Den norske kyrkja (DNK) ser raude tal etter ein pensjons- og lønnssmell.
I 2023 gjekk folkekyrkja (det såkalla rettssubjektet) med 70 millionar kroner i minus.
No må kyrkjesamfunnet hente seg inn – og eitt av grepa er kutt i administrasjonen i Kyrkjerådet, DNK sitt sentrale organ. Der har dei 118 årsverk tilsett.
I løpet av to år planlegger Kyrkjerådet å vere åtte årsverk færre.
– I sekretariatet vil vi klare å gjennomføre denne innsparinga ved naturleg avgang. Nokon finn seg anna arbeid og andre går av med pensjon. Ingen kjem til å bli sagt opp, seier administrasjonsdirektør Jan Rune Fagermoen.
At dei 118 blir til 110 vil merkast, meiner direktøren.
– Det seier seg sjølv at når folk blir borte og ingen nye blir tilsette, så blir vi nødt til å gjere tøffe prioriteringar. Ein del ting vil måtte skje saktare, eller prioriterast bort, rett og slett.
---
Dramatisk DNK-økonomi
- I år, altså 2024, skal Kyrkjerådet kutte 18 millionar kroner i sitt eige budsjett.
- Sjølv då går DNK over 42,8 millionar kroner i minus, ifølge eit vedtak frå Kyrkjerådet.
- Dei neste to åra forsvinn åtte årsverk frå Kyrkjerådet sitt sekretariat.
- Også 11 årsverk blir borte frå bispedømmeråda dei neste åra.
- Grunnen? Auka pensjonskostnadar (opp mot 100 millionar dyrare) og lønnskostnaden til prestane som har auka meir enn statstilskotet.
- Dessutan varslar fleire politiske parti at finansieringa i framtida bør sjåast på.
- Over statsbudsjettet fekk Den norske kyrkja over 2,5 milliardar kroner i år.
---
Her går (nokre av) pengane
Slik ser lønnskostnadane knytt til Kyrkjerådet sine avdelingar ut for budsjettåret 2024:
- Direktør med stab:
- Fem årsverk
- 4,6 millionar kroner
- Avdeling for samisk kyrkjeliv:
- Seks årsverk
- 3,8 millionar kroner
- Bispemøtet sitt sekretariat:
- Fem årsverk
- 4,8 millionar kroner
- Avdeling for kommunikasjon og samfunnskontakt:
- Ni årsverk
- 6,1 millionar kroner
- Avdeling for organisasjonsutvikling:
- Tre årsverk
- 3,1 millionar
- Juridisk avdeling:
- Åtte årsverk
- 5,9 millionar kroner
- Avdeling for HR:
- Seks årsverk
- 4,6 millionar kroner
- Avdeling for økonomi og virksomhetsstyring:
- 30 årsverk
- 22,4 millionar kroner
- Avdeling for kirkefag og økumenikk:
- 28 årsverk
- 17,1 millionar kroner
- Avdeling for administrasjon:
- 18 årsverk
- 11,8 millionar kroner
Med andre ord: Det går 84,2 millionar kroner i brutto lønn til dei tilsette i Kyrkjerådet.
80 av desse sit på kontor i Oslo. Resten sit ved bispedømmekontora over heile landet.
Esa ut etter skilsmissen
Når vi spør administrasjonsdirektøren kva funksjon dette sekretariatet på 118 personar har for DNK, kjem svaret i fleire kategoriar.
– Vi må kunne seie at vi er ei mangefassettert verksemd, seier Fagermoen.
– Vi greier ut og førebur saker for Kyrkjemøtet og Kyrkjerådet, og gjennomfører vedtaka som blir fatta der.
Han listar opp vidare:
Kyrkjerådet er dessutan arbeidsgivar for 1600 personar og omset for 2,5 milliardar kroner. Dei har forvaltningsoppgåver på vegne av Den norske kyrkja, for eksempel å gi tillatingar og godkjenningar. Kyrkjerådet utviklar og driv digitale løysingar, også for dei lokale delene av kyrkja.
– Den norske kyrkja har òg fått eit særleg ansvar for samisk kyrkjeliv. Samisk kyrkjeråd ligg hos oss.
Kulturminner, Bispemøtet, eigedom, personvern, HR – og så vidare.
Då DNK blei skild frå staten i 2017, hadde kyrkja fram til då fått mange av desse oppgåvene levert frå det statlege byråkratiet.
Så stod dei på eigne bein. Dei siste sju åra har derfor ein del nye stillingar og avdelingar kome til, forklarar Fagermoen.
– Kan ikkje berre bli borte
Oppgåvene som blir igjen etter dei som forsvinn ut, fell på dei som allereie jobbar i Kyrkjerådet, bekreftar administrasjonsdirektøren.
– I budsjettprosessane framover må vi prioritere det som verkeleg er viktig. Vi må skilje bort det som eventuelt berre er hyggeleg.
– Det vil stimulere til at vi får generalistar kanskje heller enn spesialistar. Vi må kunne handtere eit stadig større mangfald av oppgåver.
– I den økonomiske situasjonen DNK finn seg i no, kva trur du om Kyrkjerådet si framtid? Med tanke på storleiken, funksjonane og så vidare?
– No set vi tæring etter næring. Det synest eg vi viser for inneverande budsjettår. Oppgåvene må løysast der dei blir gjort best.
– Nokre gonger er lokal tilknyting det viktige, andre gonger blir volumoppgåver gjort best for alle ein plass.
Viss, eller når, det kjem kutt i framtida, er det framleis vanskeleg å seie om det er det sentrale Kyrkjerådet som blir styrka, eller om det er der kutta kjem.
– Mykje av det vi gjer, må gjerast av nokon. Det er ikkje slik at dei funksjonane berre kan bli borte.
– Kva får DNK igjen for byråkratiet?
– Litt tabloid vil eg seie at DNK får kostnadseffektive fellesløysingar. Og nokre oppgåver må vi gjere enten dei er effektive eller ikkje. Den viktigste verdien vi tilbyr lokalkyrkja er det vi leverer av fellesløysingar.