høyrt.

Den raude løparen var prega av eksklusivitet og dyre kjolar, men også tradisjonsklede frå forskjellige kulturar.

– Å sjå eit par frå to forskjellige kulturar kome saman i kjærleik, det er verkeleg noko å sjå, fortel Gogo.

To kulturar som møtast

Blant gjestene strekkjer forståinga av gudsnærværet i seremonien seg frå eit tradisjonelt, kristent perspektiv til ei meir nyåndeleg tilnærming.

Fleire gjestar brukar store ord og fortel om ei kjærleikskraft som dominerer bryllaupet.

Sigvart Dagsland og Karoline Krüger var også til stades under vigslinga og opptredde. Dei vert stoppa av fleire journalistar og til slutt av Vårt Land. Dagsland fortel om eit inkluderande bryllaup.

– Det var eit fint møte mellom deira forskjellige kulturar.

Prinsesse Märtha og Durek Verret gifter seg i Geiranger.

Prinsesse Keisha Omilana og Prins Omoba Adekunle Adebayo Omilana kjem frå Nigeria og er praktiserande kristne. Dei meiner Gud er til stades og at det ikkje har så mykje å seie at folk kjem frå forskjellige religionar.

– Alle si tru er forskjellig, så uansett om ein er kristen, muslim eller noko anna, det gjer ikkje noko, så lenge ein kan vise kjærleik til kvarandre, fortel prinsen.

Prinsessa seier at det er tydeleg at dei 350 gjestane er handplukka.

– Kjenslene i alle arrangementa er ekte kjærleik, ekte venskap og viktigast av alt; tillit.

Men brudeparet har ikkje tillit til alle.

Prinsesse Märtha og Durek Verret gifter seg i Geiranger.

Prinsessebryllaup eller pressebryllaup?

På den raude løparen var nemleg ikkje brudeparet å sjå. Dei gøymde seg bak store laken før dei vart frakta i bilar med sota vindauge opp til Vinjepollen der dei skulle vigslast. Heller ikkje etter vigselen synte dei seg for pressa med det første.

Med politi på alle sider, stå pressa tett saman på små, avgrensa område, medan Hello! Magazine og eit Netflix-team vandra fritt.

– Kva skjer no?

– Skal dei vise seg?

– Det vil vere lurt av dei.

Nokre timar går der pressa ikkje veit når eller om brudeparet i det heile teken vil vise seg.

Prinsesse Märtha og Durek Verret gifter seg i Geiranger.

Ei melding tikkar inn frå presseansvarleg; brudeparet vil syne seg klokka 18.15.

Pressa ventar spent. Med kamera, mobil og opptakar klar.

Kor vil dei kome? Nede ved vegen? Oppe ved hotellinngangen?

Eit sirkus for Netflix

Ein raud løpar rullast ut og fleire politifolk samlar seg på nedsida av hotellet.

Pressa følgjer etter. Det er stille og spenninga er til å ta og føle på.

Og med eitt står dei på balkongen rett bak og vinkar før dei kjem ned på raud løpar. Dei går sakte og smiler og vinkar. Journalistar og fotografar kjem tettare og tettare på.

Prinsesse Märtha og Durek Verret gifter seg i Geiranger.

Det er spisse olbogar og nesten ingen held seg innanfor områda der dei skal. Underteikna står på huk og vert skubba frå alle kantar medan brudeparet nesten går på ho. På eit tidspunkt er det umogleg å kome seg opp.

Det er fullt kaos.

Paret fortel at det kjennest fantastisk å vere gift, men dei er ikkje berre nøgde.

– Eg elskar Noreg, men ikkje den norske pressa, seier Durek på eit tidspunkt.

Fotografar og journalistar går tett rundt dei i ein ring medan paret helsar på dei lokale.

Igjen står Vårt Land tett oppi paret. Ein fotograf dyttar kameraet til underteikna vekk for å sikre seg dei beste bileta.

Prinsesse Märtha og Durek Verret gifter seg i Geiranger.

– Kan pressa flytte seg, så eg kan helse på dei? spør Märtha.

Netflix-teamet følgjer det heile. For dei ser det ut som eit stort sirkus. For pressa kjennest det heile konstruert.

Så stoppar politiet pressa. Märtha og Durek står på trappa til hotellet og vinkar før dei gir kvarandre eit kyss.

Så forsvinn dei inn på festen. Og pressa står igjen på utsida.