Kyrkjerådet har tilsett Ole Edvard Wold-Reitan (58) som ny direktør. Han blir dermed den øvste, administrative leiaren i Den norske kyrkja, og får personalansvar for dei om lag hundre personane i sekretariatet til Kyrkjerådet.
Wold-Reitan kjem frå stillinga som stiftsdirektør i Oslo bispedøme, og har bakgrunn frå kultursektoren og Det kongelege hoff. Han har utdanning innan jus og leiing.
Då Vårt Land slår på tråden er det berre ein knapp halvtime sidan Wold-Reitan sjølv fekk beskjeden. Likevel er han alt på veg ut dørene for å køyre til Asker for å møte Kyrkjerådet som er samla der.
– Eg er veldig takksam og det kjennest som ei stor tillitsærklæring. Dette er veldig inspirerande for å kunne halde fram med å gjera ein innsats for denne vakre kyrkja vår. Det er ein stor dag for meg, seier den ferske direktøren.
Blir pensjonist
Noverande direktør er Ingrid Vad Nielsen, som har hatt stillinga sidan 2018. Ho skal ha sin siste arbeidsdag 31. juli
Fire kvinner og seks menn søkte på stillinga.
Dette er veldig inspirerande for å kunne halde fram med å gjera ein innsats for denne vakre kyrkja vår
— Ole Edvard Wold-Reitan
Massiv mediemerksemd
Wold-Reitan har tidlegare mellom anna jobba ti år i Kirkelig Kulturverksted og ti år ved Det kongelege hoff.
Fleire medie har skrive at Wold-Reitan har vore ein nær venn av kronprinsparet og prinsesse Märtha Louise.
Det fekk massiv mediemerksemd då kronprinsesse Mette-Marit i 2012 reiste til India for å ta seg av dei nyfødte tvillingane hans som var født ved surrogati. Dette fordi Wold-Reitan og ektemannen fekk visumproblem.
– For meg handla dette om to nyfødte barn som låg aleine på eit sykehus i Dehli. Eg var den som kunne reise. For meg var det viktig å bidra med det eg kunne gjera, sa kronprinsessa på nettsida til hoffet.
Wold Reitan ynskjer ikkje å svare på spørsmål kring kronprinsessa eller korleis han opplevde mediemerksemda den gongen.
---
Kyrkjerådet
- Kyrkjerådet leier arbeidet til kyrkja på nasjonalt nivå. Dei førebur saker til Kyrkjemøtet og set i verk vedtak derfrå.
- Kyrkjerådet fungerer også som styret til kyrkja.
- Rådet har 17 medlemmar, og dei har vanlegvis 9 møte i året.
- Om lag hundre personar jobbar i sekretariatet til Kyrkjerådet. Dei er fordelt på åtte avdelingar og ni seksjonar. Sekretariatet blir leia av kyrkjerådsdirektøren.
---
Han har stor gjennomføringsevne og framstår som ein tillitskapande relasjonsbyggjar
— Harald Hegstad, kyrkjerådsleiar
Utskiftingar
Det har vore mange utskiftingar i toppen på Den norske kyrkja den siste tida. I april møttest Kyrkjemøtet som blei valt inn i kyrkjevalet i fjor haust for fyrste gong, og her valte ein også nytt Kyrkjeråd.
Harald Hegstad blei ny kyrkjerådsleiar, og det er på det nye rådet sitt fyrste møte at tilsetjinga av ny kyrkjerådsdirektør skjedde.
Hegstad er nøgd med den nye tilsetjinga.
– Wold-Reitan er med sin kompetanse, bakgrunn og erfaring rett person som direktør i Kyrkjerådet. Dei siste åra som stiftsdirektør har gjeve han god kjennskap og forståing for Den norske kyrkja. Han har stor gjennomføringsevne og framstår som ein tillitskapande relasjonsbyggjar, seier han i pressemeldinga.
Wold-Reitan byrjar i den nye jobben i løpet av august.